Årsmelding 2013

Årsmelding for Ørsta Sogelag 2013

Styret i Ørsta Sogelag i 2013 var konstituert slik: Anne-Mari Øyehaug (attvald som leiar på årsmøtet), Turid Karlsbakk (nestleiar), Kåre Opsahl (kasserar), Johanne Engeseth (styrerepr.) og Bjørn Krøvel (skrivar). Varafolk i styret var Finn Ørstavik og Kirsti Hansejordet. Revisorar for laget var Kari Dragsund og Terje Sunde. Valnemnd var Olaug Henøen Solhaug,  Kirsti Hansejordet og Hans K. Øye. Eli Lannerholm og Kåre Opsahl representerte sogelaget i skriftsstyret for Ørstaminne. Ørsta Sogelag sine representantar i styret for Mellestiftelsen var Mona Ryste og Bjørn Winjevoll, båe valde for 4 år på årsmøtet i 2010. Vararepr. i dette styret var Elling Dybdal.

I 2013 vart det i Ørsta Sogelag halde 6 styremøte og 5 medlemsmøte inkl. årsmøte, fellesmøte, vårmøte, haustmøte og julemøte i Peisestova på Møre Folkehøgskule, alle med fagleg program. I tillegg vart det arrangert to fellesturar (Nordfjordeid og Severinbrauta).

Styremøta til Ørsta Sogelag vart haldne i heimen til leiar Anne-Mari Øyehaug. Tema på møta var drøfting og klargjering av mottekne saker, planlegging og førebuing av medlemsmøte og fellesturar – og m.a. fordeling av oppgåver og ansvar internt i styret.  Leiar, kasserar og sekretær i Ørsta Sogelag har saman med representantar for sogelaga i Follestaddal og Hovdebygda teke del i samarbeidsmøte med politikar- og organisasjons-representantar og leiar på Ørsta Næringskontor for å sikre finansieringa av vidare skriving av Nærings- og kultursoga i Ørsta, bind 2. Etter mykje arbeid fekk gruppa tilsegn frå næringslivet på ca. 1/2 mill. kr, men utan tilsvarande støtte frå kommunen nådde ein i 2013 ikkje fram til målet om å  sikre framhald i skrivinga. Heller ikkje ved den siste budsjetthandsaminga i kommunestyret (des. 2013/jan. 2014) lukkast det politikarane å semjast om slik støtte. Elles har «Fontene-saka» på ny vorte handsama i styremøte i laget etter eit innspel frå Vegvesenet på Molde som kan ha positiv verknad på framdrifta, t.d. med framskaffing av steinmateriale (frå ei løde ved E-39 på Rystelandet), riving av Røed-huset, bygging av busshaldeplass og samtidig bygging fonteneplass nedanfor. Ørsta Sogelag har i eige skriv støtta initiativet.

Årsmøte i Ørsta Sogelag 2013. Årsmøtet vart halde 25. febr. 2013 kl. 19.00 i Peisestova på Møre Folkehøgskule. (37 frammøtte). Leiaren Anne-Mari Øyehaug ønskte vel møtt til alle og spesielt til foredragshaldar Valbjørg Hustadnes. Kasserar las opp  Årsmelding 2012 (for skrivar) og la fram Rekneskap 2012 som møtet godkjende. Olaug Henøen Solhaug   presenterte nemnda si innstilling til styre i Ørsta Sogelag for 2013. I samsvar med innstillinga valde årsmøtet Anne-Mari Øyehaug som leiar. Elling Henøen og Bjørn Krøvel stod på val, men førstnemnde hadde sagt frå seg gjenval. Kåre Opsahl og Johanne Engeset stod ikkje på val. Det vart attval på Bjørn Krøvel, og nytt styremedlem for Elling Henøen vart Turid Karlsbakk. Varafolk i styret vart Finn Ørstavik og Kirsti Hansejordet. Det vart attval av revisorane Kari Dragsund og Terje Sunde. Valnemnda vart sett saman slik: Hilde Rebbestad og Dagfinn Nupen.

