Fellesmøte om utvikling av handel og industri i Ørsta

Sogelaga i Ørsta er inviterte til fellesmøte om utvikling av handel og industri i Ørsta frå tidleg på 1800-talet – og om Anders K. Aarsæter – ein av fleire grundarar i tida.

Ørsta Sogelag arrangerer fellesmøte med dei andre sogelaga i kommunen onsdag 6. april i gymnastikksalen ved Møre Folkehøgskule.  «Utviklinga av handel og industri i Ørsta frå tidleg på 1800-talet» vert sett i fokus på møtet, og historikar Oddbjørn Melle held foredrag om temaet.  Han kjem til å ta føre seg nokre av «grunderane» innan handel og industri og vil skildre lokale særtrekk i Ørsta og i vår region i denne omstillingstida, spesielt korleis hamskiftet frå jordbruk- og fiskerisamfunn til handel- og industrisamfunn fann si spesielle form her.

Saman med Jon Tvinnereim var Oddbjørn Melle forfattar av boka ”Fjordbygder i forandring”, og har gjennom si forsking kjennskap til feltet.  Me i sogelaga er glade for å få del i denne.  Me kjenner til nokre nasjonale utviklingstrekk frå 1800-talet, jf innklippet nedanfor, men veit ikkje kor typiske dei var for Ørsta og bygdene her.

 

Nokre nasjonale utviklingstrekk: På 1800-talet var Noreg inne i ei stor omstillingsperiode frå jordbruk- til industrisamfunn, spesielt frå 1830-åra, og nokre utv.trekk har me høyrt om (stikkord): Utvikling frå naturalhushald og direkte varebyte til auka pengehushald. Framvekst av eit heimleg kapitalmarknad, landhandel og bruk av oppspart kapital til nyttige investerings- og forbruksvarer. Utbygging av nasjonale kommunikasjonar: vegar, jernbaner, fyrregulert skipslei, telegraf, telefon, aviser.  Utvikling av tettstader, urbanisering  og utflytting av ca 1/3 av befolkninga, spesielt husmenn og bønder  til Amerika.  Redusert sysselsetjing i landbruket, men samstundes ekspansjon pga omfattande nydyrking og utbreiing av meir effektive jarnreiskapar. Auka husdyrhald, korn- og potetproduksjon. Utvikling frå sjølvforsyning til meir salsjordbruk, samvirke og meieridrift. Lettare kreditthøve til å finansiere omstillingane, t.d. ved hypotekbankar og sparebankar. Ny utskiftingslov (1857) som skapte overgang frå teigblanding til rasjonalisert drift i frittliggande einskildbruk over heile landet. Utvikling frå lokalt kystfiske til nasjonal klippfisk-, tørrfisk- og tranproduksjon, eksport og internasjonal handel. Skifte frå segl til dampmaskinar og frå tre- til jarnbåtar. Motorisering av fiskeflåten, og overgang frå kyst- og bankfiske til havfiske. Omlegging av handelsflåten frå nasjonal til internasjonal havfart/skipsfart. Frihandel og liberalisering i internasjonal handel. Omdanning av gamalt handverk til masseproduksjon av nye produkt: skomakarar erstatta av skofabrikkar, møbelsnekkarar erstatta av møbelindustri, skreddarar og syersker erstatta av tekstilindustri etc. Lokal utnytting av elvar og vassfall til å dra hjula i nyutvikla industri. Utbygging av store fossefall ved utanlandsk kapital (frå 1900) og produksjon av elektrisitet til ulike typar lett- og tungindustri etc.

