Julemøtet 2013 til Ørsta Sogelag –

Ørsta Sogelag sitt julemøte i Peisestova til Møre Folkehøgskule måndag 2. desember.  Per Ragnvald Langlo viser nylaga film frå Møre Lenestolfabrikk

Etter tradisjonen har Ørsta Sogelag julemøte i Peisetova på Folkehøgskulen første måndag i desember. Slik vert det også i år. Sjå annonsen i avisa i dag. Me syng julesongar, og den nye boka, «Ørstaminne 2013» vert presentert og tilbode for sal til redusert pris. Med sine mange gode lokalhistoriske artiklar vert denne boka den perfekte julegåva til slekt og vener også i år.

Per Ragnvald Langlo står for hovudposten på møtet: Han fortel og viser film frå Møre Lenestolfabrikk. I 1954, ved 25-årsjubileet til fabrikken, tok Petter P. Langlo, far til Per Ragnvald, fleire private filmar frå verksemda. Desse filmane er no klipte saman og digitaliserte, og ein 40 minutts film er no ferdiglaga. Denne viser korleis filmen m.a. produksjonsverksemda frå innsida: arbeidarar, maskinar, utstyr og teknikkar – og gjev eit godt tidsbilde frå høgdepunktet i verksemda tidleg på 50-talet. For dei som vart direkte og indirekte involverte, vert dette heilt sikkert eit svært interessant gjensyn – og han gir kunnskap og innsikt i verksemda. Som bakgrunn for filmen gir me med denne korte historiske bakgrunnen:

Den første møbelfabrikken i Ørsta, Møre Lenestolfabrikk A/S, vart skipa som Møre Kurvmøbelfabrikk i Sykkylven i 1929 av Petter P. Langlo frå Stranda og Jens E. Ekornes frå Sykkylven, begge velkjende namn i soga til norsk møbelindustri. Til Ørsta kom denne bedrifta i 1931, og eigen fabrikk vert bygd i 1933 ved sjøkanten i Ørsta. Gradvis vart mange Ørsta-arbeidarar opplærde og tilsette.  Fabrikken vart raskt kjend for gode produkt med høg kvalitet. Dei starta opp med korgmøblar, og frå 1934 vart m.a. den første Rotting-salongen produsert. På 50- og 60 talet spesialiserte fabrikken seg på sovesofaer. 1954 vart starten på ei ny tid innan møbelproduksjonen. Møre Lenestolfabrikk var mellom dei første som tok i bruk den nye lamineringsteknologien (limtre-teknikken) som opna for nye enklare møbelformer og nytt design. Den lette lenestolen «City» var det første produktet der denne teknologien vart nytta – ein klassikar som framleis vert produsert. 1965 vart ein annan klassikar skapt, lenestolen «Planet» som var den første kuleforma lenestolen i norsk møbelhistorie. Namnet vitnar om den første historiske romferda i 1961, og varsla Pop Art-møblane sitt inntog i Noreg. To år etter, i 1967, vart den første «Laminette»-stolen produsert, ein stol som sette Møre Lenestolfabrikk på kartet, med over 850 000 selde einingar over hele verda. Svært mange skular, bedrifter, institusjonar og forsamlingshus, nasjonalt og internasjonalt, har no i fleire tiår vakkert installert sine lokale med denne gode sitjestolen.

70-tallet vart ei tid for ekspansjon og oppkjøp, og Møre Lenestolfabrikk fekk nye eigarar: Olav Nerbøvik og Inge Langlo. Saman kjøpte dei Møremøbler Stranda, Møre Manilla og Møremøbler Kalvatn, og det nye firmaet fekk namnet Møre Møbler. I åra framover vart det produsert ei mengde klassikarar som nasjonalt skil seg ut: Stolane «Totem», «Spring» og «Vannstolen» i 1984 er gode eksemplar frå denne tida. 1985 satsar konsernet på kulturmøblar. Alt same år leverer dei møblar både til Nationaltheatret og Det Norske Teater i hovudstaden.  I 1992 kjøper Stokke Møremøbler, og Vatne blir ein del av verksemda. I 1997 skiftar Møremøbler namn til Fora Form AS. Det bør også nemnast at denne bedrifta, med sin stolte historiske bakgrunn, der mange dyktige Ørsta-arbeidarar har teke del, er den mestvinnande designarbedrifta i landet med til saman 35 designarprisar og 3 klassikarprisar – og ho vart også årets designbedrift i 1990.

Me gler oss til julemøtet og Per Ragnvald Langlo sin interessante film frå Møre Lenestolfabrikk. Me ser også fram til presentasjonen av «Ørstaminne 2013», det sosiale samværet, den felles julesongen og dei gode smørbrøda som vert sert til kaffi/te og kake. Både medlemmer og andre er hjarteleg velkomne.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

.