«Levekår på Sunnmøre i krig og naudsår». Hovudposten på årsmøtet stod Valborg Hustadnes for. Ho fortalde om levekår på Sunnmøre i krig og naudsår som også tittelen på ei boka ho gav ut i august 2012. I mange år har ho samla stoff som handlar om krigsårsåra 1940-45, og boka er skriven på grunnlag av både munnlege kjelder, personintervju, avisutklipp og skrivne minne. Valborg fortalde interessant om motstandskampen under krigen, om dei mange som våga livet for fridom og fedreland også her på Sunnmøre. Spionasjen mot okkupantane sine forsvarsverk i området, t.d. ute ved havet rundt Stad, var svært risikofullt. Tyskarane lova dødsstraff for denne verksemda, men mange gjorde det likevel. Andre spreidde illegale aviser, smugla våpen og hjelpte rømlingar. Valborg fortalde også korleis det under krigen var mangel på alt, særleg klede og mat. Skikkelig mjøl var det uråd å få tak i. Berre dei som hadde sjuke eller små barn i hushaldet, fekk kjøpe litt kveitemjøl. Andre måtte klare seg med det dårlige krisemjølet, og det var først og fremst poteter som vart redninga for mange familiar. I dei verste hungersåra levde folk berre av det dei kunne finne i naturen. Til og med bork, røter, knoppar og frø måtte dei bruke når nauda var stor. Kvar dag måtte husdyra, som gav svært verdfull mjølk, kjøt og ull etc., også ha mat. Til og med sivet ute på myrane vart brukt til høy, og ekstra fór skaffa dei m.a. ved å skjære bregne, lyng, og kvister og blad av fleire sortar lauvtre. I det heile hadde mange familiar store utfordringar med å overleve i dei harde krigs- og naudsåra. I dag er det vanskeleg å setje seg inn i denne situasjonen. Informasjon, kunnskap og innsikt i desse tilhøva har me, i høve generasjonane etter oss, ikkje lov til å gløyme. Elles vart det på årsmøtet servert kaffi/te og gode kaker, og fire medlemer frå Internasjonal folkedansargruppe i Volda-Ørsta synte fram vakker dans frå Balkan.   

Ørsta Sogelag sitt vårmøte. Leiar Anne-Mari Øyehaug ønskte vel møtt til vårmøtet 15. april 2013 og ønskte spesielt vel møtt til foredragshaldar Gunnar Ellingsen og musikar Pål Foldal Aam. ( 45 frammøtte). Gunnar Ellingsen stod for hovudposten og serverte gode smakebitar frå nærings- og kultursoga for Ørsta slik berre han kan. Denne gongen stod den lokale bospolitikken i mellom- og etterkrigstida i fokus. Arbeidet med renovasjonen i gamle Ørsta var t.d. ein langsam og lite målretta prosess, og frå tidleg 1930-talet varte han i over 20 år. Det eine utvalet etter det andre kom med uttalar og tilrådingar i saka, og kommunen gjorde kontinuerlege vedtak som ikkje førde til spesielt gode ordningar. Ifølgje den lokale pressa var dette ei tid då rottene på den mellombelse bosplassen på Mork skulle ha vore «store som små kviger», og då politikarane i fullt alvor diskuterte om den rette kommunale plassen for Ørsta-boset t.d. burde liggje i Grepafjøra der småbåthamna ligg i dag – eller til og med ved Rossåbrua.  Politikar Ivar Aasen ville m.a. betale for å få boset dumpa i Åsen i Hovdebygda. I svært mange omgangar diskuterte dei folkevalde eit titals lokaliseringsstader, inntil dei til slutt fann ei slags ordning ute på Digernes. Elles vart det på vårmøtet servert kaffi/te og kaker – og fleire svært fine musikalska innslag v/gitarist Pål Foldal Aam. Leiaren orienterte om sogelaget sin planlagde sommartur til Nordfjordeid og det populære spelet «Elskhug og eksersis».

