Ørsta Sogeleg sin sommartur 2011

Ørsta Sogeleg sin sommartur 2011 går til Matvika ved Geirangerfjorden søndag 5. juni saman med ”Storfjordens Venner”

Storfjordens Venner held i år sitt tredje sommarstemne i den idylliske Matvika ved innløpet til Geiranger-fjorden, og Ørsta Sogeleg, saman med dei andre sogelaga på Sunnmøre, er invitert til å ta del. Det vert frammøte i Kyrkjegata ovanfor Fru Svendsen og avreise til Sæbø i privatbilar kl 08.15.  Ferja frå Sæbø til Leknes går kl. 8.50. Derifrå køyrer me gjennom Nordangsdalen til Hellesylt.  Båtskyssen frå Hellesylt startar kl. 10.00, jf eigen annonse i Møre Nytt tysdag 31. mai.

Matvika ligg på nordsida av Geirangerfjorden, like innanfor Lundaneset. Husa ligg litt oppe frå sjøen i ei lita, lun vik. Sjølve tunet er trygt for fonner. Mest utsett i så måte er husa for trykket frå den store Stabbefonna som er årviss på den andre sida av fjorden. Dette er den største fonna i Geirangerfjorden, og når ho kjem som mjellfonn, hender det at fonngoven slår over til Matvika og at vindauga blir knuste av lufttrykket.

Heimebøen på Matvika er berre på 3-4 mål, resten av området rundt husa er ur- og steinmark. Garden ligg i solhellinga, og når sola varmar opp stein og berg, vert det nesten «tropisk» klima i Matvika. Garden satsa då også tidleg på hagebruk. På det meste hadde brukaren i Matvika 150 plommetre, og ved stoveveggen dyrka han aprikoser. Rekordhausten i så måte skal visstnok vere 60 kilo aprikoser.

Matvik-folket slo også på dei fråflytte gardane Lundaneset, Horvadraget og Furneset. Løypestrengar vart sett opp for å frakte høyet til løa i Matvika. Det vart med andre ord mange tunge bører og mykje frakting av høy, men så kunne då også bonden i Matvika fø opptil 90 geiter og tre kyr i tillegg til ungdyra på det meste. I Matvika rekna dei høymengda i bører, og kvar bør er rundt 40 kilo. På heimebøen hadde dei 10-15 bører, frå utmarksslåtten oppe på Korsfjellet kunne dei hauste 100 bører, Furneset 100 bører, Horvadrag 120 bører og Lundanes 120 bører. Når han dreiv på det meste, var Petter Johan Matvik den største skattytaren i Sunnylven kommune.

Matvika var ein av dei siste gardane som vart fråflytta. Det skjedde så seint som i 1961, og ein hovudgrunn til at ein då måtte gi opp gardsdrifta, var at mjølkebåten til Hellesylt slutta å gå. Bilane og ferjene hadde teke over, og det skiftet greidde ikkje Matvika å tilpasse seg.

Mange av sogelagsmedlemene på Sunnmøre, også i Ørsta, er med i Storfjordens Venner og deler laget sine målsetjingar m.a. om å ta vare på den rike kulturarven ved Storfjorden. Etter stiftinga i 1975, har det kvart år vore skipa til storfjordstemne som alle har vore viktige for laget. Dei siste ti åra har det vore stemne på desse stadene: 2010: Røneset,  2009: Haugsetsætra, 2008: Smogelia,  2007: Kvernhusneset, 2006: Skjortneset, 2005: Knivsflå,  2004: Ospahjellen, 2003: Meåkneset,  2002: Vidhammar, 2001: Syltavika,  2000: Ytste Smoge.

På dei årlege stemna vert det knytt kontakt med medlemene og andre kultur- og historieinteresserte. Det vert orientert om arbeidet som er gjort sidan sist stemne og formidla historier og livet på sjølve stemnegarden. Vidare vert det skissert planar for året som kjem, informasjon som alle medlemer set stor pris på. Dei får stadfesta at det er godt liv i organisasjonen og at arbeidslysta er høgst levande. Stemna vert planlagde til minste detalj og er eit felles løft for styret og tillitsvalde.

Styret i Ørsta Sogelag ønskjer alle medlemer og andre interesserte vel møtt til sommarturen 2011 til Matvika ved Geirangerfjorden

Styret i Ørsta Sogelag, laurdag 28. mai 2011

  • Anne-Marie Øyehaug, leiar
  • Kåre Opsahl, kasserar
  • Bjørn Krøvel, skrivar