Den nynorske songskatten – v/Terje Aarset

Årsmøte i Ørsta Sogelag måndag 8. mars 2010

Ørsta Sogelag sitt årsmøte vert lagt til Peisestova på Møre Folkehøgskule måndag 8. mars. Det vert vanlege årsmøtesaker, årsmelding, rekneskap og val. Sjå eigen annonse i avisa.

Som dei fleste veit, har ein ørsting markert seg sterkt i den norske fagprosalitteraturen siste året. Eit stort fleirtal av innsendarane i ei omfattande lesarundersøking (Dag og Tid) meinte at den flott illustrerte og velskrivne boka ”Den nynorske songskatten” av Terje Aarset, utgjeven av Fagbokforlaget i Bergen, var den beste nynorskboka i fjor.

Dette er ein stor prestasjon! Terje si bok fekk meir enn ein tredjedel av røystene, og det innebar fleire røyster enn nummer to og tre til saman. Cecilie N. Seiness’ bok om Jon Fosse vart nummer to og Maria Parrs ”Tonje Glimmerdal” nummer tre.

Styret i Ørsta Sogelag gratulerer, og me er glade for at Terje, som er sogelagsmedlem, vil vere til stades på årsmøtet og fortelje om boka. Arne Ola Grimstad vil intervjue forfattaren. På møtet vil det også verte allsong, og det vert servert kaffi/te og kaker.

Styret ønskjer alle medlemer og andre interesserte vel møtt!

Ørsta Sogelag, 23.02.2010

Anne-Mari Øyehaug, leiar
Else Åmbakk, nestleiar
Barbro Ose, styremedlem
Kåre Opsahl, kasserar
Bjørn Krøvel, skrivar