Årsmøte 2014 i Ørsta Sogelag og Rise-ulukka i febr. 1968 v/Ragna Riise

Rise-ulukka i 1968 i fokus på Ørsta Sogelag sitt årsmøte
Ørsta Sogelag held årsmøte i Peisestova på Møre Folkehøgskule måndag 10. mars. Vanlege årsmøtesaker vert handsama , og kaffi/te og kaker vert servert. Hovudposten vert ved Ragna Riise. Ho fortel og viser film om Rise-ulukka, den tragiske hendinga som skjedde 19. febr. 1968 då ei voldsom snøfonn rasa ned mot dalen og øydela hus og heimar på Rise.

Det var uvanleg mykje snø vinteren 1968, m.a. var det 3,6 meter snø på Tvergrov. Fonnfaren var svært stor i heile Bondalen, og det buldra frå snøfonner både tidt og ofte. I Sledalen vart ei løde teken av eit snøskred, og det same skjedde på Langstøl. Mange husdyr strok med, men det var på Rise nedst i dalen den store tragedien skjedde:

Tidleg om morgonen kl. 06.40 losna fonna «Korsen» frå Lissjedalshornet (1310 m.o.h.) og var mest 400 m. brei då ho nådde dalbotnen. 17 bygningar vart heilt eller delvis øydelagde. I dei fem Risetuna var det 20 menneske til stades denne morgonen. 11 vart nedgravne i dei veldige snømassene, av desse omkom 3.  Dei omkomne var Hjørdis Årseth (67 år), Torstein Årseth (71 år) og Ivar Riise (nesten 4 år).

Telefonar kima, det vart ropt om hjelp, og naboar skunda seg til ulukkesstaden. Karane hadde ikkje tid til å sjå korleis farlege snøskred nokre timar før hadde gått i fjellsidene rundt dei. Otten for slekt og vener på Rise jaga dei fram over bakkane i djupsnøen. Så nådde dei fonnrunen frå «Korsafonna». Ho hadde ikkje stansa då ho nådde botnen, men hadde rasa i stor fart,  grov som ei urd, over dei flate markane, gjennom Risetunet, over Bondalselva og heilt til Hustadreinene.

Mennene kleiv over fonnbreden på hender og føter og gjekk seg fram på tak, loft og husrestar dei kjende att frå Risetunet. Hjelpa nådde fram, og karane grov på spreng for å finne sakna menneske i snømassene og mellom restane av husa. Himmelen låg rykande ullgrå over Bondalen. Dei høge fjelltoppane var pakka inn av våt skodde, og vinden mol på sin gamle melodi..   Slik har m.a. Arthur Klæbu i boka «Farlege Fjell» skildra litt av denne hendinga.

Styret i Ørsta Sogelag ser fram til Ragna Riise si eiga forteljing om den vonde opplevinga, og me vonar  mange vil ta del på årsmøtet (jf. eigen annonse i avisa).  Kaffi/te og kaker vert servert, og me får også kunstnarleg innslag.

Vel møtt til både medlemer og andre interesserte.