Luftkrigen over Hjørundfjorden vinteren 1945 – v/Arnold Hustad

Luftkrigen over Hjørundfjorden vinteren 1945 – historisk bakgrunn og menneskelege følgjer – i fokus på julemøtet 2012 til Ørsta Sogelag

Styret i Ørsta Sogelag arrangerer julemøte i den koselege Peisestova til Møre Folkehøgskule komande måndag. Heilt etter tradisjonen dei seinare åra syng me saman kjende og kjære julesongar – til fint akkompagnement av Matias Austrheim. Gode smørbrød, kaker og kaffi/te vert servert – og «Ørstaminne 2012» vert presentert og tilbode for sal til redusert pris. Viser elles til annonsen i avisa.

Hovudposten på møtet står Arnold Hustad for. Han vil fortelje om luftkampen over Hjørundfjorden  16. febr. 1945 og korleis han for nokre år sidan fekk kontakt med familien til den omkomne flygaren frå Austerrike. Brått og uventa vart Hjørundfjord denne dagen for snart 68 år sidan midtpunkt for dramatiske krigshandlingar i ein avgjerande sluttfase av verdskrigen. Korleis kunne dette skje? Kva var årsaka – og korleis enda luftkrigen? For dei fleste i Ørsta og Hjørundfjord i dag er hendinga relativt lite kjend, og me tek også med nokre bakgrunnsopplysningar i høve det Hustad vil fortelje vidare om på møtet.

Tyskland var på tilbaketog på alle frontar i 1943 og 1944. Engelskmennene vann slaget ved El Alamein, og tyskarane vart drivne ut av Nord-Afrika og etter kvart frå Mussolini sitt Italia. Russarane sigra avgjerande ved Stalingrad, jaga tyskarane ut av Sovjetunionen, rykka vestover og hærsette store delar av Aust-Europa. Deira krav til vestmaktene om å opprette «Den andre front» vart til slutt oppfylt då engelskmenn og amerikanarar gjorde landgang i Normandie og begynte å drive tyskarane vekk frå Atlanterhavskysten. Vestmaktene starta massive flyangrep mot mål i sjølve Tyskland.  Flyfabrikkar, ubåtverft, oljeanlegg og kommunikasjonar vart bomba så voldsomt og konsekvent at motstandskrafta gradvis vart svekka. Dei fleste av storbyane vart meir eller mindre forvandla til ruinar, og mange hundre tusen sivile mista livet.

Produksjonen av drivstoff for fly, båtar og landtransport sokk katastrofalt, og mot febr. – mars 1945 var nesten all industriell krigsproduksjon i Tyskland stoppa opp. Parallelt var dei allierte heilt overlegne på materielle ressursar. USA sitt kolossale produksjonsapparat forsynte dei allierte styrkane med større og større mengder krigsmateriell og transportmidlar, og frå den russiske storindustrien aust for Ural gjekk ein stadig straum av våpen til austfronten. Dessutan hadde dei allierte omsider fått overtaket i kampen om forsyningslinjene til sjøs, og skipstapa gjekk kraftig ned. Det er i dette perspektivet vi må forstå luftslaget i Hjørundfjord 2 ½ månad før Tyskland kapitulerte, og krigen i Europa tok slutt. 

Trass i at all motstand var nyttelaus, kravde Hitler diverre at kampane skulle halde fram, og absolutt alle tilgjengelege ressursar skulle no setjast inn. Alle typar råvarer som var viktige for krigen og industrien i Tyskland, jarnmalm, kol, kis, olje, drivstoff og alle typar tilgjengeleg ammunisjon, t.d. i okkuperte Noreg, måtte førast tilbake til Tyskland, men dette medførte store farar. Alliert flyaktivitet på norskekysten hadde auka, og tysk marine som skulle verne vital tysk transport, hadde store problem med å gå over opne havstrekningar på dagtid. Tyskarane vart tvinga til berre å gå om natta og å finne gode gøymestader for skipa sine om dagen, og det fann dei. Tronge fjordar med steile fjellveggar gjorde det vanskeleg for dei allierte å kome til med sine tunge bombefly.

