Årsmelding 2008

Årsmelding i Ørsta Sogelag 2008

Styre: Anne-Mari Øyehaug vart attvald som leiar i laget. Styret elles var Kåre Opsahl, kasserar, Else Åmbakk, nestleiar, Barbro Ose styremedlem, og Bjørn Krøvel, skrivar. Varamedlemer var Håkon Høydal og Berit Hovde. Revisor for laget var Kari Dragsund og Terje Sunde. Valnemnd for laget var Laila Bastesen og Gunnhild Dalebø. Eli Lannerholm og Kåre Opsahl danna skriftstyre for Ørstaminne. I 2008 vart det halde 4 styremøte og 3 medlemsmøte m/fagleg program. I tillegg vart det arrangert 2 fellesturar.

Styremøte i 2008 – og saker til handsaming

Ørsta Sogelag hadde styremøte 25. febr., 26. mars, 25. august og 24. november, alle i heimen til leiar Anne-Mari Øyehaug. Tema på møta var drøfting og klargjering av innkomne saker,  førebuingar til medlemsmøta, val av programinnslag og foredragshaldarar  og planlegging av fellesturar m.m. Desse sakene til handsaming og oppfølging i 2008 kan nemnast spesielt:

Etter eit møte på Ørsta Rådhus 9. jan. 2008 var det semje om at Ørsta Sogelag vil betale inn kr 20.000 per år i 5 år slik at kommuna kan kjøpe eit nytt mikrofilmframvisar til Ørsta Folkebiliotek. Sogelaget skaffa denne framvisaren i samarbeid med UniCom kontorsenter. Med dette utstyret vert det på ein enkel måte mogleg å digitalisere og kopiere mikrofilmar.  Det førre apparatet som sogelaget kjøpte i 1980, var no utslite og ubrukeleg, og siste året har det vore eit stort sakn at biblioteket ikkje kunne tilby denne tenesta, spesielt til støtte for den lokale historieskrivinga. Årsmøtet 2008 slutta seg til avtalen.

Styret har hatt Fontenesaka framme på dei fleste styremøte i 2008. Det har m.a. samtala om alle aktuelle skriv i saka: tidlegare påminningsskriv, skriv frå Mellestiftelsen Svendsengarden og skriv frå Karen Høydal til Ørsta kommune. Styret i sogelaget har i 2008 også sendt ny purring i saka til Ørsta kommune vedk. innløysing av Røed-huset og plassering av Fontena. Saka er følgt nøye opp, også med samtalar med kommuneleiinga og andre initiativtakarar i saka.

Ei spesiell hending i regi av Ørsta Sogelag sommaren 2008 var oppsetjing av minneplakett over Veite-Johannes på ein bautastein ved Åmbøstova på Brudavollen,  Etter initiativ frå laget var det på plaketten inngravert følgjande: ”Johannes Iversen Plasbakke f. 1811 i Sør Fron, d. 1897 i Ørsta.”

Leiinga i dei to andre sogelaga i gamle Ørsta kommune,  Hovdebygda soge- og velferdslag og Follestaddalen Sogelag, saman med repr. frå administrasjonen/oppvekst og kultursektoren i Ørsta kommune og bygdebokredaktøren, hadde felles planleggingsmøte torsdag 14. aug. 2008. Eit felles sogelagsmøte i Ørsta vart m.a. planlagt før påske 2009 på Kulturhuset der hovudtemaet vert ”Fyr-, merke og hamnevesenet på Sunnmøre.

Styret i Ørsta sogelag har teke initiativ til å lage ei web-heimeside for Ørsta Sogelag, jf tidl. melding. Arbeidet har vorte utsett pga sjukdom hjå den engasjerte, men laget arbeider vidare for å finne ei straksordning i 2009. Sogelaget har i 2008 søkt Ørsta kommune om tilskot frå kulturmidlane og har motteke kr 3.000 i tilskot. På søknad til Tussa AS om driftsstønad vart det gjeve avslag.

