Medlemskap

Me ønskjer deg velkomen som medlem i Ørsta Sogelag!

Fyll ut skjema under og klikk “Send innmelding”

Medlemskapet koster kr 100 per år.

Som medlem er du med å støtte drifta av laget. Du gjer det mogleg å arrangere historiske temamøta (vårmøte, fellesmøte, haustmøte, julemøte og årsmøte etc) og å sikre leige av lokale, fordragshaldarar, matservering og underhaldning. Du gjer det og mogleg å arrangere rimelege turar til ulike stader og forestillingar, t.d. sogespel i regionen.

Gjennom den faste møteverksemda – og ved å gje ut årlege historiske skrifter (“Ørstaminne”), ønskjer laget å ta vare på minne om folkelivet i farne tider, skape interesse for fortida og knyte band mellom folket før og no – og vidare til komande slekter.Ein har også som ambisjon å formidle kunnskap av kulturhistorisk verdi.

Med mange medlemer vert alle tilbod, t.d. møteverksemd, bøker og turar, rimlegare for den einskilde.

[contact_form lang=en]