Sommartur til Nordfjordeid

Sommartur til Nordfjordeid på sogespelet “Elskhug og eksis” med Ørsta Sogelag  

Elskhug spelSommarturen til Ørsta Sogelag går til den gamle eksisplassen på Nordfjordeid søndag 23. juni. Der skal me saman skal få oppleve det vakre historiske lystspelet «Elskhug og eksis». Dette er fjerde gongen Ørsta Soglag reiser til sogespel som vert jamt vert lagde til ulike historiske stader i regionen vår sommarstid. Tidlegare turar til Giskespelet, Herøyspelet og Dragseidspelet har alle vore svært vellukka – og me ser fram til turen til sogespelet på Nordfjordeid.

Først litt om den historiske bakgrunnen for spelet «Elskhug og eksis»: Den militære øvingsplassen på Eid vart grunnlagt på garden Osnes i 1649 på nordsida av Eidselva frå elvemunningen og austover og er såleis den eldste i landet av sitt slag. Mesteparten av garden vart lagt ut til eksersisplass og har på folkemunne vorte kalla «Plassen». Kongeleg skriv frå 1705 slår fast at tre kompani skulle samlast til bataljonsøving på Nordfjordeid kvart år, 14 dagar i juni – og i over 200 år sette desse store soldatsamlingane sitt preg på den vesle bygda.  Også ungdomar frå Sunnmøre og Ørsta vart kalla inn til teneste på eksisplassen på Eid.

Fleire i Ørsta i dag har t.d. besteforeldre og oldeforeldre som gjekk inn til Eid kvar sumar og tok del i eksisen. Aktiviteten var aller størst på slutten av 1800-talet, spesielt i Holtermannstida oppkalla etter oberst Holtermann som var sjef for Fjordenes korps frå 1895 til 1901, dvs. mot slutten av unionstida med Sverige. Elles kan nemnast at spenninga var spesielt stor mellom soldatane på eksis på Nordfjordeid i 1905 då ein krig mot Sverige i stor grad var aktuell. Det siste har eg frå bestefar min, Knut A. Krøvel, som i 1905 var 23 år og tok del på denne alvorlege eksisen.

eksis norfjordeidEksersisplassen på Nordfjordeid vart vidare hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 (IR 10) fram til 1930, då Nordfjord Bataljon vart lagt under Bømoen på Voss.  I stordomstida for militærvesenet på Nordfjordeid grodde det opp handel- og handverksbedrifter som levde av arbeid for det militære. Kvinnene tente pengar på vask av soldattøyet på den gamle vaskeplassen i Malakov og på å ha soldatar i kost og losji heime. Mange kvinner hadde ekstrainntekter på å vaske kle for soldatane. Vasken gjekk føre seg i Jektehola.

Spelet «Elskhug og eksis» har ei autentisk historisk forankring i hendingar frå Eksersisplassen, og handlinga er lagt til 17. mai 1885. Dette var ei tid då det skjedde svært mykje i Noreg. Frigjeringa i 1905 er enno 10 år fram i tid, men mykje lokalt skjedde på Plassen og i bygdemiljøet rundt,  og alt dette er ein raud tråd gjennom stykket.

Den historiske musikalen har ei festleg, lett og ledig form, med raske skift og kvalitetsmessig høgt nivå både på song, musikk og dans. Publikum får ei både ei humoristisk og musikalsk oppleving, i tillegg til innblikk i dette spesielle bygde- og militærmiljøet sist på 1800-talet. Dette er ein folkeleg musikal, sett med dei unge sine auge frå den delen av unionstida. Ein møter t.d. vaskekonene som vaska militære kle i elva og soldatar som stod eksis, og sjølvsagt er den militære Kjøsnesmusikken med. Ein god del av aktørane i stykket er historiske personar, som hadde funksjonar knytt til Eksersisplassen, eller til ungdomsmiljøet på Nordfjordeid. I tillegg er det også nokre oppdikta personar som er fletta inn i historia.

Som eit direkte resultat av planane for ”Elskhug og eksis” vart det på Ekserserplassen i 2004 bygd amfi med plass til rundt 500 personar. Det er bygd i naturstein og har blitt ein sjølvskriven arena for utandørs framføringar av teater og musikk. Her har spelet ”Elskhug og eksis” vorte framført annakvart år i jonsokhelga i 2005, 2007, 2009 og 2011. No vert framsyninga sett opp for 5. gong i tida 22. – 23. juni 2013. Marit Grytnes Dullaert er regissør og Erlend Ona Gjul regiassistent. Musikkarrangementa er ved Reid Gilje, jf. www.elskhug.no.

Til slutt: Det vert avreise i privatbilar frå Kyrkjegata ovanfor Svendsengarden kl. 11.30. Me tek Stigedalen fram og Kvivsvegen tilbake. Ta gjerne med litt mat og drikke som me kosar oss med før framsyninga starter kl. 14.00. Etter framsyninga får me middag på Nordfjord Hotell. Påmelding skjer til leiar Anne-Mari innan laurdag 15. juni. Sjå annonsen elles i avsia. Alle er velkomne!

Bjørn Krøvel