Årsmelding 2012

Årsmelding for Ørsta Sogelag 2012

Styret i Ørsta sogelag i 2012 var sett saman slik: Anne-Mari Øyehaug (attvald som leiar på årsmøtet), Elling Henøen (nestleiar), Kåre Opsahl (kasserar), Johanne Engeseth (styrerepr.) og Bjørn Krøvel (skrivar). Varamedlemer i styret var Liv Brekke og Finn Ørstavik. Revisor for laget var Kari Dragsund og Terje Sunde. Valnemnd var Marit Urke og Johanne Engeseth.  Eli Lannerholm og Kåre Opsahl representerte sogelaget i skriftsstyret for Ørstaminne. Ørsta Sogelag sine representantar i styret for Mellestiftelsen var Mona Ryste og Bjørn Winjevoll, båe valde for 4 år på årsmøtet i 2010. Vararepr. i dette styret var Elling Dybdal.

I 2012 vart det i Ørsta Sogelag halde 6 styremøte og 5 medlemsmøte inkl. årsmøte, fellesmøte, vårmøte, haustmøte og julemøte i Peisestova på Møre Folkehøgskule, alle med fagleg program. I tillegg vart det arrangert to fellesturar (Ålesund søndag 17. juni og Sæbø søndag 2. sept.). Reisene hadde innlagd god informasjon og interessante historiske omvisingar.

Dei fem styremøta til Ørsta Sogelag vart alle haldne i heimen til leiar Anne-Mari Øyehaug. Tema på møta var drøfting og klargjering av mottekne saker, planlegging og førebuing av medlemsmøta, val av programinnslag og foredragshaldarar – og fordeling av oppgåver og ansvar internt i styret m.m. Ei sak som fekk stor merksemd i 2012, må nemnast spesielt: Samarbeid med dei andre soge- og velferdslaga i kommunen (Hovdebygda og Follestaddal) om å sikre vidare arbeid med kultur- og næringssoga for gamle Ørsta. Alle sogelaga har vore med i ei styringsgruppe saman med repr. frå politikarar, næringskontoret og lag og organisasjonar, og 5 møte vart haldne i gruppa. Formålet har vore å få skrive og utgitt eit nytt bind av denne viktige kulturskatten for Ørsta.

Årsmøtet i Ørsta Sogelag 2012

Årsmøtet vart halde 5. mars frå kl. 19.00 i Peisestova på Møre Folkehøgskule med godt frammøte (45 deltakarar). Leiaren Anne-Mari Øyehaug ønskte vel møtt til alle og spesielt til redaktør for Nærings- og kultursoga i Ørsta, Gunnar Ellingsen. Ho orienterte om at det etter dei vanlege årsmøtesakene ca. kl. 19.30 vart gjennomført eit fellesmøte med dei andre sogelaga i Ørsta. Det ville då bli servert kaffi/te og kaker før hovudposten for kvelden: Presentasjon av den ferdigtrykte Nærings- og kultursoga for Ørsta, Bind I.

Skrivaren las opp Årsmelding 2011 – og kasseraren la fram Rekneskap 2011 som møtet godkjende. På vegne av leiaren i valnemnda, Johanne Engeseth, presenterte nestleiar Else Aambakk valnemnda si innstilling til styre i Ørsta Sogelag for 2012. Årsmøtet valde Anne-Mari Øyehaug som leiar. Elling Henøen og Bjørn Krøvel var ikkje på val og held fram eitt år til. Kåre Opsahl og Else Aambakk var på val. Det vart attval på Kåre Opsahl. Nytt styremedlem for Else Aambakk, som sa frå seg attval, vart Johanne Engeseth. Som vararepresentantar for det nye styret valde årsmøtet Finn Ørstavik og Liv Brekke. Leiaren Anne-Mari Øyehaug gav Else Aambakk ein blomebukett og takka henne for innsatsen i tre periodar (6 år) i styret.  Valnemnda vart sett saman slik: Kirsti Hansejordet, Hans K. Øye og Olaug Henøen Solhaug.  

