Krigen i Ørstafjorden

Julemøte i Ørsta Sogelag med hovudtemaet:

”Krigen i Ørstafjorden for 65 år sidan  –  5. desember 1944”

Julemøtet til Ørsta Sogelag måndag 7. mai i peisstova på Møre Folkehøgskule set fokus på den alvorlege hendinga som skjedde i Ørstafjorden for 65 år sidan. På møtet vil Ove Røv fortelje og vise bilete frå hendinga.

Aldri før – og heller ikkje sidan – har noko så skremmande og støyande skjedd i Ørsta.  15 kraftige krigsfly frå basen Dallachy i Skottland, med mannskap får Australia og New Zealand,  gjorde eit uventa og voldsomt angrep på tre tyske skip som hadde gøymt seg i Ørstafjorden. Følgjene var katastrofale for skipa og mannskapet. Også eitt av flya frå alliansen vart treft og styrta i sjøen.  Om den harde hendinga har Ove Røv i si bok ”Alarm i Nordvest” m.a. skrive:

”Den 5. desember 1944 var siste turen for den australske flygaren James Austin Hakewell og mannskapet  Fredroc Gordon Slides i det flyvåpenet R.A.A.F.  I ein venstresving over Ose og Velle i Ørsta vart flyet han råka av eit sporlys frå det tyske handelsskipet ”Albert Janus” som låg brennande utanfor Vekslet på Ose.  Høgre flymotor var skoten i brann og sjølve skroget var og skada. Flyet tok retning på det tyske eskorteskipet V6805 og skada det alvorleg før samanstøyten kom mellom fly og båt. Flygaren Slides hadde hoppa ut i fallskjerm over Ørstafjorden ved Sætre, men diverre i så låg høgde at han truleg skada seg i nedslaget mot sjøen. Fallskjermen og gummibåten vart seinare funnen, men ikkje Slides sjølv. Heller ikkje vart kameraten Hakewell funnen. Begge fekk si grav i Ørstafjorden.”

Pilotar og mannskap i tre flyskvadronar vart denne morgonen grundig instruerte i korleis lynangrepet mot dei tyske skipa i Ørstafjorden skulle gjennomførast. Kl 12.15 sette dei 15  tomotors Bristol Beaufighterane kurs over Nordsjøen mot Ørsta. Beaufigharane var skjerma av 5 Mustangjagarar (”vakthundar”) frå basen i Peaterhead. Dei skulle vere skjold mot eventuelt motangrep frå tyske jagarfly som var stasjonerte på flyplassen på Aukra, mindre enn 10 mil unna. Oppdraget var klart: ”Senk eller øydelegg flest mogleg av dei observerte tyske måla i Ørstafjorden!

Som motstandsrørsla i Noreg hadde varsla om – og som basen i Skottland no følgde opp, hadde også folk i Ørsta denne morgonen registrert at tre større skip hadde ankra opp i fjorden saman med nokre mindre eskortefarty. Eitt av dei, ”vorpostenboot VP6805”,  var væpna med fleire 20 mm batteri og ei tyngre 88 mm kanon, og han sveipa nervøst fram og tilbake ved utlaupet av Ørstafjorden.  I Selbervika på sørsida av fjorden låg det største tyske handelsskipet ”M/S Radbod” på 5.500 tonn, lasta med kol og maskindelar.  Inst i fjorden ved Ose låg ”M/S Albert Janus” på 2.200 tonn. Lasteromma på denne var fulle av svovelkis frå gruvene på Løkken i Sør-Trøndelag. Ved kai i Ørstavik låg det norske skipet ”Cygnus”. Handelsskipa i fjorden hadde maskinkanonar på bruvengane til vern.

Då alle flya nådde norskekysten og kom inn over fjellet Nordgulen, observerte flygarane brennande skip nær Svelgen – eit resultat av eit tilsvarande skvadronangrep timar før, same dag. Flygarane såg det var svært høveleg ver for angrep også i Ørstafjorden. Himmelen var skyfri. Berre nokre få vindkrusingar var å sjå på sjøen.  Den 15 Beaufightarane gjekk i posisjon på utsida av fjorden. Over dei, og litt meir mot nord, krinsa det viktige ”skjoldet” deira, dei 5 Mustang-flya.

Brått var det brølande infernoet i gang. Folk i Ørsta fekk ei skremmande kjensle at ”sjølve helvete var laus” dei 12 minutta angrepa varte. Folk gøymde seg bak tjukke murar i kjellarane.  Elevar på veg heim frå skulen kasta seg i grøftene. Fly etter fly i fleire bølgjer kom brølande inn fjorden og avfyrte maskinkanoner og rakettar. Frå dei tyske skipa og eskortefartya vart det skote tilbake med alt tilgjengeleg skyts. Lyden av dette infernoet ”laga eit djevelsk ekko” mellom sunnmørsfjella – lydar som kunne få ”blod til å fryse til is” som folk uttrykte det i ettertid – og som elles er skildra i boka til Over Røv.

Den første bølgja inn fjorden bestod av 6 fly leia av skvadronsjefen sjølv. I ei fart på nærare 700 km i timen kom tre av flya hans hylande ned mot ”M/S Albert Janus”. Maskinkanonane vart avfyrte frå 1000 meters avstand og 200 fot høgde, og ein kunne sjå nedslaga i sjøen piske mot skipet. Fleire rakettar vart avfyrte frå flya i det kuleregnet traff skipssida.  Farlege sporlys vart samstundes avfyrte mot flya frå kanonbatteria på båtane, men utan først å treffe. Nye fly gjekk tilsvarande til åtak mot dei andre båtane. Tre fly i første bølgja dreia mot aust og for frametter Åmdalen. Dei rekognoserte og kom attende. I andre angrepsbølgje rusa flya kraftig opp og rasa nedetter dalen i absolutt toppfart. Mold og grus vart piska opp frå bakken frå maskinkanonane. Rakettar vart avfyrde, traff skipsida, og det skalv i kraftige eksplosjonar.

Storkrigen ute i Europa var denne dagen i sin fulle gru også komen til Ørsta. Angrepet frå dei 15 flya som varte i berre 12 minutt, var militært sett svært vellukka. Mange ombord i dei tyske båtane vart skadde og drepne, men også to australske flygarane miste livet, jf innleiinga ovanfor. Kva skjedde vidare – både med flygarar, fly, båtar og mannskap? Vart andre på land skadde i det kraftige angrepet? Vi ser fram til Ove Røv si forteljing på julemøtet.

Frå skvadronrapportane i London kan ein lese om alle tokta og angrepa av dette slaget dei to djerve australske flygarane elles hadde vore med på i Europa under krigen: i Cherbourg, Boulonge, Le Treport, Helgoland, Egersund, Midtgulen og Stadlandet. Soga minner oss om at nokre få menn var viljuge til å ofre alt for å presse ut den tyske okkupasjonsmakta. Nazistane sitt tyranni og krigsregime måtte berre stoppast. Motåtaka og aksjonane til vestmaktene lukkast 5 månader seinare – og vi fekk vår fridom 8. mai 1945. Vi har ansvar for at også slike historier vert tekne vare på, forklara for alle som veks opp og forstått både i samtid og framtid.

”Ørstaminne 2009” vert seld til spesialpris på møtet.  Det er adventstid. Vi syng julesongar og får servert julemat. Sjå elles annonsen i avisa. Vel møtt til alle sogelagsmedlemer i Ørsta og andre interesserte! Vel møtt!

Styret i Ørsta Sogelag
AMØ/BK