Fyr- og merkevesenet på Sunnmøre

Ørsta Sogelag inviterer medlemene i alle sogelaga i Ørsta og andre interesserte til fellesmøte i Aasen-tunet onsdag 1. april.

Desse 5 sogelaga tek del: Follestaddalen Sogelag, Hovdebygda Soge- og velferdslag, Vartdalsstranda Sogelag, Hjørundfjord Sogelag og Ørsta Sogelag.

På fellesmøtet vil representantar frå dei ulike sogelaga fortelje om laget sitt og om arbeidet dei gjer. Å få informasjon om laga sine arbeidsområde, saker og prioriteringar er alltid interessant og inspirerande. Og det er viktig slik å kome saman og utveksle tankar om nye oppgåver – og å styrke fellesskapet i laga. Prosjektgruppa for nærings- og kultursoga i Ørsta kom med ideen på møte i 2008, og etter planen skal slike fellesmøte bli eit årleg tiltak.

Hovudposten på fellesmøtet i Aasen-tunet vert ”Fyr- og merkevesenet på Sunnmøre” ved Kjell Viken og Sverre Lillestøl. Dei vil fortelje og vise bilete frå denne verksemda.

Temaet er viktig – ikkje minst fordi svært mange sunnmøringar, spesielt voldingar og ørstingar, i tida frå ca 1860-70 og fram til århundreskiftet – og vidare utetter, av ulike årsaker, vart sterkt involverte i det store nasjonale arbeidet med å sikre skipsleia og den aukande skipstrafikken langs den verharde kysten vår. 

Å ta del i næringsverksemd ute ved kysten, t.d. på fiskebruk eller i trandamping, og ”å ro fiskje” var ikkje uvanleg for mange sterke og arbeidsføre menn inne frå fjordane både før og etter århundreskiftet, men denne næringa opplevde store variasjonar. Føremonen med den nye sjørelaterte verksemda, ”Fyr og merkevesenet,” var at ho var finansiert av Staten og gav stabile inntekter, meir enn det t.d. fisket og jordbruket på den tida kunne gje.

Vi får høyre i foredraget at arbeid i Fyr- og merkevesenet etter kvart vart ei hovudnæring for svært mange av vaksne ungdomar i nokre av vår nære bygdelag, t.d. i Dalsfjorden i Volda. Historikaren og forskaren Jostein Nerbøvik viser at faktisk 2/3 av heile arbeidsstyrken i Fyr og merkevesenet i Noreg i viktige periodar nettopp kom frå Søre Sunnmøre.

 Bilde frå arbeidet i ”Fyr- og merkevesenet” langs kysten vår kan evt. setjast inn..?  Eit bilde av eit flott fyr ute ved kysten (t.d. Grip fyr) ville alternativt vere fint..

Sjå evt. Kystverket.no på Internett (Kystkultur etc)

Oppsetting av fyr- og fyrlykter, stakar og andre sjømerke på holmar og skjær, gjekk føre seg langs heile norskekysten, frå Østfold i søraust til Finnmark i nord – ja faktisk heilt oppe på Svalbard!  Når arbeidet stod på, var mannfolka frå Sunnmøre samanhengande borte frå gardane sine eit halvt år om gongen, frå april til oktober kvart år.

Kort frå historia til Fyr og merkevesenet i Noreg:

Frå 1841 vart Fyrdirektoratet i Noreg oppretta, og i tiåra etter vart det gjennomført enorme byggeprosjekt over store delar av landet. Det var ei nasjonal storsatsing. Arbeidet mangla sidestykke i norsk historie. I ei 40-års periode vart det bygd over 100 bemanna fyrstasjonar i Noreg. Bygginga av fyrtårn vart gjort i stadige nye teknikkar og med forbetra materiale. Etter at stein lenge hadde dominert, stod det første støypjarnstårnet ferdig på Egerøy i 1854. Seinare vart sement og betong og nye boreteknikkar tekne i brukt, og meir robust materiale førte til at ein kunne bygge fyranlegg på svært utsette og verharde stadar.

Utanom arbeidet med fyrbelysninga, vart eit stort tal sjømerke og andre navigasjonsinstallasjonar bygde. (I 1965 hadde fyrvesenet ca 12.000 faste og 2.000 flytande merke, 2.960 fyrlampar, 122 fyrstasjonar, 110 tåkesignal, 79 lys- og lydbøyer og 39 radiofyr). Korleis båtlaga og karane frå Volda og Ørsta i gamle dagar reiste langs kysten vår, kva utstyr dei brukte, t.d. ved installasjonar av sjømerke, og korleis dei utførde det kompliserte og fårefulle arbeidet, får vi vite meir om gjennom ord og bilete på fellesmøtet.

Vi kan elles fortelje at Ørsta Sogelag tek sikte på å skipe til ein tur til Fyrmuseet i Dalsfjorden i slutten av august i år. Lokale eldsjeler har her gjort eit omfattande arbeid for å halde denne delen av historia vår levande og spre kunnskap om fyr- og merkearbeidarane sin store innsats.

Kaffi/te og kaker vert servert. Vi ser fram til ”det store sogelagstreffet i Ørsta” i Aasen-tunet 1.april.

Vi viser til lysinga elles i avisa og ønskjer alle medlemer i sogelaga – og alle andre interesserte vel møtt!

Styret i Ørsta Sogelag, 21.03.2009
Bjørn Krøvel, skrivar