Trafikken sørover norskekysten var stor denne siste krigsvinteren, og «gøymestad-politikken» til den tyske flåten, handelskip støtta av marinen, var systematisk . Norangsfjorden på Sunnmøre var ein slik god gøymestad. Frå Ysteneset, innover Norangsland og heilt inn i vika låg ofte transportskip ankra opp med torpedobåtar som eskorte. Hit kom dei tyske skipa om morgonane og her låg dei heilt stille medan det var dagslys. Mot kvelden kasta dei loss og for ut fjorden att. Den same aktiviteten skjedde i fleire fjordar på Sunnmøre, også i Ørstafjorden. Ofte vart dei oppdaga av dei allierte, og det vart gjennomført fleire flyåtak på tyske båtar på veg sørover som slik låg i dekning på dagtid.

Tidleg om morgonen 16. febr. 1945 gleid tre kamuflasjemåla tyske skip inn i Norangsfjorden. Det største var forsyningsskipet «Dithmarschen» på 10.816 dwt.  Det la seg omlag midt i fjorden eit stykke innanfor Stennes, medan dei to andre var mindre og la seg heilt inn på Norangsvika, så nær land som mogleg. Ein av desse var eskorteskip og hadde kjenneteikn VP 6805.  «Dithmarschen» var ein tankbåt – «Tross-schiffe»  (forsyningsskip) – som var i eige av krigsmarinen og tente som brenselforsyningsskip til mange av dei store tyske slagskipa; m.a. Scharnhorst, Lützow og Admiral von Scheer. Som forsyningsskip for den tyske aktiviteten langs norskekysten, hadde den truleg store mengder olje, ammunisjon og maskindelar i lasten. Lasten var stor og svært farleg. Skipet måtte gøymast godt om dagen dersom det verdfulle innhaldet skulle nå attende til Tyskland.

Folk i Norangsfjorden kjende seg sjølvsagt utrygge då dei vakna om morgonen og oppdaga slikt besøk i fjorden. Dei allierte var alt varsla, truleg av motstandsrørsla lokalt, og ein storaksjon vart sett i verk. Først vart det kl. 07.05 sendt eit fly frå basen Banff i Skottland, ein mosquito F-333, for å rekognosere. Avstanden til Sunnmøre og Hjørundfjord var ca. 700 km og med ei marsjfart på ca. 400 km/t dukka det opp i Hjørundfjord to timar etter, kl. 09.05. Skipa opna eld mot flyet, men det vart ikkje truffe, og etter ein rask, uredd rundtur mot Molde og Åndalsnes, kom det attende til basen i Skottland kl. 11.30.

No skjøna hjørundfjordingane kva som kom til å skje utpå ettermiddagen; ein større luftkrig var under emning. Sikringstiltak vart planlagde, og særleg måtte ein finne trygge plassar for borna. På Øye var det m.a. evakuering fram til Skylstad. Aktiviteten om bord på dei tre tyske skipa var også stor. No venta dei eit stort flyåtak frå allierte fly frå Skottland. Alle våpenpostar om bord vart klargjorde og bemanna, og sjølvsagt vart også tyskarane sin store flybase på øya Gossa, vest for innlaupet til Frænafjorden på Molde-halvøya, alarmert.