Fellesmøtet med dei andre sogelaga i Ørsta

Etter at årsmøtet til Ørsta Sogelag var avslutta (kl. 19.35), kom representantane frå dei andre soge- og velferdslaga i Ørsta inn i Peisestova (ekstra 26 deltakar), og fellesmøtet tok til. Kaffi/te og kaker vart servert. Børre Lødemel underheldt med vakker song og gitarspel. Ordet vart vidare gitt redaktør for Nærings- og kultursoga, Gunnar Ellingsen, som stod for hovudposten på møtet. Gunnar gav først eit interessant historisk tilbakeblikk på tidlegare arbeid med slekts- og næringssogene i Ørsta. Sogene for Vartdal og Hjørundfjord er alt fullførde i fleire bind. Berre gamle Ørsta mangla nærings- og kultursoge då han for 5 år sidan vart engasjert av Ørsta kommune til å fullføre arbeidet. At det brått skulle stoggast på halvvegen, var ikkje avtala. Gunnar skildra det langvarige og omfattande arbeidet med boka, t.d. den tidkrevjande innsamlinga og systematisering av materialet og den heilt nødvendige kjeldesikringa. Undervegs var det mange viktige val som måtte takast i god dialog med den kommunalt oppnemnde «Prosjektgruppa for nærings- og kultursoga i Ørsta». Det var t.d. val av tema og bildestoff, val mellom direkte tekstsitat, varsam omskriving av kjeldematerialet og kontrollar av over 3.000 personnamn i den store boka på over 700 sider. Bind I skildrar mange svært interessante tema i perioden 1600–1837, fram til tidspunktet for innføring av formannskapslova og kommunalt sjølvstyre i Noreg.  Bind II skal etter planen tilsvarande skildre næringar og kultur i Ørsta i tidsrommet 1837-1915, fram til tidspunktet då det første kommunale kraftverket vart teke i bruk. Etter bokpresentasjonen vart det mellom dei 71 deltakarane i salen uttrykt stor frustrasjon over at fleirtalet i Ørsta kommunestyre hadde stansa det vidare arbeidet med bind II og bind III. Det vart m.a. sagt at det er meiningslaust no å stogge eit halvferdig prosjekt. Svært mykje nærings- og kulturstoff ligg klart for vidare arbeid. Når ein historikar i over 5 år har sett seg så godt inn i kjeldene – og dessutan har ein plan for korleis arbeidet skal vidareførast med dei to neste binda, er det stor sløsing med ressursar å stoppe arbeidet no. Kunnskapar vil gå tapt om denne saka no vert utsett på ubestemt tid.  Det vart også reist spørsmål om ei pengeinnsamling til kommunen og prosjektet eventuelt kunne vere ei løysing. Dette vart avvist; restarbeidet med dei to sogebinda vil ta 3-4 år, og opplegget for vidare framhald må vere «forutsigbart», dvs. det må vere langsiktig finansiert før oppstart. Redaktør Gunnar Ellingsen takka dei oppnemnde medlemene i «Prosjektgruppa for nærings- og kultursoga i Ørsta» for godt samarbeid og gav dei kvar eit bind av den nye boka. Leiaren i Ørsta Sogelag, Anne-Mari Øyehaug, takka redaktøren for den formidable innsatsen og uttrykte stor von om at arbeidet med bind II og bind III snarast kunne halde fram. «Ein må berre finne ei løysing i denne vanskelege saka i god dialog med det politiske miljøet i Ørsta slik at arbeidet kan halde fram også etter 1. mai 2012», sa leiaren for Ørsta Sogelag, og ho fekk sterk akklamasjon frå deltarane på fellesmøtet med alle sogelaga i Ørsta.