Vidare kjenner me til at fleire aktørar var sentrale i omstillinga på 1800-talet i Ørsta, t.d. Anders K. Aarsæter frå Follestaddalen (1791-1881), og Oddbjørn vil i foredraget også kome inn på han.  Mellom anna frå ei lokalhistorisk kjelde, og etter avtale med Oddbjørn,  vil me i denne introduksjonen skrive litt om grunderverksemda til Anders og sønene hans og elles ta med litt om deira gards- og familietilhøve. Dei var alle gode eksempel på korleis einskildpersonar såg nye moglegheiter i tida og utnytta desse på ein god måte for seg sjølv, sine etterkomarar og samfunnet. Detaljar med personnamn, årstal, giftemål og busetnad i bygdene i Ørsta, tek me med for å skape fleire interessante relasjonar til slektskap og etterkomarar som me veit det er mange av både på Vartdal, i Follestaddal, Ørstavik, Åmdal og Hjørundfjord.

Anders Aarsæter – jorbrukspioner, handelsmann og grunder

Anders overtok farsgarden Årsæter etter far sin, Knut Aarsæter (1759-1805) og mor Anne Lisbet (f. Krøvel 1763-1845) og vart etter si tid ein særs opplyst mann og dugande gardbrukar. Etter å ha studert alle landbruksskrifter som då fanst, skipa han det vidgjetne jordbrytarlaget i Follestaddalen; 8 bønder gjekk saman og på 5 år braut opp til saman 43.000 kvadratalner urydda mark til åker. For sin dugleik fekk han Romsdals Amts Landhusholdning Selskaps medalje. Men Anders ønskte ikkje berre fornying i jordbruket og betre økonomisk utbytte og levekår av det. Som andre grundarar i førindustriell periode, fekk han oppspart kapital til å vekse: Attåt gardsbruket dreiv han ”Bergenshandel”. I bygdene kjøpte han opp landbruksvarer som smør, ost og skinn o.l. og reiste til Bergen og ”høkra” dei ut for sal der. I byen kjøpte han opp varer som han visste det var trong for her heime, hadde stor forteneste og vart etter si tid ”grunnrik”.  Til Bergen sigla han med ei lita jekt og gjorde vanlegvis to turar kvar sommar i åra mellom 1816 og 1846.

Mykje av opptent kapital sette Anders inn i fast eigedom – og på gamlemåten sørgde han såleis for sine. Det vert fortalt at han m.a. kjøpte ein gard til fleire av sine søner (frå to ekteskap). Han var far til 16 born i alt, men berre 11 levde fram. På ein av Bergensturarane låg førstekona dødssjuk (1832). Straks tok han på heimturen til fots og måtte ordna seg ferd over mange kryssande fjordar, men ein del venting vart det kvar stad. Då han på denne turen kom til Straumshamn i Volda, fekk han m.a. vite at garden Krumsvika var til sals, og kjøpte den straks av opptent kapital. – Etter kvart som borna hans vart vaksne og gifte seg, vart fleire av dei oppkjøpte gardane fordelte, og kapitalen elles vart nytta i betra jordbruksverksemd, handel og industri. I neste avsnitt viser me korleis borna (frå 1. ekteskap) vart geografisk plasserte (m/nye etternamn) i bygdene rundt om og såleis fekk tilrettelagt ei økonomisk trygg framtid .

Med den første kona si, Marte Jacobsdtr. Barstad (gift 1812), fekk hans sonen Knut (1816-1871) som i 1843 gifte seg med Pernille Vatne (1818-1914). Dei busette seg på Krøvel i Åmdal. Pernille var dotter til Peder Vatne (1773-1841) og Anne Aam (1773-1849).  Dei andre 7 søskena til Knut var: Anne Lisbet (1813-1906), gift 1834 med Paul Pederson Vatne, Ola Aarsæter  (1821-1863), gift 1849 med Syneve Mortensdtr. Vinjevoll, Jacob Romestrand, Vartdal (1817-1883), Karl Tryggeset, Hjørundfjord (1825-1881), gift med Pernille Pedersdtr.  Moe, Hilde (1823-1870), gift 1848 med Jetmund Olavson Liadal, Anne Marta (1829-1892), gift 1858 med Ingebrikt Knutson Liadal, og Olave (1827-1847).