Fagleg innhald på medlemsmøta – og fellesturane 2008

Julemøtet 2007 vart halde i Peisstova på Møre Folkehøgskule måndag 3. desember kl. 19.00. Rektor Asmund Arne fortalde svært interessant om Johannes Æmilius Rosenqvist  som vart sokneprest i Volden frå 1839 til han døde i 1854. Han var fødd i Fredensborg på Sjæland i Danmark i 1781, vart cand theol. i 1804 og ønskte av ulike årsaker raskt å kome seg bort frå landet sitt. Saman med huslyden reiste han til Noreg i 1816, vart res.kap i Sokndal, og prest i Flekkefjord – før han i 1839 vart utnemnd som sokneprest i Volda og busette seg her saman med sin kone, Elenore Fredrikke von Clasen. Presten som etter kvart fekk eit spesielt omdøme, og kona levde etterkvart særskilt. I 1840 fekk ha sett om ei stove i Sandvik i Rystene i Ørsta for henne, ei stove som i dag er eit verdfullt kulturminne i Ørsta. På julemøtet vart songe julesongar, og god julemat og kaffi/te vart servert.  Eli Lannerholm presenterte Ørstaminne 2007.

Årsmøtet i Ørsta sogelag 2008 vart halde 3. mars. Gunnar Ellingsen gav laget mange spanande smakebitar frå Ørsta si kultur og næringssoge. Han gjekk inn på aviskjelder frå 1800-talet og fortalde om nasjonale hendingar med nær tilknyting til Ørsta og ørstingar. Som ein del av det nasjonale stormaktspelet i Europa var Noreg i krig med svenskane tidleg tidleg på 18-hundretalet, og eit slag i Berby i Østfold i 1808 har m.a. stor lokal interesse, m.a. var 50-60 ørstingar med i denne ukjende krigen. Ellingsen fortalde elles interessant om historia til Eiksundsambandet og gav fine historiske glimt frå siste verdskrig.

Vårmøtet 2008 vart lagt til måndag 21. april. Høgskulelektor Eivind Indresøvde stod for hovudposten, eit foredrag omkring temaet: ”Ørsta kyrkjegard – gravminna fortel”. Desse avslører mykje om tida dei var reiste i, både om samfunnsforholda og menneska sitt syn på den andre sida av døden.  Mange gravminne vitnar også om smak og motar i tida – og fleire har djupe historiske røter, også tilbake til førkristelege nekropolar av gravkammer, t.d. hos egyptarar, etruskarar, grekarar og romarar. Med illustrasjonar frå lysbildeserie, laga av Tor Sivert Heggdal, fortalde Indresøvde svært interessant om kva gravmæla på vår eigen kyrkjegard, med si spesielle utforming og utsjånad, m.a. kan lære oss om nær og fjern historie.

Vårturen 2008 gjekk til Årsetøya og Fyrde-museet i Dalsfjorden søndag 25. mai. Første stoppestad var Fyrde og Austefjord museum der laget fekk omvising og fin informasjon om gamle oppfinningar og gjenstandar frå Årsetøya ved Nils Håvik. Vidare gjekk turen til Høydal og derifrå båtskyss til Årsetøya. Vertskapet, Signe og Helge Ryste, viste rundt og fortalde levande og interessant om den vakre øya med det grøderike jordsmonnet, små åsryggar, dalar og opne sletter, busett frå 1850 åra. Dei som brødfødde seg på gardane her, var dyktige handverkarar og oppfinnarar for si tid. Når folk frå bygdene omkring trong hjelp av ulikt slag, var det hit dei ofte kom. Dei mange bøkene, oppfinnargjenstandane og tidsskriftene vitnar om at folket hadde stor kunnskap om omverda og interesse for omverda. Sogelaget fekk ein svært hyggeleg tur i vakkert sommarver – også med god servering: brennsnut m/pariserloff, kaffi- og wienerbrød.