På flybasane i Banff, Dallachy og Peterhead var det parallelt også hektisk aktivitet. Rapporten frå rekognoseringsflyet vart gjennomgått og vurdert. Mange flygarar vart «briefa» for operasjonen og fleire typar fly vart klargjorde for angrepet med store mengder bomber, rakettar og ammunisjon. Alt kl. 12.30 var dei på veg mot Sunnmøre og Nordangsfjorden.  Til saman deltok 47 fly i aksjonen, og dette var heilt tydeleg ei høgt prioritert sak for dei allierte: Tyskland skulle ikkje få heim den viktige lasta til forsyningsskipet «Dithmarschen».  Frå Banff starta 12 mosquitos, moderne bombejagarar, alle væpna med to stk. 500 lb MC bomber (5 av desse var frå den norske 333-skvadronen, ein av desse fekk motorproblem og måtte gjere vendereis). Frå Peterhead starta 12 mustangjagarar frå 65. East India skvadron, ein uvanleg rutinert jagarskvadron som m.a. hadde gjort ein stor innsats under «Battle of Britain» i den mest kritiske fasen av verdskrigen. Samstundes tok 21 beaufighters fly av frå basen Dallachy, eit uvanleg hardt armert tomannsfly med enorm eldkraft. Til slutt var 2 warwicks A.S.R. (redningsfly) med i følgjet mot Sunnmøre.

Vertilhøva og vanskelege rakettmål i den tronge Nordangsfjorden gjorde oppgåva umogleg for dei tunge beaufigherstyrken, og han måtte diverre returnere til Skottland. Difor var det dei raskare og lettare mosquitoane (m/treskrog) som gjorde seg klar til bombing av båtane.  5 av dei 12 mosquitoane dukka brått nedom skydekket og inspiserte målet frå sørsida – og kl. 14.53 starta infernoet: Med full gass og eit overveldande brøl styrta flya ned mot Norangsfjorden med si daudbringande bombelast. Det var full alarm ombord på dei tre skipa, og dei frykta det verste. Luftvernartelleriet «spela opp» med full kraft medan 10 bomber (to per fly) vart sleppte…

På underleg vis vart båtane ikkje trufne , heller ikkje flya – og det som no skjer i sekunda etter får avgjerande betydning for vidare utvikling i luftkrigen: Brått var det ei stor mengd tyske fly i lufta, nett komne fram frå den tyske basen nord på Gossa.  Fleire Messerschmidt 109 vart obervert sydaust for målområdet. Eitt av dei norske mosquitoflya vart angripe, men det kom seg unna utan å få skade. Mustangjagarane avbraut åtaket og kursa attende mot basen, men i neste angrepsbølgje suste dei 12 engelske mustangjagarane inn i luftslaget.  Mellom fjella og dalane i Hjørundfjord vart det no ein kamp på liv og død mellom tyske og engelsk jagarar, og 30-40 fly var i blodig aksjon. Over alt knitra det i mitraljøsesalvar og vass- og moldsalvar markerte nedslaga. Bensintankar som kom dalande ned skremde og opp folket som trudde det var bomber, og nokre fly vart trufne ..   

For ei kort stund i 3-4 tida denne ettermiddagen var storkrigen komen til Hjørundfjorden, og me stansar her: Arnold Hustad vil fortelje meir om kva som hende vidare i luftkrigen og følgjene av slaget både for flygarane og folket i Hjørundfjorden.  Alt kunne ha gått mykje verre for folket i Norangsfjorden, spesielt om «Dithmarschen», lasta med olje og ammunisjon, denne dagen hadde gått i lufta. Hendinga enda trist for ein av dei unge tyske flygarane, men fekk også ein forsonande slutt med det som skjedde mange år etter. Me ser fram til Arnold sitt foredrag på julemøtet vårt.

I Årsskrift nr. 7 frå Hjørundfjord sogelag 1985, som også er kjelde for denne korte omtalen, gir Jarle Walseth ei svært god orientering om sjølve flyslaget i Norangsfjorden denne februardagen i 1945 og dei mange rapportane som er skrivne av flygarar på dei ulike deltakande skvadronane. Ove Røv har også teke dette med i si bok. På «Hjørundfjordportalen» vil ein finne fleire interessante lesarinnlegg og fotografi frå den dramatiske hendinga då Hjørundfjord brått og uventa var midtpunkt i andre verdskrig.

Både medlemer og andre interesserte er hjarteleg velkomne til Ørsta Sogelag sitt julemøte 2012.  Vel møtt!