Raudøya og Raudøyholmen – v/Gunnar Ellingsen

Ørsta Sogelag sitt haustmøte 2011 – med fokus på Raudøya og Raudøyholmen. Referat og bilde frå seinsommarturen til Bjørke

IMG_5161Måndag 24. oktober inviterer Ørsta Sogelag til haustmøte i Peisstova på Folkehøgskulen. Gunnar Ellingsen fortel om Raudøya og Raudøyholmen. I særleg grad legg han vekt på liv og verksemd på Raudøyholmen nokre generasjonar tilbake. Øystein Salhus (fiolin)og Elizabeth Oltedal (flygel) frå Høgskulen i Volda framfører vakker musikk, og kaffi/te og kaker vert servert. Me ser fram til samlinga. Medlemer og andre interesserte er hjarteleg velkomne!

Sogelaget ønskjer elles å fortelje at det vart gjennomført ein fin seinsommartur til Bjørke søndag 21. august.  32 personar melde seg på, og turen gjekk i privatbilar til Volda, Førde, Kalvatn og Bjørke. Det var opplett og godt ver den første halvdel av dagen, og det var  interessant å sjå det vakre Kvivsveganlegget og dei mange tunnelinnslaga under utforming langs heile strekninga. Fantastisk å vite at om ca eitt år er alt ferdig! 

I Bakketunet på Bjørke fekk me omvisning av den dyktige gardsgrundaren Marita Beth Jensen.  Ute på det vakre tunet vart det servert middag (brennsnut) – kaffi og gode kaker inne i den koselege gamlestova. Dei som ynskte det, tok turen over til nabogarden og såg på eit rikhaldig utval av antikke varer. Etterpå vitja me kyrkja , Jodbuda og Notanaustet i naustrekkja, og Berta og Einar Saure var dyktige forteljarar og omvisarar. Kaffi og noko attåt fekk me til slutt kjøpe på den moderne handverkskafeen i Bedehuset på Bjørke.

Jodbuda på Bjørke var eit svært fint restaurert «handelshus» i fjøra på Bjørke. Den første eigaren, Jacob J. Rørstad (1852-1947) fekk ved eit makeskiftebrev i 1892 ei tomt i Bjørkefjøra, og gjekk i 1901 over frå bondehandel til fast landhandel.   I 1916 kom ny bud opp med ny brukar, sonen Johan (1892-1937), og gamlebuda vart lagerplass. Sonen hans att, Jacob (1917-1993) tok over i 1937 med mora si, Ingeborg (1891-1977) som fast hjelpar gjennom to generasjonar.

Før Jacob døydde, gav han den gamle Jodbuda med innbu, møblar og stort varelager til Hjørundfjord sogelag.  Laget har teke godt vare på det fine kulturminnet og har dei seinare år innreidd buda som ein eldre landhandel.  Det gamle inventaret og dei mange handelsvarene gjev eit svært interessant tidsbilde både av varesortiment, forbruksvarer, reiskap og hjelpemiddel av ulikt slag i bygdene på våre kantar, vel hundre år bak i tid. Sogelagsmedlemene sette stor pris på også denne spesielle opplevinga.

IMG_5152

Bilde frå Jodbuda på Bjørke med nokre av turdeltakarane frå Ørsta Sogelag. Frå venstre: Perry Bjørke, Gerd Enerhaug, Johanne Eli Krøvel, Gerd Sætran, Aase-Margrethe Leite, Kari Dragsund, Eli Lannerholm, Åshild Steinnes, Anne-Mari Øyehaug og Berta Saure.