Ørsta Sogelag har sveitserstil og byggeskikk som tema på felles sogelagsmøte onsdag 9. april

Ørsta Sogelag arrangerer fellesmøte med dei andre sogelaga i Ørsta i Peisestova på Møre Folkehøgskule onsdag 9. april, jf. annonsen elles i Møre Nytt laurdag 5. april. Det vert servert kaffi/te og kaker, og musikar og høgskulelektor Ketil Grøtting m/pianist vil formidle vakker song og musikk. Historieforskar og høgskulelektor Eivind Indresøvde vil ha hovudposten på møtet med det aktuelle foredraget «Sveitserstilen i Europa og Noreg frå 1840-åra – og byggeskikk på våre kantar». Foredraget vert knytt til ei rekkje bilete, både med nasjonale og lokale motiv.

Kort kan det seiast om dette temaet at «Sveitserstil» er nemninga på ei moteretning innan trearkitekturen som kom til Noreg i 1840-åra. Motiva i arkitekturen vart henta frå Tirol og Sveits og vart voldsomt populære i Nord-Europa fram mot det førre århundreskiftet. Den nye stilen – som braut sterkt med den tidlegare solide byggeskikken frå gamal tid, vart svært godt motteken og fekk eit sterkt innslag i all trehusbygging i Noreg frå 1860 fram til ca. 1920. I byane sine villastrok – og i stor grad ute i bygdene, vart det bygt svært mange «Sveitserhus» og liknande hus i tilpassa utgåver. Også dag, 150 år etter, kan me sjå mange spor og leivningar etter denne stilen, og etterlikningar lever vidare i nye hus og bustadområde.

Foredragshaldaren vil ta utgangspunkt i nokre spørsmål knytte til den nye stilen: Kvifor fekk dei nye bygningane tilnamnet «Sveitserhus», og korleis såg dei første husa av denne typen i Noreg eigentleg ut? Representerte den nye byggeskikken verkeleg noko nytt i høve til tidlegare solid norsk byggemåte – også på våre kantar, og kva vart dei mest karakteristiske trekka ved stilen, t.d. i høve kjellar, tak, veranda, vindauge, fargeval og eksteriørdekor? Stilen var populær i meir enn femti år i Noreg, men skjedde det også stilmessige endringar i det same tidsromet?

Me veit at den nye stilen, med sin nye og moderne utsjånad, inspirerte folk av alle lag til å tenke nytt og å styrke huskvalitet, levemåte og hygiene, men vart dei nye konstruksjonane med sine lyse og funksjonelle vindauga, saltak og terrassar, verkeleg meir sunne enn tidlegare – og korleis vart no oppvarminga? Vi ser fram til Eivind Indresøvde sine svar på desse interessante problemstillingane – og me ser fram til å høyre kva som eigentleg var den historiske bakgrunnen for den spesielle stilretninga, den nye «europeiske topp-moten» som hadde så stor innverknad på folk si tenking og levemåte i samtida og som skapte eit så stort tidsskifte i all husbygging, nasjonalt og lokalt, også i våre bygder.

Sveitserhusa i perioden 1860-1920 fekk ofte ein frambygd glassveranda mot hagen – og ein open terrasse under saltak i 2. etasje. Installasjon av fleire store krysspostvindauge var også typiske for stilen. Husa fekk elles langt utstikkande takflater, ofte med vidløftige gavl-konstruksjonar med krusedullar og utskjeringar. PS: Fins det t.d. eit vakkert hus sentralt i Ørsta bygd i 1867 som liknar på dette bildet?

Til slutt: Dei siste 10 åra har Ørsta Sogelag gjennom forteljingar og foredrag på sine lagsmøte teke opp ca. 50 ulike lokalhistoriske tema t.d. knytt til industri- og gardshistorie, skule- og kyrkjehistorie, litteratur- og sogespelhistorie, krigs- og ishavshistorie og store lokale ulukker m.m. Alt kan lesast på laget si heimeside (www.sogelaget.com).

Bakgrunnen for den store breidda i tema på lagsmøta, også på føreståande fellesmøte om «Sveitserstil og byggeskikk», er det spesielle føremålet til Ørsta Sogelag: å ta vare på minne om folkelivet i farne tider, skape interesse for fortida og å knyte band mellom folket før og no og vidare til komande slekter – og å gi ut historiske skrifter. Den mangesidige lokalhistoriske kunnskapen og innsikta er verdfull for framtida, også for Ørsta sine innbyggjarar, unge og gamle. Og alt dette er nok ikkje bortkasta tid i høve framtida sine utfordringar – som ein tidlegare politikar hevda i media for ei tid sidan.

Me ønskjer alle sogelagsmedlemer i Ørsta og andre interesserte velkomne til fellesmøtet!

Styret i Ørsta Sogelag, 31. mars 2014/Bjørn Krøvel/skrivar