Ørsta Sogelag på sommartur til Runde Miljøsenter laurdag 21. juni 2014

Styret i Ørsta Sogelag arrangerer ein dagstur til Runde Miljøsenter på Runde i Herøy kommune laurdag 21. juni. Her vert det omvising på det moderne forskingssenteret og framsyning av filmen «Havets Sølv». Hovudposten vert ved forskar Nils Roar Hareide som m.a. vil fortelje om det dramatiske forliset av «Akerendam» i 1725 og om den vidgjetne Rundeskatten. Litt om den historia:

Den 19. januar 1725 la det nederlandske handelsskipet «Akerendam» ut fra øya Texel i Nederland i følgje med to andre skip. Lasta var 19 pengekister med gull- og sølvmyntar, pengar som skulle brukast til å kjøpe varer i Aust–Asia. Skipet høyrde til det store nederlandske selskapet Vereinigte Oostindische Compagnie, som dreiv stor handelsverksemd med fjerne austen. Herifrå kom båtane tilbake med krydder og andre svært ettertrakta varer – som så vart selde vidare i heile Europa.

«Akerendam» var eit heilt moderne, velutrusta seglskip bygt i 1724. Det var 145 fot langt og hadde eit mannskap på 200 mann. Fleire av offiserane om bord hadde også med seg konene sine. I den engelske kanalen herja sjørøvarar som jakta på dei rike hollanske austindia-fararane, og sjøreisa gjekk difor den nordlege leia rundt Skottland. Under ein storm i Nordsjøen kom skipet bort frå følgjet sitt, dreiv nordaustover mot Mørekysten og gjekk ned på nordspissen av Runde 7. eller 8. mars.

Om morgonen 8. mars 1725 såg folk på garden Goksøyr på nordsida av Runde at stormen som lenge hadde herja, hadde skylt i land store mengder vrakgods på stranda. Dei næraste dagane og vekene vart det gjort funn av omkomne og vrakgods over eit stort område. Ingen av dei 200 om bord i «Akerendam» hadde redda livet. Etter gjeldande lover og praksis vart det 19. mars halde offentleg auksjon over noko av fjørefunna, m.a. tønnestavar, segldukar, tauverk, jarnband og fleire 50-liters fat med fransk vin. Lensmann Ole Haugsholmen frå Ørsta var sjølv på forlisstaden og rapporterte om «en stor del nøgen og døde mennesker som alle vare i støcker slagen» etc. Einskilde sølvmyntar vart seinare funne i fjøresteinane på Runde, men den store pengeskatten var det ingen som visste om..

Denne vart derimot oppdaga i vår tid, nærare bestemt den 6. juli 1972 av dei tre sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale. I løpet av tre veker, dels med politivakt, klarte dei å hente opp eit halvt tonn med ca. 60.000 gull- og sølvmyntar i tillegg til ei mengd kritpiper – og alt frå broderisakser til muskettkuler. Året etter vart staden undersøkt av Bergens Sjøfartsmuseum. Funnet var eitt av dei største i Europa. Verdien vart kalkulert ca. 30-40 mill. norske kroner.

I nesten 40 år hadde Noregs største myntfunn (og mest medie-omtala skatt) eit anonymt tilvære ved Bergen Sjøfartsmuseum. Etter fleire års kamp kom Rundeskatten ”heim att” til Runde, dels med politieskorte, og no er han fint og trygt stilt ut på Runde Miljøsenter. Me gler oss til å høyre heile historia, levande fortalt av Nils Roar Hareide – og å sjå myntsamlinga.

Ørsta Sogelag sitt opphald på Runde Miljøsenter vert avslutta med middag/lunsj i den fine matsalen med imponerande glasutsikt mot skipsleia, Breisundet og øyane rundt Ålesund i nord og nordaust. Også dei vakre fjelltoppane i Ørsta, m.a. Snøhornet, er herifrå lett synlege i søraust.

På vanleg måte vert det arrangert avreise i privatbilar frå Kyrkjegata ovanfor Svendsengarden, og det er lagt opp til påmelding for å sikre skyss, omvising og mat til alle. Sjå eigen annonse elles i avisa – og sjå Ørsta Sogelag si heimeside: sogelaget.com

Alle medlemer og andre interesserte er velkomne til å ta del.

Annonse:

Bli blogger med eget domene med webpakke klar for wordpress. Vi hjelper deg igang. Webhotell med ferdig oppsatt wordpress klar til bruk fra 63,- pr mnd. Domenenavn gratis inkludert første år.