Vårmøtet 2012

Vårmøtet vart lagt til Peisestova på Møre Folkehøgskule. Songaren Ruth Oline Lødemel, gitaristen Øystein Dahle Egset og Alf Lødemel på trekkspel stod for vakker song og musikk. Den historiske og ideologiske bakgrunnen for etableringa av Møre Folkehøgskule i Ørsta i 1899 var hovudtemaet på møtet, og tidlegare rektor ved folkehøgskulen, Aasmund Arne, heldt eit svært interessant foredrag. Straks før 1900 vart Møre Folkehøgskule lagd til Ørsta, heimbygda til Ivar Aasen og Anders Hovden – medan dei andre høgare skulane på Søre Sunnmøre, m.a. Olav Riste sitt gymnas og Henrik Kaarstads sin lærarskule, vart lagde til Volda.  Kva straumdrag i tida låg eigentleg bak skipinga av høgskulen i Ørsta, og kven var pionerane? Aasmund Arne fortalde først om grunnleggjaren for folkehøgskulerørsla i Norden, den store danske presten, diktaren og pedagogen Nikolai Fredrik Severin Grundtvig (1783-1872) og hans pedagogiske hovudprinsipp, m.a. om å ta i bruk det levande ordet i skulen. Han initierte ein høgskule som stod open for elevar frå alle samfunnslag og ikkje eksklusiv var berre dei lærde – og ein sekularisert skule der kristne stilte seg solidariske med ikkje-kristne. Aasmund Arne fekk også fram at det i Noreg var eit nært ideologisk samband mellom den grundtvigianske folkehøgskulerørsla og den frilynde ungdomsrørsla, og denne stod sterkt på Sunnmøre.  I dei fleste bygdene våre var ungdomslag skipa alt før 1900. Desse hadde mange opplysande aktivitetar og fungerte nærast som folkelege akademi i samtida. Også kveldsskular vart etablerte i regi av dei lokale ungdomslaga, og det vart undervist i fag som rekning, norsk, naturfag og framandspråk. Den først paragrafen i Ørsta ungdomslag klargjorde m.a. føremålet slik: «å arbeide for norskdom, fridom og opplysning». I mange lag var skodespel, musikktilstellingar med spelemenn og visesong sterkt i fokus, medan det i andre vart arbeidd både med skogsak, målsak og fråhaldssak.  Også snikkar- og treskjerarskular vart etablerte i regi av ungdomslaga. Sidan det hjå medlemer i ungdomslaga i Ørsta-Volda eksisterte ei sterk utdanningspositiv haldning, var det mange som akkurat her brende for å få etablert sin eigen høgskule i Grundtvigs ånd, t.d. til liks med det skule-entreprenøren Henrik Kaarstad hadde lukkast med i Volda i 1895 gjennom sitt private lærarseminar – og så skjedde det: I 1898 reiste tre lokale, engasjerte og visjonære menn med sterk tilknyting til ungdoms- og nynorskrørsla, Jon Aasen, Anders Vassbotn og Olav Riste til Hardanger for å overtale styraren ved folkehøgskulen der, forfattaren Andreas Austlid, til å skipe ein slik skule på Sunnmøre. Dei lukkast i det, og skulen kom i gang i Ørsta med tilskot frå fylket (amtet) og staten året etter.

Sommarturen 2012

Ørsta sogelag inviterte til byvandring i Ålesund med Gunnar Ellingsen søndag 17. juni. På vanleg måte vart det arrangert fellesskyss i privatbilar tur/retur Kyrkjegata ovanfor Svendsengarden i Ørsta.  Deltakarane samlast på Apotekertorget der alle styrkte seg med kaffi og nistemat, og vandringa starta herifrå langs Apotekergata til Brunholmen. Undervegs formidla Gunnar gode historier og anekdotar om bybrann, arkitektur, design og restaureringar, folkeliv og næringsliv – også eigne artige minne frå dei store sildeåra på 1950-talet. Vandringa langs sjøen og «åle-sundet» enda opp på Moljå og Molovegen, den delen av byen som m.a. ikkje vart råka av brannen i 1904. Vidare gjekk turen opp Øwregata og til fleire særmerkte bygningar og institusjonar: t.d. Latinskolen, Ålesund kirke, Sjømanns Kvile, Frimurerlogen og sjølvsagt ”kongen på haugen”, Aspøy skole.  Nesten ved kvar bygning og på kvart hushjørne vart levande og interessante historier formidla av den dyktige guiden. Turdeltakarane kryssa så den uvanleg breie Aspegata og gjekk opp på Storhaugen for å få eit utsyn over Aspøya, øya som tidlegare har vore rekna som den tettast folkesette i landet. Siste delen av vandringa gjekk langs Statsraad Daaes gate ned til Nedre Strandgate der den førnemnde brannen starta. På førehand hadde Gunnar sagt at «vi berre skal rusle rundt på Aspøya, i min barndoms gater”, men alle stader var Gunnar verkeleg på heimebane, og reisa vart ei svært lærerik og fin oppleving for deltakarane.  Etter omvisinga inntok alle ein smakfull lunsj på kafè C&C m/fiskesuppe, brød og kaffi.