Ørsta Sogelag sin sommartur til sogespel og musikal på Nordfjordeid. Sommarturen til Ørsta Sogelag 2013 gjekk til den gamle eksisplassen på Nordfjordeid søndag 23. juni. (15 deltakarar).  Saman fekk me her oppleve det vakre historiske lystspelet «Elskhug og eksis». Handlinga var lagt til 17. mai 1885 og hadde ei autentisk historisk forankring både i livet ved eksisplassen og i bygdemiljøet. Dette var ei spanande tid i Noreg, også forsvarspolitisk sidan frigjeringa i 1905 berre var 10 år fram i tid, og både personlege, lokale og nasjonale spenningar var ein raud tråd gjennom stykket. Den militære øvingsplassen på Eid vart grunnlagt på garden Osnes i 1649 på nordsida av Eidselva frå elvemunningen og austover og er såleis den eldste i landet av sitt slag. Mesteparten av garden vart lagt ut til eksersisplass og vart på folkemunne berre kalla «Plassen». Kongeleg skriv frå 1705 slår fast at tre kompani skulle samlast til bataljonsøving på Nordfjordeid kvart år, 14 dagar i juni, og i over 200 år sette desse store soldatsamlingane sitt preg på den vesle bygda. Plassen vart m.a. hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 (IR 10) heilt fram til 1930 då Nordfjord Bataljon vart lagt under Bømoen på Voss. Også ungdomar frå Sunnmøre og Ørsta vart kalla inn til teneste på eksisplassen på Eid. Fleire i Ørsta i dag har t.d. besteforeldre og oldeforeldre som gjekk inn til Eid kvar sumar og tok del i den viktige eksisen, t.d. ved slutten av unionstida med Sverige. I stordomstida for militærvesenet på Eid grodde det opp fleire handel- og handverksbedrifter som levde av arbeidet for det militære, og kvinnene i bygda tente t.d. pengar på vask av soldattøyet og på å ha soldatar i kost og losji heime. Vasken gjekk føre seg i Jektehola ved Eidselva. Den historiske musikalen som tok utgangspunkt i alt dette, hadde ei festleg, lett og ledig form, med raske skift og høgt nivå både på song, musikk og dans. Me fekk både ei stor humoristisk og musikalsk oppleving, i tillegg til ein interessant historisk innblikk i nasjonale og lokale konfliktar i det spesielle militærmiljøet. Etter framsyninga fekk me god middag på Nordfjord Hotell og reiste den nye Kvivsvegen heim til Ørsta.

Ørsta Sogelag på seinsommartur til Severinbrauta i Eidsdal. Seinsommaruren 2013 gjekk søndag 18 aug. til Eidsdal i Norddal kommune der ein fekk omvising på fjellgarden Severinbrauta.  (24 deltakarar). Då Nelly Veiberg, den einaste etterkomaren etter folket på denne husmannsplassen, døydde i 1995, etterlet ho seg ein kulturhistorisk skatt som er eineståande i Noreg i dag. Nelly hadde budd åleine på Severinbrauta heilt fram til det siste medan samfunnet rundt henne hadde endra seg dramatisk. Ho og kvinnene før på sjølvbergingbruket hadde teke vare på alt, og historia frå etableringa i 1870-åra og fram til i dag er dokumentert både gjennom kvardagsutstyr, gjenstandar, tekstilar, bilete og brev. Frå det rikhaldige materialet kan ein lese tallause historier, t.d. om livet på norske husmannsplassar, som det var tusenvis av i Noreg, også på 1800-talet, og om plassefolk sitt forhold til lokalsamfunnet. Det er også historia om det å vere fødd utanfor ekteskap, om Amerika-draumar og realiseringa av desse, om kulturlandskap og byggjeskikkar – og ikkje minst om kvinnene i nøysamt kvardagsliv og slitsam gjerning. Deltakarane på seinsommarturen fekk eit fint historisk innblikk i korleis tilværet var for Nelly, familien og slekta hennar, og for folk flest for 100-150 år sidan. Etter den interessante omvisinga og forteljinga vart det for oss alle servert god middag, kaffi og dessert på serveringsstaden Hesthaug gard høgt oppe på andre sida av dalen. Heimreisa gjekk via Liabygda og ferje til Stranda. Vidare køyrde me til Hellesylt, Tryggestad og Grodås og tok Kvivsvegen heim.

