Byvandring – I min barndoms gater

Byvandring med Gunnar Ellingsen under temaet:  ”I min barndoms gater”

–  Ørsta Sogelag arrangerer sommartur til Ålesund.

ÅLESUND - 2009 - 009 - Brosundet - 6. juni 2009

Byvandringa startar ved Apotekertorget på vestsida av Hellebroa

Ørsta Sogelag ønskjer alle vel møtt til ei byvandring i Ålesund med Gunnar Ellingsen, søndag om ei veke.

«Vi skal utelukkande rusle rundt på Aspøya i min barndoms gater” – seier turleiar Gunnar, men i denne viktige delen av byen er det svært mykje interessant å sjå og høyre om!  For Gunnar er dette historisk nært og mykje sjølvopplevd, og han er elles ein meister til å fortelje, det veit me!

Turen startar på Apotekertorget og går vidare langs Apotekergata til Brunholmen, der ein m.a. skal minnast dei store sildeåra på 1950-talet, og til Moljå og Molovegen som ikkje vart råka av den elles altomfattande bybrannen i 1904.  Så går den historiske vandringa opp Øwregata og til særmerkte bygningar og institusjonar som til dømes Latinskolen, kyrkja, Sjømanns Kvile, Frimurerlogen og sjølvsagt ”kongen på haugen”: Aspøy skole.

ÅLESUND - 2009 - 006 - Aspøy skole - 6. juni 2009

Aspøy skole sett frå kyrkjegarden ved Ålesund kyrkje.

Turdeltakarane kryssar så den uvanleg breie Aspegata og går opp på Storhaugen for å få eit utsyn over Aspøya – som i alle fall tidlegare har vorte rekna som den tettast folkesette øya i landet. Siste delen av vandringa vert langs Statsraad Daaes gate ned til Nedre Strandgate der den førnemnde brannen starta, og så langs denne gata tilbake til Apotekertorget.

Dette vert ei svært interessant oppleving for oss alle!  Her er Gunnar verkeleg på heimebane, og me gler oss veldig til ein koseleg og lærerik dag i Ålesund!

På vanleg måte vert det arrangert fellesskyss i privatbilar tur/retur Kyrkjegata ovanfor Svendsengarden i Ørsta. Ta med niste – som me startar med, vel framme på Apotekertorget.  Etter omvisinga tek me lunsj på kafè C&C m/fiskesuppe, brød og kaffi. Hugs påmelding. Sjå annonse elles i avisa med fleire praktiske opplysningar.

Me ønskjer alle medlemer og andre interesserte vel møtt til ei kjekk byvandring på Aspøya i Ålesund!