Haustturen 2012

Ørsta Sogelag inviterte til hausttur til Sagafjord hotell, Sæbø bedehus og Sæbø kyrkje søndag 2. september. Eit svært interessant tema stod på programmet. Forskar Jostein Fet fortalde den forvitnelege historia om «Kvalsvik-bibelen» som etter 450 år er funnen att. Etter at reformasjonen vart tvangsinnført i Danmark av den dansk-norske kongen i 1537, vart ein ny bibel laga i 3.000 eksemplar av kong Kristian III i 1550 og sendt rundt i Danmark-Noreg for å fremje Luthers lære, protestantismen. Berre 96 av desse kom til Noreg, og ein hamna i den gamle Mariakyrkja frå katolsk tid, oppførd på Hustad i Hjørundfjord. Men her var den svært vakre handlaga bibelen i skinn og tekstilpapir, gjennomillustrert med kopar– eller trestikk, slett ikkje trygg.  Allereide i 1581 vart kyrkja totalskadd av ei fløymande elv. I ettertid syner det seg at bibelen ikkje kom bort eller vart øydelagd. Han kom berre på vidvanke hos stadig nye eigarar på Sunnmøre. Den vakre gjenstanden fekk ei utruleg lang vandring frå gard til gard i Ørsta og Volda. Ingen synes ha råd til å gje den verdfulle bibelen tilbake til den staden han opphavleg høyrde heime: kyrkja i Hjørundfjord som no var bygd opp att på Sæbø. Til slutt kom kong Kristian 3 sin bibel frå år 1550 til ein heim i Kvalsvika, ein gard på Ytre Søre i Herøy kommune og vart verande der så lenge at han i ettertid har vorte kalla «Kvalsvikbibelen». Tre brør i Kvalsvika som seinast hadde han i si eige, leverte han i år 2000 tilbake til Hjørundfjord kyrkje, og der ligg han no trygt i eit eldsikkert skap. Dei frammøtte på haustturen 2012 starta med lunsj på Sagafjord Hotell før dei gjekk vidare til bedehuskjellaren der Jostein heldt det spanande og interessante foredraget sitt. Etterpå gjekk dei frammøtte til kyrkja. Bjarne Hustadnes viste fram «Kvalsvikbiblen», fortalde interessant om kyrkja si historie og viste rundt.