Ørsta Sogelag sitt haustmøte 2013. Ørsta Sogelag baud  inn til haustmøte i Peisestova på Møre Folkehøgskule måndag 21. oktober (33 frammøtte).  Hovudposten på møtet var ved nestleiar i Ørsta Sogelag, Turid Karlsbakk, som  fortalde om faren sin, fangstmannen Jonas Karlsbakk, under temaet “Gripen av Grønland».  Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten «Hird», under svært vanskeleg omstende, ut frå land i Ålesund med seks fangsmenn om bord. Dei var klare til å erobre ukjende jaktområde på Nordaust-Grønland og få oppfylt draumane sine om ein rask rikdom i dei vanskelege 20-åra,  også på Sunnmøre, men ikkje alt gjekk etter planen. Gjennom svært ugjestmilde møte med sterk storm og kulde og ekstremt vinterver, fekk dei i to lange år store utfordringar og fekk verkeleg utprøve eigne grenser, både fysisk og psykisk. Ein av desse mennene var Jonas Karlsbakk (f. 1895) frå Mauseidvågen. Kvar dag skreiv han i dagboka si, og etterkomarane har i dag tettskrivne kladdebøker med verobservasjonar og dokumentasjonar over hans fantastiske jaktopplevingar (isbjørn, moskus, rev, hare, rype etc). Alt gjev eit svært levande bilde av kva fangsmennene gjorde på Grønland, ikkje minst korleis dei overlevde i åra frå 1927 til 1930. Turid Karlsbakk fortalde interessant om faren sin oppvekst og bakgrunn, om motiva hans for å reise, jakte og utforske – og dei sterke opplevingane frå turane over havet til Jan Mayen og Grønland, skildra i alle dagbøkene. Vidare fortalde ho om dei fine inntrykka ho sjølv fekk på si eiga reise i farens fotspor. I 1990 fekk ho vere med eventyraren Ragnar Thorseth på ein «fotosafari» i spora etter dei gamle fangstmennene på Nordaust-Grønland. Dette vart hennar livs seglas. Ho fekk eit gripande møte med historia til far sin, ein far ho ikkje skikkeleg vart kjend med medan han levde, og det heile munna ut i den velskrivne og godt illustrerte boka, «Gripen av Grønland. I spora til far 63 år etter» som kom ut i 2012. Elles vart det fleire vakre musikalskinnslag på haustmøtet, song og fløytespel ved musikklektor Ragnhild Engeset, og kaffi/te og kaker vert servert. Leiaren Anne-Mari Øyehaug takka Turid for det interessante foredraget og Ragnhild for den fine musikken og ønskte alle vel møtt til julemøtet.   

Ørsta Sogelag sitt julemøte 2013. Etter tradisjonen arrangerte Ørsta Sogelag julemøte i Peisetova til Møre Folkehøgskule måndag 2. des. 2013. Leiaren, Anne-Mari Øyehaug, ønskte vel møtt til dei mange frammøtte (72 deltakarar), og me song kjende julesongar, akkompagnert til piano v/skrivar. Gode smørbrød og kaffi/te og kake vart servert. Den nye boka, «Ørstaminne 2013» vart presentert av Eli Lannerholm (repr. i Skriftnemnda) og tilbode for sal til redusert pris. Med sine mange gode lokalhistoriske artiklar var denne boka også i år den perfekte julegåva til slekt og vener. Per Ragnvald Langlo stod for hovudposten på møtet: Han fortalde og viste film frå Møre Lenestolfabrikk si historie dei første 25 åra i Ørsta. Petter P. Langlo, far til Per Ragnvald, tok i si tid fleire private filmar frå verksemda. Desse var no klipte saman og digitaliserte, og ein 40 minutts film er ferdiglaga. Per Ragnvald viste m.a. produksjonsverksemda frå innsida: arbeidarar, maskinar, utstyr og teknikkar – og alt gav eit godt tidsbilde frå høgdepunkta. For dei som var direkte og indirekte involverte, var dette eit svært interessant gjensyn. Filmen gav god kunnskap og innsikt i verksemda og viste mange kjende andlet. Den første møbelfabrikken i Ørsta, Møre Lenestolfabrikk A/S, vart skipa som Møre Kurvmøbelfabrikk i Sykkylven i 1929 av Petter P. Langlo frå Stranda og Jens E. Ekornes frå Sykkylven, begge velkjende namn i soga til norsk møbelindustri. Til Ørsta kom denne bedrifta i 1931, og ein eigen fabrikk vart bygd i 1933 ved sjøkanten i Ørsta. Gradvis vart mange Ørsta-arbeidarar opplærde og tilsette.  Fabrikken vart raskt kjend for gode produkt med høg kvalitet. Anne-Mari gav blomar til Per Ragnvald Langlo og takka for den svært interessante filmframsyninga og presentasjonen av historia til Møre Lenestolfabrikk. Ho takka alle for den gode oppslutninga om laget og det gode samveret i 2013, ønskte God jul til alle og vel møtt til Ørsta Sogelag sine nye møte i 2014.

Ørsta, 10. mars 2014

Bjørn Krøvel/Skrivar