Møre Folkehøgskule i Ørsta v/Åsmund Arne

Møre Folkehøgskule i Ørsta. Bakgrunn, skiping og vidare utvikling – vert tema på Ørsta Sogelag sitt vårmøte.

Straks før 1900 vart Møre Folkehøgskule lagd til Ørsta, heimbygda til Ivar Aasen og Anders Hovden – medan dei andre høgare skulane på Søre Sunnmøre, m.a. Olav Ristes gymnas og Henriks Kaarstads lærarskule, om lag på same tid vart lagde til Volda.   Mange har undra seg over denne fordelinga og lokaliseringa av skulane – og kva var den eigentlege grunnen? 

Som bakgrunn kan me kort nemne at ideen om danning av folkehøgskular i Norden kan førast attende til den store danske presten, diktaren og pedagogen Nikolai Fredrik Severin Grundtvig (1783-1872) og hans pedagogiske prinsipp om å ta i bruk det levande ordet i skulen. Grundtvig skapte ein fruktbar syntese av pedagogiske straumdrag i tida, m.a. frå store tenkjarar og filosofar som Holberg, Pestalozzi, Basedow, Goethe, Schiller og Rousseau, og på ein genial måte gav han dei viktige europeiske straumdraga sitt personlege og sjølvstendige preg. Grundtvigianismen fann raskt grobotn i folket og spreidde seg langt utover – av fleire grunnar også til Noreg og bygdene her oppe hjå oss.

Utetter på 1800-talet tok Grundtvig i sine bøker og skrifter m.a. eit kraftig oppgjer med latinskulen, «dødens skole», og ønskte i staden å skipe ein «skole for livet» der det levande ordet skulle skape ei vekkjande fornying og opplysning hjå dei unge. Den føreståande demokratisering av samfunnet (i Noreg etter 1814) var heilt avhengig av ei landsomfattande opplysning, nødvendige tiltak som kunne sette bønder og borgarar i stand til å delta i styringa. Grundtvig tok også eit oppgjer med gjeldande religionsundervisning i skulen. Det var basert på ei mistyding, hevda han: dels var borna for umodne, dels var det umogleg å «indprygle» tru, håp og kjærleik i menneskehjartet. Skulen si oppgåve skal vere å gjere dei unge til menneske, og menneskelivet kan ikkje reduserast til berre å vere ein «pilegrimsgang» mot det evige.  Med setninga «menneske først, kristen så» slår teologen Grundtvig fast at ein levande kristendom ikkje kan eksistere utan «en levende folkelighet».  Såleis gjekk Grundtvig inn for ein sekularisert høgskule der dei kristne stilte seg solidariske med dei ikkje-kristne, ein skule der det verdslege menneskelege engasjement var det avgjerande, likevel utan å hindre at skulen gav opplysning om kristendomen.

Grundtvig la stor vekt på den nordiske samkjensla og ønskte at nordmennene også skulle ha ein høgskule «hvor naturlivet styrkes og klares». Hans samla idè og målsetjing for den nye høgskulen i Skandinavia var at han skulle stå open for elevar frå alle samfunnslag. Skulen skulle vere demokratisk og for heile folket sin ungdom og ikkje vere eksklusiv berre for dei lærde. Han vart planlagd for unge over 18 år sidan dei var modne og mottakelege for ei undervisning sikta mot det praktiske, borgarlege samfunnslivet. Kostskulereformen var den mest føremålstenlege for å oppnå vekselverknad mellom lærar og elevar og mellom elevane innbyrdes. Skulebøker skulle spele ei sekundær rolle, berre vere «gode venner i bakhaanden». Læraren skulle vere igongsetjar ved sjølv å bruke det levande ordet, men forteljinga skulle også etterfølgjast av den gode samtalen for å skape levande vekselverknad. Undervisningsemna skulle tangere allmennmenneskelege spørsmål av kulturell og samfunnsmessig art og bygge på landet sine føresetnader. Dei skulle gjevast for elevane som fullstendig frivillig tilbod, dvs. eksamen skulle ikkje haldast, og det vart lagt stor vekt på fellessongen si vekkjande og samanbindande betydning. Før Grundtvig døde i 1872 var hans store pedagogiske idear sett ut i livet både i Danmark, Sverige og Noreg, t.d. Rødding Højskole i 1844, Sagatun folkehøgskule i 1864 og m.a. Christofers Bruuns folkehøgskule i Sel i Gudbrandsdalen 1867-68, frå 1871 i Gausdal.  I Sverige kom Ønnestad og Hallan folkhøgskolor i 1868. Finland fekk sin første folkehøgskule i 1892.

Så kan me merke oss at det i Noreg på denne tid var eit nært idelogisk samband mellom den grundtvigianske folkehøgskulerørsla og den frilyndte ungdomsrørsla. Av fleire grunnar stod denne svært sterkt på Sunnmøre, og ungdomslag var før 1900 skipa i dei fleste bygdene. Ungdomslaga hadde også mange opplysande aktivitetar i Grundtvigs ånd og fungerte nærast som folkelege akademi i samtida.  Til dømes var lese-, skrive- og diskusjonstrening svært viktige aktivitetar i ungdomslaga. Kveldsskular vart etablerte i regi av dei lokale laga, og det vart undervist i fag som rekning, norsk, naturfag og framandspråk. Den første paragrafen i Ørsta-laget klargjorde føremålet svært godt slik: «å arbeide for norskdom, fridom og upplysning». Også snikkar- og treskjerarskular vart etablerte i regi av ungdomslaga. I mange lag var skodespel, musikktilstellingar med spelemenn og visesong sterkt i fokus, og i andre vart det arbeidd både med skogsak, målsak og fråhaldssak. 

Ifølgje prof. Oddbjørn Melle i boka «Fjordbygder i forandring» eksisterte det hjå mange medlemer i ungdomslaga i Ørsta-Volda ei sterk utdanningspositiv haldning.  Ungdomsrørsla brende for å få etablert sin eigen høgskule i Grundtvigs ånd, t.d. til liks med det pietisten og skule-entreprenøren Henrik Kaarstad hadde lukkast med i høve sin private lærarskule i Volda (etablert i 1895) – eit skuleslag som i denne brytningstida kanskje stod for den motsette åndsretninga.  I 1898 reiste tre lokale, engasjerte og visjonære menn med sterk tilknyting til ungdoms- og nynorskrørsla til Hardanger for å overtale den tidlegare læraren ved folkehøgskulen der, lesebokforfattaren Andreas Austlid, til å skipe ein slik skule på Sunnmøre..

Styret i Ørsta Sogelag ønskjer å aktualisere denne saka på vårmøtet sitt, og har vore så heldige å få tidlegare rektor ved folkehøgskulen, Åsmund Arne, til å forelese om temaet. Kva sentrale og lokale straumdrag i tida låg eigentleg bak skipinga av Møre Folkehøgskule i Ørsta? Kven var pionerane for etableringa, og kva betydning fekk denne skulen for Ørsta-samfunnet utetter på 1900-talet?

Vårmøtet til Ørsta Sogelag vert lagt til Peisestova på Møre Folkehøgskule komande måndag. Songaren Ruth Olina Lødemel, gitaristen Øystein Dahle Egset og Alf Lødemel på trekkspel underheld. Styret i Ørsta Sogelag ser fram til møtet og ønskjer medlemer og andre interesserte vel møtt!  Me viser til annonsen elles i avisa.