Bos-saka i Ørsta i mellomkrigstida v/Gunnar Ellingsen

Mykje «skitprat» på Ørsta Sogelag sitt vårmøte komande måndag?

Bossplassalternativ på MoTil vanleg er det god stemning og ikkje noko stygt prat på møta til Ørsta Sogelag, men på møtet komande måndag på Møre Folkehøgskule kan det bli ein god del skitprat..

Då har nemleg Gunnar Ellingsen tenkt å ta føre seg renovasjonssoga for gamle Ørsta – tidleg på 1930-talet, i ei tid då rottene i bosplassen på Mork skulle ha vore store som små kviger, og då politikarane i fullt alvor vurderte om den kommunale bosplassen burde liggje i Grepafjøra!  Dei diskuterte også å plassere boset der småbåthamna ligg i dag – eller ved Rossåbrua – og på eit titals andre stader, medan Ivar Aasen heller ville betale for å få boset dumpa i Åsen!

I den andre halvdelen av kåseriet sitt vil Ellingsen ta for seg Ørsta-samfunnet kring krigsutbrotet 9. april 1940, slik han har sett det gjennom spaltene i Møre-Nytt på den tida. Elles vil han kome inn på både Standalrennet, fabrikkrennet i Ørstavik og i Nupen, Finlandskveld på Ervingen i Hovdebygda, ”Nigger Stepp” på Idavollen, og luksusvarene i silke på Ørsta Trikotasjeutsalg.

Gunnar unnlet heller ikkje å kome inn på at kommunestyret samrøystes vedtok eit møtereglement  ”under den stillteiande overeinskomst at det ikkje kan haldast”, slik Møre-Nytt meir eller mindre ironisk kommenterte det.

Me ser fram til Gunnar Ellingsen sitt kåseri og hans servering av gode smakebitar frå nærings- og kultursoga for Ørsta – slik berre han kan!  Elles vert det på vårmøtet servert kaffi/te og kaker – og kulturelt innslag v/gitarist Pål Foldal Aam.

Me viser til annonsen elles i avisa og ønskjer vel møtt til medlemer og andre interesserte!