Sommarturen 2008. Ørsta Sogelag har dei siste åra starta ein fin tradisjon med å reise på besøk til sogespel i nabokommunane med gruppeavtale med arrangørane – og vil framhaldande gjere det. Det er kjekt å reise saman og slik oppleve den fine naturen og rike kulturen i regionen vår. Herøy-spelet ”Kongens ring” på Herøy gard søndag 6. juli var ei slik god oppleving. Laget køyrde til kafeen Lanternen på Herøya og fekk vidare fellesskyss til Herøy gard. Der tok sogelaget først del i ei økumenisk gudsteneste ute på Herøy gamle kyrkjetuft (v/Arnfinn Haram og Jens Terje Jonsen) – før gruppa gjekk til den store ”teaterplassen” og fekk oppleve ei fantastisk fin framføring av den storslåtte vikingmusikalen.  Det eventyrlege, men likevel realistiske dramaet, framført i den vakre opne naturen med utsyn over det skipsleia og et vide havet utanfor, illustrerte ei mektig hending som kan ha funne stad nokre tilsvarande sommardagar i året 1027.  Framføringa som bylgja mellom storslåtte slagscener og finstemt kammerspel og ein overveldande koreografi, gav eit svært sterk inntrykk på alle frammøtte. Ørsta Sogelag vart elles svært godt mottekne av arrangørane og fekk før framføringa ei spesiell fin servering av rjomegraut og spekemat i eit av nausta på Herøy gard.

Haustmøtet 2008 vart lagt til Peisstova ved Møre Folkehøgskule måndag 27. oktober 2008. Hovudposten på møtet var eit spanande foredrag av Knut Halse om motstandsmannen og krigsveteranen Erling Rønneberg og hans gruppe si verksemd i fjellhola ovanfor Rjåneset under siste verdskrigen. I krigen sin sluttfase var der ein alliert lyttestasjon som m.a. varsla engelske fly om viktige tyske sjøtransportar, og Halse gav eit godt bakteppe for kva som parallelt hende av illegalt arbeid i regionen elles langs kysten. Lyttestasjonen ovanfor Rjåneset var aktiv inntil ei dramatiske hending skjedde natt til 20. april 1945 då han vart oppdaga – og gruppa i ”Rønneberghola” på voldsamt vis vart overmanna av tyske soldatar.

Julemøtet 2008 vert halde i  Peisstova på Møre Folkehøgskule måndag 1. desember. Lærar og forfattar Jens Kåre Engeset held eit svært interessant kåseri om Ørsta sin eigen diktarprest og folketalar, Anders Hovden (1860-1943). Temaet var: Om ”Anders Hovden, liv og dikting”.  Engeset har tidlegare gitt ut ein biografi om Hovden (Samlaget 2002). Hovden vart ein produktiv forfattar, og både barnebøkene og romane hans var svært populære. Det var likevel som talar, lyrikar og salmediktar han nådde lengst. I Nynorsk Salmebok (1925) er det m.a. 128 salmar dikta av Hovden. Både i målsak og i teologiske spørsmål var Anders Hovden svært markant og dels omstridd, men han vart overmåte avhalden i alle sine prestekall:  på Lista, i Krødsherad, i Melhus og på Østre Toten. Og Hovden var heile livet var sterkt engasjert i det frilyndte ungdomsarbeidet. Han skreiv talrike artiklar i ulike blad og var ein svært populær talar i store og små forsamlingar. Han fekk diktarløn av Staten frå 1931 og døydde på Nordstrand i Oslo i 1943. På julemøtet vart songe julesongar – særleg Hovden sin songar, og god julemat og kaffi/te vart servert.  Kaare Opsahl presenterte Ørstaminne 2008

Medlemer og økonomi: Ørsta Sogelag har per 3. mars 2009 tilsaman 105 medlemer. Når det gjeld laget sin økonomi, viser vi til eiga melding frå kasserar.

Ørsta, 28. febr. 2009

Bjørn Krøvel
Skrivar