Med «Hindholmen» til Fyrmuseet i Dalsfjorden

Ørsta Sogelag på tur med Hindholmen til Fyrmuseet i Dalsfjorden

Søndag 23. august byd Ørsta Sogelag inn til tur med veteranbåten M/S Hindholmen til Fyrmuseet i Dalsfjorden. Turen går frå Vikeneskaia i Volda, inn gjennom den vakre Dalsfjorden til Steinsvika og ut att til Fyrmuseet.  Der vert det omvisning.  Retur til Vikeneskaia. Påmelding. Sjå eiga annonse elles i avisa.

Dalsfjord fyrmuseum vart oppretta i 1993. Hovudoppgåva er dokumentasjon og formidling av den sosiale historia til dei som var med å bygge fyr, lykter, merker, fortøyingsfester og hamner langs heile kysten – heilt frå 1825. Dei bygde også fyr og lykter på Svalbard og på Kolahalvøya. Fram til førstninga av 1900 talet då motoren etter kvart vart montert i båtane, rodde og sigla dei kysten til endes med eigne båtar («Sunnmørsåttringen»). Dei reiste ut om våren og kom heim om hausten.

Arbeidet i Fyr – og Merkevesenet gjekk nærast i arv frå generasjon til generasjon i bygdene i Volda og Ørsta. Av dokumentasjon på museet fins sjølvbiografiar, dagbøker med gripande kvardagsskildringar og arbeidsattestar heilt frå ca 1840. Fyrmuseet har ei stor mengde bildemateriell, gamle foto som skriv seg frå både frå fartøy, fyr og hamnearbeid frå slutten av 1800-talet, og består elles av ei stor samling av teknisk utstyr og verktøy som har vore utskifta i Kystverket, m.a. gamle merkebøyer og stakar, lykteinstallasjonar, motorar og gammalt verktøy. Fiskeri- og kystdepartementet har gitt stønad m.a. til registreringa av den store gjenstandsamlinga på museet. Fyrlykta med oljebu, ei lykt frå kring 1900 plassert på museumsområdet, og er ei gåve frå Kystverket. Ho vart reist i 1982 som eit minnesmerke over fyrarbeidarar frå distriktet.

Dalsfjord fyrmuseum har elles eit nært samarbeid med Dalsfjord Sogelag (Fjordmuseet) som m.a. har eigedomen «Brune-buda». Det er ei gamal fiskarbu som tidligare sto ute ved kysten i Fosnavåg i Herøy kommune. Sjøbua er frå kring 1860 talet og var brukt av fiskarar/fyrarbeidarar frå Dalsfjorden når dei rodde fiske om vinteren. ”Korsfur-tunet” er eit verna lite gardsbruk frå kring 1860-70 talet. Det særmerkte ved dette tunet er at på same golv finn ein både stove, låve og fjøs. Denne type gardstun er det visstnok berre 3-4 av på Sunnmøre, men det viser likevel korleis einskilde fjordbønder budde på denne tida – også fyrarbeidaren.

Kjell Viken, sjølv tidlegare skipper i Kystverket, vil vere vår guide under omvisinga i Dalsfjord. Vi ser fram til dette møtet med Dalsfjord fyrmuseum og Fjordmuseet i Dalsfjord og vonar mange vil ta del. Turen med Hindholmen er ei stor kulturoppleving i seg sjølv. Kjentfolk vil om bord og fortelje om naturen og gardar og grender undervegs.

Vi ønskjer vel møtt til alle medlemer og andre interesserte!

Styret i Ørsta Sogelag, 8. aug. 2009
Anne Marie Øyehaug, leiar
Bjørn Krøvel, skrivar