Årsmelding 2010

Årsmelding for Ørsta Sogelag 2010

Anne-Mari Øyehaug var attvald som leiar i laget. Styret i 2010 elles var Kåre Opsahl, kasserar, Else Aambakk, nestleiar, Barbro Ose, styremedlem og Bjørn Krøvel, skrivar. Varamedlemer var Håkon Høydal og Berit Hovde. Revisor for laget var Kari Dragsund og Terje Sunde. Valnemnd var Laila Bastesen og Gunnhild Dalebø.  Eli Lannerholm og Kåre Opsahl representerte sogelaget i skriftsstyret for Ørstaminne. Ørsta Sogelag sin representant i referanse-/ressursgruppa for arbeidet med nærings- og kultursoga for gamle Ørsta kommune var Eli Lannerholm, vararepresentant Svein Ose. Ørsta Sogelag sine representantar i styret for Mellestiftelsen var Bjørn Winjevoll og Mona Ryste, båe valde for 4 år på årsmøtet i 2006. Varamedlem i dette styret var Elling Dybdal.  I 2010 vart det i Ørsta Sogelag halde 6 styremøte og 4 medlemsmøte inkl. årsmøte 8. mars, haustmøte på ”Fru Svendsen” 28. okt. og julemøte i Peisestova på Møre Folkehøgskule 6. des., alle med fagleg program. I tillegg vart det arrangert 2 fellesturar (tur til Storfjordsstemne på Røneset søndag 6. juni og tur til den gamle kyrkja og prestegarden i Stokksund søndag 29. aug.). Begge reiser hadde innlagd god sogefagleg informasjon og interessante historiske omvisingar. Ørsta Sogelag vart også invitert til fellesmøte for sogelaga i Ørsta i Aasen-tunet onsdag 24. mars.  Gunnar Ellingsen heldt foredrag om ”Teko-industrien i Ørsta”. Gudny Fagerhol, Brynjulf Skurtveit og John Gulla fortalde frå sine tidlegare arbeidsplassar i denne bransjen. Hovdebygda soge- og velferdslag var god arrangør av fellesmøtet.

Styremøte i 2010 – og ulike saker til handsaming: Ørsta Sogelag hadde styremøte 11. jan., 12. mai, 9. juni, 22. juni,17. aug. og 29. nov., alle i heimen til leiar Anne-Mari Øyehaug. Tema på møta var drøfting og klargjering av mottekne saker, planlegging og førebuing av medlemsmøte og fellesturar, val av programinnslag og foredragshaldarar – og fordeling av oppgåver og ansvar internt i styret m.m. Ei viktig sak i 2010 var Ørsta Sogelag sitt skriv til Statens vegvesen og Ørsta kommune (stort skriv sendt 22.06.2010) om innløysing av Røed-huset ved E39 i Ørsta sentrum og reetablering av den tidlegare fjerna og øydelagde fontene . Vegvesenet reiv bort Fontena i 1973 på grunn av trafikale problem i E39-krysset. Det meste vart knust og ført til ei steinfylling i Ørstafjøra, men lokale eldsjeler tok vare på viktige kunstelement.  Ein avgrensa del av det vakre kulturminnet vart seinare bygd opp att i parken på Simahaugen. Heilt sidan 2005 har Ørsta Sogelag hatt saka oppe på fleire styremøte og årsmøte og teke initiativ til å få gjenreist Fontena i si opphavleg form på ein eigna plass i sentrumsområdet. I god dialog med kommuneleiinga, m.a. ordførar, teknisk sjef, leiar for skule- og oppvekstsektoren, sakshandsamarar og politikarar, har fleire alternativ vore lanserte og diskuterte. For fire år sidan konkluderte ein med at Fontena bør plasserast vest for den fint restaurerte Svendsengarden på området der Røed-huset no står (i nærområdet til E39-krysset der Fontena opphavleg stod). Bygda og kommuneleiinga har støtta dette alternativet, og ordførar har lova oppfølging. Ved sitt påminningsbrev om saka ventar Ørsta Sogelag at Ørsta kommune i god samhandling med Statens vegvesen snarast realiserer saka, dvs med innløysing av Røed-huset og reetablering av Fontena.