Eldstesonen Knut var det ikkje plass til på Årsætra i Follestaddal

Eldstesonen Knut hadde odelsretten til Årsætra, men han fekk ikkje overta garden straks. Det var fullt av søsken der, born, ungdomar og vaksne, og det var rett og slett ikkje plass til han. Dessutan hadde faren nyst stifta sitt 2. ekteskap, og nye søsken var komne til. I to år budde Knut difor hos svigerforeldra i Pe-garden på Vatne (ca 1843-45) og fekk bruke tida til litt torskefiske og Bergenshandel. 29-åringen Knut var lei av å vente på å overta odelsgarden og seier ein dag dette til far sin (Anders): ”Eg verte so lei av å gå so og inkje gjera. Eg lyt få taka med meg kona og kome framatt”.  Då svara gamle Anders (uttalen illustrerer svært godt hans mynde som gard- og kapitaleigar): ”Nei, min gode Knut, det gjenge ikkje an! For eg ligg her og yngjer, og du ligg der og yngjer. Årsætra er ikkje meir, skal ho føda ein mann, hev ho vel nok med det. Men eg skal seia deg ei anna råd eg: Sidan du no bur her inne i Åmdalen og kona di er derifrå, skal eg ordne det so at du kan reise heim på Krøvelen og bruke garden der i hop med paktaren, inntil det rømest her på Årsætra. For den garden som eg eig der, føder betre tvo menn enn Årsætra”.

Frå dansketida hadde ”Store-Krøvel” vore benifisert gods (kyrkjegods), og eigarar hadde m.a. vore Knut Heiberg, Ragnhild Vik og Sjur Larson Eiksund. Skøytet viser at far til Anders hadde kjøpt garden i 1805. Utfallet var at odelsguten Knut, med rett til Årsætra, flytte til Åmdalen og vart der verande, ikkje som tanken var frå først av, at han med tida skulle overta farsgarden. Knut likte seg svært godt, grodde fast, og overtok ”Store-Krøvel”.  Som skikken var, skifta han etternamn i samsvar med gardsnamnet, frå Aarsæter til Krøvel, og paktaren m/familie måtte etter kvart flytte ut. Knut vart som far sin ein dugande og interessert gardbrukar. Han byrja straks å take grøfter og dyrke urydd mark. Etter mønster frå far sin, fekk han skipa eit jordbrytarlag og fekk også Romsdals Amts Landhusholdning Selskaps medalje for sin dugleik. Som dei andre Årsætringane var Knut ein velvyrd og aktande mann og mykje brukt i offentleg og kommunalt stell i kommunen, m.a. i nemnd som reiste rundt og skyldelte alle bruka/gardane i 1860-70 åra i Ørsta, Volda og Dalsfjord.

Med den andre kona si, Marte Nilsdtr. Kolås (1804-1887) gift 1833, hadde Anders Aarsæter borna Anders, ”Skipper Anders” (1844-1911), gift med Anne Marta Øye, Nils Andreas (1838-1913), gift med Marta Elisabet Kiær, Ålesund, Rasmus Johannes (1850-1902) som fekk gardsbruk og dreiv handel på Eidså i Syvde, og Marte (1834-1923), gift 1856 med Ola Petter Øye. Følgjande born døydde tidleg i dette ekteskapet: Ingeborg Elisabet (1836-1847), Lisbet (1841-1847), gift med  Anders Anderson, Ørstavik, Matias (1847-1847) og Ingeborg Elisabet (1848-1850). I den vonde 3-årsperioden 1847-1850 minste Anders K. Aarsæther m.a.o. 5 av sine 16 born.

