Tunnamn på Sunnmøre v/Jostein Fet

Ørsta Sogelag sitt årsmøte måndag 2. mars 2009

Ørsta Sogelag sitt årsmøte vert halde i peisstova ved Møre Folkehøgskule komande måndag. På programmet står vanlege årsmøtesaker, m.a. årsmelding, rekneskap og val. Hovudposten me alle gler oss til, er foredraget som historikar og seniorforskar Jostein Fet vil halde. Det har tittelen ”Tunnamn på Sunnmøre”. 

Størstedelen av folket i Noreg i eldre tid budde på større gardstun. Dei mange tuna i dalane, langs fjordane og ved kysten var heimstadane til folk flest, og tuna si lokalisering var avgjerande viktig for all menneskeleg verksemd, sosialt, kulturelt og økonomisk. Også på våre kantar fortel tunnamna på ulike måtar om oppvaksande slekter sine føresetnader for liv – og om deira lagnader.

Det siste halvåret har Jostein Fet arbeidd med å analysere tunnamn på Sunnmøre. Materialet hans er stort. Det femner om heile 18 kommunar, frå Volda og Ørsta i sør til Haram i nord, til saman ca. 4.700 namn.  Han skriv m.a. at

”Tunnamn må ikkje forvekslast med gardsnamn som Årsether, Krøvel, Velle osv., men er tradisjonelle namn på tun eller bruk som ei gardklynge består av, eller dei kan vere såkalla einbølte tun som Holsvikja.  Tunnamna er ein del av vår kulturarv som har vore lite påakta av namneforskarane.”

I foredraget sitt vil Jostein Fet ta utgangspunktet i dei typar av namn vi finn i mellomalderen, men som utvikla seg med garddelinga særleg på 1600-talet.  Han vil analysere funksjonen åt tunnamna, som t.d. at dei fungerer både som personadresser og som eigedomsmarkering.

Jostein deler tunnamna på Sunnmøre inn i sju grupper, med personnamna (t.d. Jogarden) og naturnamna (t.d. Rabben) som dei største. Men her er også yrkesnamn som Jordmorgarden, heimbygdnamn som Lesjagarden (Ørsta), retningsnamn som Framigarden o.l. Alle desse gruppene har vakse fram utifrå ulike føresetnader, men det er personnamna som reiser det fleste spørsmåla. Dei eldste tunnamna går attende til 1500-talet, men dei kan også vere frå 1900-talet. Gjennomsnittsalderen er ulik frå bygd til bygd, og Jostein vil drøfte grunnane til at det er slik.

Me gler oss til årsmøtet og spesielt til foredraget til Jostein.  Kaffi og kaker vert servert i den koselege peisstova ved Møre Folkehøgskule. Vel møtt til alle medlemer og andre interesserte!

Styret i Ørsta Sogelag, 25.02.2009

Anne-Mari Øyehaug (leiar)
Else Åmbakk (nestleiar)
Barbro Ose (styremedl.)
Kåre Opsahl (kasserar)
Bjørn Krøvel (skrivar)