Haustmøtet 2012

Måndag 15. okt. inviterer styret i Ørsta Sogelag til haustmøte i Peisestova på Folkehøgskulen. Tidlegare kultursjef i Volda, Britt Aanning Aarseth, stod for hovudtemaet på møtet: soga om millionøsa Miss Louise Arner Boyd og ishavsskuta «Veslekari» frå Vartdal. Miss Boyd var i frå San Rafael i California USA og arva ei stor formue etter foreldre sine. Dei hadde vore med på det store gullrushet i California frå midten av 1800 talet. Arven gjorde det mogleg for Miss Boyd å utruste og finansiere sju ekspedisjonar til arktiske strok – også hennar galante livsstil i San Rafael. Vartdal-skuta «Veslekari» vart Miss Boyd sin store kjærleik, og denne skuta nytta ho både i 1931, 1933, 1937 og 1938. Miss Boyd var ein ivrig fotograf. I baugen på “Veslekari” installerte ho eit kjempekamera der kvalkanonen stod tidlegare. Ho investerte i avansert og flott utstyr og ho tok tusenvis av bilde, både farge og svart-kvitt, stills og kino, bilde som seinare skulle få betydning både for kartteiknarar og geologar. Ekspedisjonane hennar vart utstyrte med det beste av instrument i tida, og ho tok m.a. bruk av ekkolodd til vitskapleg arbeid, t.d. utstyrte ho «Veslekari» med ekkolodd i 1933.  På ein ekspedisjonen med «Veslekari» i 1937 der geologiske, oseanografiske og botaniske undersøkingar var i fokus, deltok 6-7 amerikanske vitskapsmenn og ei rekkje norske assistentar. Ved hjelp av ekkolodd oppdaga Miss Boyd m.a. delar av ei fjellkjede på havdjupet mellom Bjørnøya og Jan Mayen. Også når det galdt meteorologi, var Boyd ei føregangkvinne; ho telegraferte vermeldingar både til Grønland, Island og Tromsø. I 1928 var Boyd med på ein ekspedisjon med skipet “Hobby” då Roald Amundsen forsvann med flyet “Latham”. Ho stilte farty og ekspedisjon til disposisjon for leitinga, og i tre månadar var “Hobby” moderskip for dei norske flymaskinane med Hjalmar Riiser-Larsen i spissen. I 1931 var Miss Boyd den første som kunne gratulere dei norske okkupantane på Nordaust-Grønland. Britt Aanning Aarseth har i mange år lagt ned eit stort arbeid for å samle historia om Miss Boyd, også om hennar liv og ettermæle i USA. Britt har også opphalde seg i USA for å fullføre historia, og alle desse interessante opplevingane dette delte ho med oss på haustmøtet. Kaffi og kaker vart servert og Ruth Olina Lødemel song fine «evergreens» akkompagnert av piano v/Bjørn Krøvel og gitar v/Øystein Dahle Egset.

Julemøtet 2012

Det tradisjonelle julemøtet til Ørsta Sogelag vart arrangert i den koselege Peisestova på Møre Folkehøgskule 10. desember.  Som alltid før vart det sunge kjende og kjære julesongar til vakkert tonefølgje av Matias Austrheim. Tilsette ved Folkehøgskulen serverte gode smørbrød, kaker og kaffi/te. Eli Lannerholm presenterte Ørstaminne 2012, og mange interessante, lokalhistoriske artiklar vart omtala. Hovudposten på møtet var ved Arnold Hustad, og temaet var «Den dramatiske luftkrigen over Hjørundfjorden vinteren 1945 – historisk bakgrunn og menneskelege følgjer». Brått og uventa vart Hjørundfjord denne dagen for snart 68 år sidan midtpunkt for dramatiske krigshandlingar i ein avgjerande sluttfase av verdskrigen. For ei kort stund denne ettermiddagen var storkrigen i Europa komen til Hjørundfjorden. Ei stor mengd engelske, australske og amerikanske fly frå allierte basar i Skottland freista bombe tyske skip som på dagtid hadde gøymd seg i Norangsfjorden, men dei kom i kamp med okkupantane sine fly som på kort varsel hadde kome ned til Hjørundfjord frå flybasen på Gossa i Fræna. Alt kunne ha gått mykje verre for folket i Norangsfjorden, spesielt om skipet “Dithmarschen”, full-lasta med olje og ammunisjon, denne dagen hadde gått i lufta. Hendinga enda trist for ein av dei unge tyske flygarane, men fekk ein forsonande slutt med det som skjedde mange år etter. Arnold Hustad tok utgangspunkt i luftkampen og fortalde med stort engasjement og innleving korleis han for nokre år sidan etablerte sosial kontakt og besøksutveksling med familien til den omkomne flygaren frå Wien i Austerrike.

 Ørsta Sogelag, 25. februar 2013

Bjørn Krøvel/Skrivar