Millionøsa Miss Louise Arner Boyd v/Britt Aanning Aarseth

Miss Boyd-kveld på haustmøtet til Ørsta Sogelag

mboydMåndag 15. okt. inviterer styret i Ørsta Sogelag til haustmøte i Peisstova på Folkehøgskulen. Tidlegare kultursjef i Volda, Britt Aanning Aarseth, står for hovudtemaet på møtet: soga om millionøsa Miss Louise Arner Boyd og ishavsskuta «Veslekari» frå Vartdal.

Miss Boyd var i frå San Rafael i California USA og arva ei stor formue etter foreldre sine. Dei hadde vore med på det store gullrushet i California frå midten av 1800 talet. Arven gjorde det mogleg for Miss Boyd å utruste og finansiere sju ekspedisjonar til arktiske strok – også hennar galante livsstil i San Rafael. Vartdal-skuta «Veslekari» vart Miss Boyd sin store kjærleik, og denne skuta nytta ho både i 1931, 1933, 1937 og 1938.

Av mannskapet på «Veslekari» gjekk Louise Arner Boyd berre under namnet «Misså», og det var eit særsyn og sjå henne stige om bord i ishavsskuta første gong i Ålesund i 1931.  Asbjørn Rudi frå Hovdebygda fekk det ærefulle oppdraget å geleide «Misså», med hennar svære hermelinpels, galant om bord. På hovuddekket var det sett opp to ekstra kahytter for henne og hoffdama. Ho hadde også med seg ein kvinneleg sekretær. Endå ei ekstra kahytt framunder baugen gav plass til filmutstyret hennar. På denne første ekspedisjonen med Miss Boyd, som gjekk til Nordaust-Grønland, var Paul Lillenes frå Tjørvåg skipper. På dei seinare ekspedisjonane var det Johan Olsen som førde skuta.

Miss Boyd var ein ivrig fotograf. I baugen på «Veslekari» installerte ho eit kjempekamera der kvalkanonen stod tidlegare. Ho investerte i avansert og flott utstyr – som ho gjerne viste fram, og på nokre av turane ho hadde også med eigne folk til å bere kamerautstyret. Miss Boyd tok tusenvis av bilde, både farge og svart-kvitt, stills og kino, bilde som seinare skulle få betydning både for kartteiknarar og geologar.

 

«Veslekari» som var bygd på Vollen i Asker av Chr. Jensens Båtbyggeri i 1918, vart etter kvart ei svært kjend skute med mange spanande ekspedisjonar – også vanleg kval- og selfangst. «Veslekari» var bygd etter same lest som dei berømte polarskutene «Fram» og «Maud», og mykje av materialen i «Veslekari» var restar etter nettopp «Maud». «Veslekari» forliste på New-Foundland i 1961.

«Veslekari» som var bygd på Vollen i Asker av Chr. Jensens Båtbyggeri i 1918, vart etter kvart ei svært kjend skute med mange spanande ekspedisjonar – også vanleg kval- og selfangst. «Veslekari» var bygd etter same lest som dei berømte polarskutene «Fram» og «Maud», og mykje av materialen i «Veslekari» var restar etter nettopp «Maud». «Veslekari» forliste på New-Foundland i 1961.

Ekspedisjonane hennar vart utstyrte med det beste av instrument i tida, og ho tok m.a. bruk av ekkolodd til vitskapleg arbeid, t.d. utstyrte ho «Veslekari» med ekkolodd i 1933.  På ein ekspedisjonen med «Veslekari» i 1937 der geologiske, oseanografiske og botaniske undersøkingar var i fokus, deltok 6-7 amerikanske vitskapsmenn og ei rekkje norske assistentar. Ved hjelp av ekkolodd oppdaga Miss Boyd m.a. delar av ei fjellkjede på havdjupet mellom Bjørnøya og Jan Mayen.

Også når det galt meteorologien, var Boyd ei føregangkvinne; ho telegraferte vermeldingar både til Grønland, Island og Tromsø. I 1928 var Boyd med på ein ekspedisjon med skipet «Hobby» då Roald Amundsen forsvann med flyet «Latham». Ho stilte farty og ekspedisjon til disposisjon for leitinga, og i tre månadar var «Hobby» moderskip for dei norske flymaskinane med Hjalmar Riiser-Larsen i spissen. I 1931 var Miss Boyd den første som kunne gratulere dei norske okkupantane på Nordaust-Grønland.

Miss Boyd tok tusenvis av bilde, både farge og svart-kvitt, stills og kino på sine ekspedisjonar med «Veslekari». Her poserer ho framfor ein «opphengd» isbjørn - som ho kanskje har skote sjølv?

Miss Boyd tok tusenvis av bilde, både farge og svart-kvitt, stills og kino på sine ekspedisjonar med «Veslekari». Her poserer ho framfor ein «opphengd» isbjørn – som ho kanskje har skote sjølv?

 

Britt Aanning Aarseth har i mange år lagt ned eit stort arbeid for å samle historia om Miss Boyd og vil dele denne med oss på haustmøtet. Britt skulle vere kjend for dei fleste, m.a. for det imponerande og viktige arbeidet ho har lagt ned for kulturskuta «Hindholmen». Me gler oss til foredraget og ønskjer alle medlemer og andre interesserte vel møtt! Kaffi/te og kaker vert servert – også musikalske innslag. Viser til annonsen elles i avisa.

Bjørn Krøvel