Hjørundfjord kulturvernlag sine restaureringsprosjekt v/Per Atle Røe

Julemøte i Ørsta Sogelag måndag 5. desember 2011

Tida går fort denne milde hausten, og det er alt klart for det tradisjonelle julemøtet til Ørsta Sogelag.  Måndag f.k. vert det arrangert i Peisstova på Møre Folkehøgskule.

Per Atle Røe frå Hjørundfjord kulturvernlag fortel og viser bilete frå restaureringsprosjekta dei har arbeidt med gjennom mange år. Laget vart stifta 1996 og fekk til formål å verne om kulturminne og tradisjonar i tidlegare Hjørundfjord kommune. Med dugnad, økonomisk bistand frå private og offentlege organ, og i samarbeid med andre lag og organisasjonar, har laget no i fleire år verna om og halde i hevd minne og tradisjonar i området.  Det gjeld spesielt fysiske vernetiltak og restaureringar, men også kartleggingar som gjer kulturminna synlege både for tilreisande og dei som bur her.  

Dei siste åra har kulturvernlaget i Hjørundfjord m.a. arbeidd med restaureringa av Bakketunet på Åkre, også med midlar frå Riksantikvaren. Notanaustet på Bjørke er omlag ferdig restaurert, og her har bygdefolket lagt ned hundrevis av dugnadstimar. (Alt dette fekk me stadfesta på seinsommarturen til Ørsta sogelag). Restaurering av ein sommarfjøs som ligg ved inngangen til Kvistaddalen er også oppstarta. På Stavset arbeidar kulturvernlaget med å få til ei restaurering av den historisk unike internatskulen. Målet er å få den ferdig innan 100-årsmarkeringa i 2015. Svært interessante kulturvandringar, fjordturar og kulturtilstellingar har også laget stått for dei seinare år. Me i Ørsta Sogelag gler oss til å sjå og høyre meir om arbeidet til det friske og aktive kulturvernlaget i Hjørundfjord.

Som alltid før på julemøta til Ørsta sogelag, syng me julesongar – og tilsette ved Folkehøgskulen vil servere gode smørbrød, kaker og kaffi/te. Dessutan vert ei ny bok, Ørstaminne 2011, med mange interessante, lokalhistoriske artiklar presentert – og her i Peisstova på julemøtet kan alle kjøpe ho til redusert pris.

Vi ser fram til Per Atle si forteljing, den felles julesongen no i adventstida, presentasjonen av Ørstaminne 2011, kaffien og det gode samveret att. Me viser til annonsen elles i avisa.

Både medlemer og andre er hjarteleg velkomne!

Styret.