”Sanatoriebarn” – v/Marit Ørstavik Jetne

Årsmøte 2011 i Ørsta Sogelag i Peisestova på Møre Folkehøgskule

Måndag 7. mars inviterer styret i Ørsta Sogelag til årsmøte i Peisestova på Møre Folkehøgskule. På programmet står vanlege årsmøtesaker. Hovudtemaet på møtet vert ved Marit Ørstavik Jetne.  Ho vil snakke om emnet ”Sanatoriebarn” og m.a. formidle minne frå opphaldet sitt på Grefsen barnesanatorium 1949-50.  Den gongen var tilfeldig tuberkulosesmitte årsak til mange slike innleggingar, og vi seiar nedanfor litt om sjukdomen sin bakgrunn.

Tuberkulose som lokalt ofte har vorte kalla ”tæring”,  var lenge den farlegaste folkesjukdomen i landet, ein smittsam, kronisk infeksjonssjukdom framkalla av tuberkelbakteriar. Ved hoste vart bakterien pusta inn, og lungene vert først angripne. Herifrå kunne tuberkulosen spreie seg vidare t.d. til strupe, brysthinne, hjernehinne, tarmar, nyrer/urinvegar, bein og ledd etc.  Så seint som i perioden 1900-1920 var sjukdomen årsak til 15-20% av alle dødsfall og 65% av alle dødsfall mellom barn og unge i Noreg. Både før og etter hundreårsskiftet var det ikkje uvanleg at eitt eller fleire barn i kvar familie vart smitta, vart sjuke og døydde tragisk.  Dei unge var diverre langt meir utsette for smitten enn dei vaksne.

Utetter 1900-talet gjekk sjukdomen langsamt tilbake. Etter andre verdskrigen klarte vitskapen å utvikle  lækjemiddel som hadde ein styrka effekt på den farlege bakterien.  Det skjedde også ein stor nedgang i dødstala p.g.a. betre levekår, ein meir effektiv smittekamp og B.C.G.-vaksinering som gav auka immunitet mot seinare smitte – ved sida av dei nye antituberkuløse midlane.  No i ettertid skjønar me  m.a. kor viktige dei mange kontrolltiltaka med Pirquet-testing i skulane var for oss som voks opp på 1940- og 1950-talet. Ved nye metodar og førebyggande arbeid var det i 1960 t.d. berre 1% av befolkninga i Noreg som døydde av tuberkulose.

I industrilanda i verda i dag er sjukdomen under kontroll. Ved gjennomførd behandling med antibiotika er prognosen for å overleve svært god.  Dei aller fleste får fjerna bakterien fullstendig, og oppblomstring av sjukdommen skjer sjeldan. Men sjølv om tuberkulosen i dag er ein uvanleg sjukdom i Noreg, unnateke mellom innvandrarar, er han globalt sett svært vanleg. Truleg er han den tilstanden som enno tek flest liv i verda, ca 3 millionar kvart år.

Når det før ikkje fanst effektiv medisin mot tuberkulosen, inneheldt behandlinga ofte langvarige kuropphald på sanatorium med god pleie og hygiene, lys, luft og lett mosjon. Ved å isolere pasientane reduserte ein smittespreiinga, og ein hadde dessutan som mål å bygge opp kroppen si motstandskraft. I aktive fasar av sjukdomen måtte pasientane halde senga. Ro og kvile spela då ei stor rolle.  På dei fleste sanatoria hadde ein opne liggehallar eller overbygde altanar slik at pasientane fekk ligge ute i friluft. ”Kuringa” følgte bestemte skjema der ein tok omsyn til sjukdomen si utvikling og pasienten sin tilstand.

Tidleg trudde ein også at fjellklima virka gunstig på tuberkelsmitten,  og det vart teke omsyn til det ved bygginga av sanatoria rundt om i landet. Resultatet var at mange av desse vart liggande avsides og dels høgt oppe (t.d Landeskogen, Luster, Ringvoll, Glittre).  Dei tidlegare tuberkulosesjukehusa (santorium) for kurmessig behandling og heimar for kronisk sjuke, er no avløyste av ”lungeavdelingar” ved region- og sentralsjukehusa.

***

Tuberkulosesmitten og etterfølgjande sjukdomar av ulikt slag hadde stor innverknad på folks liv og lagnad heilt inn i vår eiga tid og oppvekst.  Frå eldre som voks opp før og etter 1900, og frå lokale forteljingar t.d. skildra i artiklar i fleire ”Ørstaminne”, har me høyrt om mange triste skjebne også her i Ørsta som følgje av den lumske tæringa.  Me kan ikkje gløyme at den alvorlege sjukdomen i fleire tiår herja vondt og tilfeldig også i våre bygder.

Marit Ørstavik Jetne fekk oppleve dette på nært hald i sine tidlege barneår.  Berre 8 år gamal  i 1949 vart ho og systera Kari (5 år), smitta av tuberkulose og måtte reise ”på kur” til Grefsen barnesanatorium i Oslo.  Å vere åleine eit heilt skuleår på eit stort sanatorium i så ung alder, nesten utan kontakt med familie og nærmiljø, var nok i seg sjølv ei stor påkjenning. Viser her til hennar artikkel ”Hugs det som var godt, sa mor alltid” i Ørstaminne 2010.  På årsmøtet vårt ser me fram til å høyre henne sjølv fortelje om opplevingar som ”Sanatoriebarn”.

Kaffi/te og kaker vert servert.  Styret i Ørsta Sogelag ønskjer vel møtt til alle medlemer og andre interesserte!

  • Anne-Mari Øyehaug, leiar
  • Else Åmbakk, nestleiar
  • Kaare Opsahl, kasserar
  • Barbro Ose, styremedlem
  • Bjørn Krøvel, skrivar