Brørne Anders og Nils Andreas og utvikling av firmaet Brødr. Aarsæther

Brørne Anders og Nils Andreas vart tidleg jekteskipperar og reisande handelsagentar for Webjørn Svendsen d.y. (1835-1899), hovudaktøren for det haugianske handelshuset i Ørstavik. Svendsenfamilien si verksemd med fiskeprodukt, sild og tran omfatta eit vidfemnande produksjons- og handelsnettverk frå Lofoten og Finnmark i nord til baltiske og tyske hamner i aust og Spania i sør, der dei spesielt etterspurde klippfisk. I retur frakta dei korn og salt, og handelen med Bergen langs kysten var  stor. Heilt eller delvis åtte Svendsen 8 båtar (brigg, slupp, galeas, jekter og skøyter) som trong mannskap, omfattande utrustning og proviantering frå Ørsta. I Vikeøyra hadde handelshuset stor sjøbu og bryggje der det vart drive kjøp og sal verda rundt og med bygdefolket. Her var omlastingsplass for handel på land og sjø og møteplass mellom fjordfolket og øyfolket. Verksemda hadde internasjonal karakter, men var også konjunkturutsett.

 

Etter krisa til Svendsen (1870-talet) kjøpte Aarsætherbrørne kvar si jekt frå flåten hans. Kapital frå far Anders støtta truleg kjøpet. Med desse jektene gjorde dei nordlandsferder og dreiv forretning i fisk, sild og tran. Reisene gjekk til Nordland, helst til Lofoten der dei kjøpte torsk, lasta og salta fisken i skutene og fekk han tørka til klippfisk på berga. Anders var stasjonert i Svolvær og Nils på Ure i Lofoten. På land hadde dei også trandamperi, tilverking av torskelever til medisintran.  Brørne hadde rik erfaring og god kunnskap for å lukkast. Anders hadde m.a. allmugeskulen i Volda (1864) og sikra seg tilleggskunnskap i bokføring – og ikkje minst i navigasjon med tanke på å bli skipper. Dei gjorde det godt og vart grunnleggarane av firmaet Brødr. Aarsæther (1877).

Firmaet satsa både på klippfisk og trandamperi og opparbeidde eit heilt nettverk av fiskeribedrifter og filialar i Nord-Noreg. Det vart etter kvart landets største produsent og eksportør av medisintran. I siste halvdel av 1870-åra skal det årleg ha gått ut 123.000 tønner tran frå Noreg, og Tyskland, Storbritannia og Frankrike var hovudmarknaden for dette viktige produktet. Verksemda var like dominerande på feltet som lakseoppdrettet ved Noregs kyst vart 100 år seinare. Ein sterk tradisjon frå Ørsta lag bak Aarsætherfirmaet. Forsking viser at Aarsæther-kapital i 1920-åra også var med på å industrialisere Ørsta, bygda som grundaren Anders kom frå.  

(Kjelder: Tvinnereim/Melle 2003: ”Fjordbygder i forandring” og Knut Anderson Krøvel (soneson til Knut Aarsæter Krøvel) 1965: ”Attersyn. Hendingar og soger i slekta”)

Styret i Ørsta Sogelag er arrangør av fellesmøtet.  Me ser fram til foredraget ved historikar Oddbjørn Melle og til musikkinslaget ved Olav Telset Vedeld og Tor Henrik Melle. Kaffi/te og ykt med kaker. Sjå elles annonsen i same avis. Me ønskjer at mange har høve til delta på fellesmøtet. 

Ørsta Sogelag ønskjer spesielt vel møtt til alle deltakarane frå Follestaddalen sogelag, Hovdebygda soge- og velferdslag, Vartdalsstranda sogelag, Hjørundfjord sogelag, Hjørundfjord kulturvernlag og Ørsta sogelag.  Det er både interessant og inspirerande i slike samanhenger å møte medlemer frå sogelaga i kommunen. Vi ønskjer også vel møtt til andre interesserte.

Ørsta Sogelag, 28. mars 2011

  • Anne-Mari Øyehaug, leiar
  • Kåre Opsahl, kasserar
  • Bjørn Krøvel, skrivar