Årsmøtet i Ørsta Sogelag 5. mars 2012

Referat frå årsmøtet

Årsmøtet i Ørsta sogelag 2012 vart halde 5. mars frå kl. 19.00 i Peisestova på Møre Folkehøgskule med godt frammøte (45 deltakarar). Leiaren Anne-Mari Øyehaug ønskte vel møtt til alle og spesielt til redaktør for Nærings- og kultursoga i Ørsta, Gunnar Ellingsen. Ho orienterte om at det etter dei vanlege årsmøtesakene ca. kl. 19.30 vart gjennomført eit fellesmøte med dei andre sogelaga i Ørsta. Det ville då bli servert kaffi/te og kaker før hovudposten for kvelden: Presentasjon av den ferdigtrykte Nærings- og kultursoga for Ørsta, Bind I.  

Skrivaren las opp årsmelding 2011 – og kasseraren la fram rekneskap 2011 som møtet godkjende. På vegne av leiaren i valnemnda, Johanne Engeseth, presenterte nestleiar Else Aambakk valnemnda si innstilling til styre i Ørsta Sogelag for 2012. Årsmøtet valde Anne-Mari Øyehaug som leiar. Elling Henøen og Bjørn Krøvel var ikkje på val, og dei held fram eitt år til. Kåre Opsahl og Else Aambakk var på val. Det vart attval på Kåre Opsahl. Nytt styremedlem for Else Aambakk, som sa frå seg attval, var Johanne Engeseth. Som vararepresentantar for det nye styret valde årsmøtet Finn Ørstavik og Liv Brekke. Leiaren Anne-Mari Øyehaug gav Else Aambakk ein blomebukett og takka henne for innsatsen i tre periodar (6 år) i styret.  Valnemnda vart sett saman slik: Kirsti Hansejordet, Hans K. Øye og Olaug Henøen Solhaug.   Styret for Ørsta Sogelag 2012 vart etter dette slik:

  • Anne-Mari Øyehaug, leiar
  • Elling Henøen, nestleiar
  • Kåre Opsahl, kasserar
  • Bjørn Krøvel, skrivar
  • Johanne Engeseth, styrerepr.
  • Finn Ørstavik, vararepr.
  • Liv Brekke, vararepr.

Etter at årsmøtet til Ørsta Sogelag var avslutta (kl. 19.35), kom representantane frå dei andre soge- og velferdslaga i Ørsta inn i Peisstova (ekstra 26 deltakar), og fellesmøtet tok til. Kaffi/te og kaker vart servert. Børre Lødemel underheldt med vakker song og gitarspel. Ordet vart vidare gitt redaktør for Nærings- og kultursoga, Gunnar Ellingsen, som stod for hovudposten på møtet.

Fellesmøte med dei andre sogelaga i Ørsta om arbeidet med Nærings- og kultursoga – v/redaktør Gunnar Ellingsen

Gunnar gav først eit interessant historisk tilbakeblikk på tidlegare arbeid med slekts- og næringssogene i Ørsta. Sogene for Vartdal og Hjørundfjord er alt fullførde i fleire bind. Berre gamle Ørsta mangla nærings- og kultursoge då han for 5 år sidan vart engasjert av kommunen til å fullføre arbeidet. At det brått skulle stoggast på halvvegen, var ikkje avtala. Gunnar skildra svært interessant det langvarige og det omfattande arbeidet med boka, t.d. den tidkrevjande innsamlinga og systematisering av materialet og den heilt nødvendige kjeldesikringa.

Undervegs var det mange viktige val som måtte takast – i god dialog med den kommunalt oppnemnde «Prosjektgruppa for nærings- og kultursoga i Ørsta». Det var t.d. val av tema og bildestoff, val mellom direkte tekstsitat, varsam omskriving av kjeldematerialet og kontrollar av over 3.000 personnamn i den store boka på over 700 sider.

Bind I skildrar mange svært interessante tema i perioden 1600–1837, fram til tidspunktet for innføring av formannskapslova og kommunalt sjølvstyre i Noreg.  Bind II vil tilsvarande skildre næringar og kultur i Ørsta i tidsrommet 1837-1915, fram til tidspunktet då det første kommunale kraftverket vart teke i bruk.

Etter bokpresentasjonen vart det mellom dei 71 deltakarane i salen uttrykt stor frustrasjon over at fleirtalet i Ørsta kommunestyre så langt hadde stansa det vidare arbeidet med bind II og bind III. Det vart m.a. sagt at det er meiningslaust no å stoppe eit halvferdig prosjekt. Svært mykje nærings- og kulturstoff ligg klart for vidare arbeid. Når ein historikar i over 5 år har sett seg så godt inn i kjeldene – og dessutan har ein plan for korleis arbeidet skal vidareførast med dei to neste binda, er det stor sløsing med ressursar å stoppe arbeidet no. Kunnskapar vil gå tapt om denne saka no vert utsett på ubestemt tid.  

Det vart også reist spørsmål om ei pengeinnsamling til kommunen og prosjektet eventuelt kunne vere ei løysing. Dette vart avvist; restarbeidet med dei to sogebinda vil ta 3-4 år, og opplegget for vidare framhald må vere «forutsigbart», dvs. det må vere langsiktig finansiert før oppstart.

Redaktør Gunnar Ellingsen takka dei oppnemnde medlemene i «Prosjektgruppa for nærings- og kultursoga i Ørsta» for godt samarbeid og gav dei kvar eit bind av den nye boka. Leiaren i Ørsta Sogelag, Anne-Mari Øyehaug, takka redaktøren for den formidable innsatsen og uttrykte stor von om at arbeidet med bind II og bind III snarast kunne halde fram.

«Ein må berre finne ei løysing i denne vanskelege saka i god dialog med det politiske miljøet i Ørsta – slik at arbeidet kan halde fram også etter 1. mai 2012», sa leiaren for Ørsta Sogelag, og ho fekk sterk akklamasjon frå deltarane på fellesmøtet med alle sogelaga i Ørsta.