Medlemsmøte og medlemsturar i 2010

Årsmøtet i Ørsta Sogelag vart halde 8. mars 2010 i Peisestova på Møre Folkehøgskule med godt frammøte (34 deltakarar). Leiaren, Anne-Mari Øyehaug, ønskte alle velkomne.  Første punkt på lista var årsmøtesaker: Leiaren las opp skrivaren si årsmeldinga for 2009, og denne vart godkjend. Kasseraren la fram eit solid rekneskap for 2009 som årsmøtet straks godkjende. Leiaren i valnemnda, Laila Bastesen, presenterte valnemnda si innstilling til styre i Ørsta Sogelag for 2010. Det vart attval på alle i styret som stod på val, og Anne-Mari Øyehaug vart vidare vald som leiar på årsmøtet. Som hovudpost på årsmøtet introduserte leiaren ein god ørsting, Terje Aarset, som det siste året hadde markert seg sterkt i den norske fagprosalitteraturen. Eit stort fleirtal av innsendarane i ei omfattande lesarundersøking (Dag og Tid) meinte at Terje si vakkert illustrerte og velskrivne bok ”Den nynorske songskatten”, utgjeven av Fagbokforlaget i Bergen, var den beste nynorskboka i Noreg i 2009. Leiaren gratulerte med den fine innsatsen og var glad for at Terje, som også er vårt sogelagsmedlem, ville fortelje frå arbeidet på møtet. Arne Ola Grimstad intervjua forfattaren, og det var svært interessant å høyre Terje sjølv fortelje om det omfattande og solide arbeidet som låg bak bokskrivinga. På årsmøtet var det allsong, og det vart servert kaffi/te og kaker.

Sommarturen 2010:  Søndag 6. juni reiste Ørsta Sogelag (ca 15 deltakarar) i vakkert ver på Storfjordstemne til garden Røneset på Furstranda i Sykkylven kommune.  Fellesskyss i privatbilar frå Svendsengarden i Ørsta. Det var Storfjordens Venner som hadde inviterte medlemer i sogelaga på Sunnmøre og andre interesserte til denne idylliske garden ved Storfjorden, garden som journalist Oddgeir Bruaset tok oss med til i 2009 i det gode fjernsynsprogrammet ” Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.  Furstranda er området frå Ørsneset til Røneset med i alt seks tun utan vegtilknyting: eitt på Røneset, to i Jogarden (Furstranda), eitt i Bjørnevika og to i Sandvika. Tuna har hus frå åra rundt 1900, og alle bygningar er svært lite endra. Heile stranda er derfor eit stort og sjeldan kulturområde med store kulturverdiar. Om dette skal vernast for ettertida og det parallelt skal leggast til rette for utvida bruk av området, vert det ei stor utfordring både for grunneigarar og kommune. Storfjordens Venner er involvert i vernearbeidet og orienterte svært interessant om sitt arbeid dei siste to åra. På stemnet var det elles tale ved fylkesmann Lodve Solholm, og ein grunneigar fortalde gardshistorie og lokalhistorie frå Furstranda. Kystlaget viste eldre bruksbåtar frå Sunnmøre, og det vart sal av rjomegraut og saft.  Song og musikk vart vakkert framførd, og det vart tilrettelagt for kjekke aktivitetar for borna. Tilstrøyminga til stemnet var stor (ca 1.600 deltakarar). Ventetida på båtskyss over Storfjorden frå Håhjem til Røneset vart lang for nokre av dei frammøtte, og einskilde gjorde vendereis. Elles var dette eit svært fin sommartur.

Haustturen 2010:   I fint solskin og godt ver søndag 29. aug. reiste Sogelaget i Ørsta på felles biltur til Indre Herøy kyrkje og prestegarden i Stokksund (31 deltakarar). Etter gudstensta vart det orientering og omvising i kyrkja av tidlegare sokneprest Arne Ørstavik, no busett i Ørsta. Han fortalde svært interessant om kyrkja si historie fram mot bygginga i 1916 og kom også inn på den fine symbolikken i utsmykkinga av kyrkja, m.a. i den vakre målarkunsten utført av kunstnaren Lars Kinsarvik. Etter gudstenesta og omvising i kyrkja spaserte deltakarane til den gamle prestegarden i Stokksund tett ved. Der vart alle svært godt mottekne av dei noverande eigarane, Beate Moltubakk Ørstavik og Ivar Ørstavik, svigerdotter og son til Arne.  Kvar einskild vart ønskt vel møtt av vertskapet.  Den vakre bygninga fekk ”Godt vern-prisen” i 2004. I høve besøket til Ørsta Sogelag var dei mange stovene i prestegarden vakkert møblerte og pynta. Alle fekk sjå seg rundt i romma og stovene, og vertskapet serverte god kaffi og eplekake. Frå trappa på nedsida / sjøsida av stova fortalde Arne Ørstavik om det noko strevsame arbeidet, ofte mot mydigheitene,  med å redde tunet og den gamle prestegarden frå forfall og bortregulering. Han var glad for at han i si tid stod på for dette og at garden no hadde vorte ein så fin kulturstad på Sunnmøre. Arkitekt Roald Sporstøl fortalde om den spanande soga til prestegarden i Stokksund heilt frå den første etableringa i 1759.  Han skildra huset og garden si kulturhistoriske betydning og spesielt tida til prost Thoresen, kona Magdalene og dottera hans, Suzannah (seinare gift med Henrik Ibsen). Ho hadde sin  barndom på denne staden. Det kulturelle, økonomiske og politiske nettverket til prost og stortingsmann Thoresen, både i Stokksund og seinare i Bergen i denne tidsperioden, var svært stort. Også Ivar Aasen budde her i to år (1833-1835), i lære hjå Thoresen. Leiar i Ørsta Sogelag takka vertskapet for den svært fine mottakinga, og dei sette stor pris på besøket frå Ørsta. Samla var haustturen til Indre Herøy for alle deltakarane ei fin og lærerik oppleving.

