Storfjordstemne – til garden Røneset på Furstranda

Med Ørsta Sogelag til Storfjordstemne – til garden Røneset på Furstranda

Søndag 6. juni reiser Ørsta Sogelag til Storfjordstemne – til garden Røneset på Furstranda i Sykkylven kommune.  Det er Storfjordens Venner som inviterer medlemer i sogelaga på Sunnmøre og andre interesserte til denne idylliske garden ved Storfjorden, garden som journalist Oddgeir Bruaset tok oss med til i mars i 2009 i  fjernsynsprogrammet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».  Og styret i Ørsta Sogelag inviterer sine medlemer og andre interesserte til å bli med. (Sjå eigen annonse elles i avisa).

Røneset vart fråflytta mot slutten av 60-åra. Då budde der ei familie med tre born. Årsaka til at dei tok avgjerda om å flytte, var at skulen på Furstranda vart lagd ned. Alternativet var å skysse borna til skulen i Ramstaddal, noko som slett ikkje ville vere utan fare vinterstid. Odd Arne Rønes var ein av dei tre borna i Røneset. Sonen hans, Severin, er fødd i Sykkylven, men kom tidleg til Røneset saman med foreldra på korte eller lengre opphald på den nedlagde garden. Her følte Severin seg stadig meir heime og hadde sterkt i tankane at han ein gong ville slå seg ned på den fråflytte garden for godt. For fire år sidan realiserte han draumen.

”Han gjorde alvor av draumen”, fortel Oddgeir Bruaset, som var på gjesting på Røneset fleire gongar medan TV-programmet vart til.  Severin jobba på møbelfabrikk, men ynskjet hans om å flytte til Røneset vart stendig sterkare, og han slo til då det ordna seg med arbeid på eit oppdrettsanlegg i Søvika.

All si fritid i dag nyttar Severin til ulike gjeremål på garden. Han ryddar skog, driv med villsau og legg ned mykje tid og krefter på Røneset, og det har vorte ein idyllisk plass. Målet hans er å få bort det meste av skogen der det før var slåttemark. Severin tek også mål av seg å få stølen tilbake slik han ein gong var. Den ligg ein liten times gange frå sjølve garden.

Vi gler oss til å stige i land til Storfjordstemnet, seier Asgeir Kvernberg, styreleiar i Storfjordens Venner. Garden er halden godt vedlike. Alle vil bli godt mottekne, og staden er ideell for dette stemnet. Røneset blir også skildra i ei bok som Oddgeir Bruaset har skrive og som kom i handelen no i haust. 

Litt meir om geografien og staden: Furstranda er stranda frå Ørsneset inn til Velteneset, eller Vindsneset som det og vert kalla. På Furstranda ligg det i alt seks tun med hus på. Det er Røneset, to tun i Jogarden (Furstranda), Bjørnevika og to tun i Sandvika. Desse tuna har stort sett hus frå rundt 1900, og dei er svært lite endra. Heile stranda er derfor eit stort og sjeldan kulturområde, og her ligg store kulturverdiar. Dersom ein skal ta vare på alt dette og samstundes legge til rette for utvida bruk av området, vert det ei stor utfordring både for grunneigarar og kommune.

Det er fin kjerreveg eller sti mellom bruka. Den er omlag fem kilometer å gå, og det tek omlag ein time. Midt på Furstranda ligg skulen, og litt lenger vest kjem Furstrandelva ned. Over elva går vegen på ei fin kolvingsbru frå 1904. Gode tursko er greitt å ha dersom ein vil gå denne turen, t.d. før stemnestart.

Programmet på stemnet tek til kl 13.00: Orientering om Storfjordens Venner sitt arbeid i 2009‑2010, Tale ved fylkesmann Lodve Solholm, Gardshistorie og lokalhistorie frå Furstranda, Ord for dagen, Song og musikk, og Sal av rjomegraut og saft. Kaffi bør ein sjølv ta med. For borna blir det ulike aktivitetar, og kystlaget vil vise eldre bruksbåtar frå Sunnmøre.

Storfjordens Venner arrangerer båtskyss over Storfjorden frå Håhjem til Røneset frå kl 09.00 og utover til kl 13.00, m/retur etter programmet. Håhjem ligg ved E 39 i Skodje kommune. Vi som kjem frå Ørsta, tek ferja Festøy-Solevågen. Frå Solevågen kan ein anten køyre gjennom Brusdalen eller ta vegen Magerholm-Glomset.  Staden for båtskyss (Håhjem) er skilta ved vegen.

Ørsta Sogelag ønskjer alle sine medlemer og andre interesserte i Ørsta og Volda velkomne til fellestur til Storfjordstemnet, på garden Røneset på Furstranda, søndag 6. juni.  Vi organiserer fellesskyss i privatbilar frå Svendsengarden i Ørsta med to avreisetidspunkt: Avreise 1: kl 07.40 (ferje frå Festøy kl 08.20) for dei som vil vere ekstra tidleg ute og evt. vil få med seg turen langs Furstranda før stemnestart,  og Avreise 2: kl 09.00 (ferje frå Festøy kl 09.40).  Påmelding. Sjå eigen annonse elles i avisa.

 Ørsta Sogelag, 20. mai 2010

Anne-Mari Øyehaug, leiar
Kåre Opsahl, kasserar
Bjørn Krøvel, skrivar.