Historia om Kvalsvik-bibelen v/Jostein Fet

Ørsta Sogelag på hausttur til Sagafjord Hotell, bedehuset og kyrkja på Sæbø

Ørsta Sogelag inviterer til hausttur til Sagafjord hotell, Sæbø bedehus og Sæbø kyrkje søndag 2. september. Eit svært interessant tema står på programmet. Forskar Jostein Fet vil fortelje den forvitnelege historia om «Kvalsvik-bibelen» som no etter 450 år er funnen att!  Ingen skulle tru at dette var mogleg. Kort om bakgrunnen her:

Etter at reformasjonen vart tvangsinnført i Danmark av den dansk-norske kongen i 1537, vart bibelen laga i 3.000 eksemplar av kong Kristian III i 1550 og sendt rundt i Danmark-Noreg for å fremje Luthers lære, protestantismen. Berre 96 av desse kom til Noreg, og ein hamna i den gamle Mariakyrkja frå katolsk tid, oppførd på Hustad i Hjørundfjord. Men her var den svært vakre handlaga bibelen i skinn og tekstilpapir, gjennomillustrert med kopar– eller trestikk, slett ikkje trygg. 

Allereide i 1581 vart kyrkja totalskadd og førd på sjøen av ei fløymande elv eller fonn.  I ettertid syner det seg at bibelen ikkje kom bort eller vart øydelagd. Han kom berre på vidvanke hos stadig nye eigarar på garder på Sunnmøre. Ei utruleg lang vandring frå gard til gard fekk den vakre gjenstanden. Ingen synes ha råd til å gje den uverkeleg vakre bibelen tilbake til den staden han opphavleg høyrde heime: kyrkja i Hjørundfjord som no var oppattbygd på Sæbø.

På 1600-talet kan bibelen m.a. sporast opp på Åm-Mettegarden i Åmdalen og på 1700-talet til Volda og Dalsfjorden. Til slutt er det ein Gunder Olsen Aaslid som får hand om bibelen i privat eige. Det er også denne karen som i 1794 får han vølt, m.a. med ny skinninnbinding, utført av bonde Rasmus Vassbotn.  Seinare kom han til  Kvalsvika, ein gard på Ytre Søre i Herøy kommune som var i same slekta. Der vart han verande så lenge at han i ettertid har vorte kalla «Kvalsvikbibelen». Tre brør der i Kvalsvika som seinast hadde han i si eige, kom etter kvart til at dei ikkje ville ha ansvaret for han lenger. Særleg etter at dei vart bodne 1.000 kr per side, fekk dei attelit for at han kunne verte stolen. I år 2000 leverte Kvalsvikbrørne bibelen, Kristian 3 sin bibel frå år 1550, tilbake til Hjørundfjord kyrkje, og der ligg han no i eit eldsikkert skap.

Heile historia om bibelen – og kvifor han seinare fekk namnet «Kvalsvik-bibelen», vil forskar Jostein Fet ta opp på haustmøtet vårt, og me gler oss til det. På vanleg måte vert det avreise i privatbilar frå Kyrkjegata i Ørsta ovanfor Svendsengarden. Me startar me med lunsj på Sagafjord Hotell før me går vidare til bedehuskjellaren der Jostein vil halde foredraget sitt. Etter dette går me bort til kyrkja der Bjarne Hustadnes fortel og viser rundt.

Styret i Ørsta Sogelag ønskjer alle medlemer – og andre interesserte i bygdene rundt – vel møtt til samlinga på Sæbø komande sundag. Påmelding. Sjå annonse elles i avisa. Vel møtt!