Haustmøtet 2010:  Ørsta sogelag sitt møte måndag 18. oktober lagt til Kafe Svendsen (41 deltakarar) sette fokus på bonde, driftekar, skreppehandlar og haugianar Webjørn Svendsen Raunsgaard (1753-1829) frå Geilo i Hallingdal.  Johannes Melle, tipp-tippoldebarn til Webjørn, fortalde svært interessant om ”Soga om Webjørn” m.a. frå eige skrifthefte, nyst utkome (2009). Livsverket til Webjørn er utruleg:  Etter 25 år som fjellmann og kremar slo han seg opp til å kjøpe borgarsetet Ørstenvig i 1804, den største og finaste garden i Ørsta, seinare kalla Svendsengarden / Mellegarden.  Webjørn voks opp på Raunsgaard på Geilo, like under Hardangervidda. Som barn og ungdom likte han jakt- og fisketurar.  Svært tidleg tente han sine første skillingar med å hjelpe driftekarar med bølingane deira, og han fekk smaken på det som etterkvart vart eit livslangt liv med kvegdrift og vandring over fjell og isbrear og gjennom lange dalar med krøter, for kjøp og sal. Han såg at det  var mogleg å tene så store pengar på kvegdrift at han med åra kunne kjøpe den garden han ønskte seg.  Webjørn og kona Kari var trugne haugianarar og hadde stor familie (8 barn) på Geilo. Året 1804 hadde Webjørn (51 år) vore på Sunnmøre og gjort avtale med Abelone Høegh om kjøp av borgarsetet Ørstenvig, ein gard på heile 900 dekar dyrka mark og 900 mål utmark. Dessutan følgde handelsrettar med. Garden kosta 5.500 riksdalar som på den tid svara til om lag 100 årsløner, men pengane låg alt klare på kistebotnen heime. Om Webjørn ikkje personleg var tilbake med første avdraget på 2.500 riksdalar innan julaftan 1804, vart kjøpsavtalen annullert. Venen hans, Hans Nilsen Hauge, sat i fengsel.  Som haugianar visste Webjørn og Kari at Hauge venta av dei at dei kjøpte borgarsetet Ørstenvig og flytta til Søndmør slik at Ordet vart spreidd.  Dei ville ikkje svikte det kristne kallet. Reisa til Ørsta måtte fullførast. Webjørn sleit seg over fjell og snøbrear, elvar og fjordar, vinterstid i svært dårleg ver. Han kom fram til Abelone Høegh i Ørstenvig med pengane innan julekvelden 1804, og hans store livsdraum vart oppfylt. Leiaren i Ørsta Sogelag takka Johannes Melle for å ha skrive og formidla ei for ettertida så viktig soge om haugianaren og grundaren Webjørn Svendsen.  Øystein Salhus og Morten Bollerud stod for vakker musikk på haustmøtet, og smørbrød og kaffi/te vart servert.

Julemøtet 2010:   Det tradisjonelle julemøtet i Ørsta Sogelag vart arrangert måndag 6. desember i Peisestova på Møre Folkehøgskule (63 deltakarar).  Bygdebokredaktør Gunnar Ellingsen fortalde interessant om ein 75-åring som dei fleste ørstingar har eit nokså nært forhold til, anten dei bur i Ørsta eller har flytta til andre stader av landet, lokalavisa Møre Nytt.  Avisa var vinnar av Ørsta kommune sin kulturpris i 2010, men runda stillferdig åremålet utan at så mange var klar over det. Gunnar konsentrerte seg om jubilanten sitt første leveår, oppstarten av lokalavisa i 1935 og refererte til fleire lokale innspel, artiklar, forteljingar, referat og annonser etc som samla gav eit svært fint bilde av livet i bygda den gongen. Leiaren i Ørsta Sogelag takka Gunnar for eit nytt og spanande, lokalhistorisk innslag .  Ei ny bok, ”Ørstaminne 2010”,  med mange lokalhistoriske artiklar vart presentert av Eli Lannerholm,  sogelaget sin representant i skriftsstyret for Ørstaminne saman med Kåre Opsahl,  og alle fekk kjøpe boka til redusert pris. Som alltid før på julemøta, vart det sunge julesongar, dels med lokalt opphav. Tilsette ved Folkehøgskulen serverte gode smørbrød, kaker og kaffi/te.

Ørsta Sogelag, 7. mars 2011

Bjørn Krøvel/Skrivar