Levekår på Sunnmøre i krig og naudsår v/Valborg Hustadnes

“Levekår på Sunnmøre i krig og naudsår” på årsmøtet i Ørsta Sogelag

På Ørsta Sogelag sitt årsmøte i peisstova på Møre Folkehøgskule førstkomande måndag vil Valborg Hustadnes fortelje om “Levekår på Sunnmøre i krig og naudsår”. Det er og tittelen på boka ho gav ut i august 2012.  I mange år har ho samla stoff som handlar om krigsårsåra 1940-45, og den interessante boka hennar er skriven på grunnlag av både munnlege kjelder, personintervju, avisutklipp og skrivne minne.

Fleire av kapitla handlar om motstandskampen under krigen. Det var mange som våga livet for fridom og fedreland også her på Sunnmøre. Spionasjen mot okkupantane sine forsvarsverk i området, t.d. ute ved havet rundt Stad var svært risikofullt, og tyskarane lova dødsstraff for denne verksemda. Mange gjorde det likevel. Andre spreidde illegale aviser, smugla våpen og hjelpte rømlingar. Fleire spanande kapittel i boka handlar nettopp om alle farane som folket i distriktet aktivt utsette seg for og opplevde, t.d. i skildringane «Gutunge under krigen», «Skorpa, ein base i motstandskampen, «Storsmellet ved Kvamsøya», «Illegalt arbeid under krigen», «Den tyske offiseren som ikkje var nazist» og «Radiolytting i Ørsta.»

Valborg skriv også korleis det under krigen var mangel på alt, særleg klede og mat. Skikkelig mjøl var det uråd å få tak i. Berre dei som hadde sjuke eller små barn i hushaldet, fekk kjøpe litt kveitemjøl. Andre måtte klare seg med det dårlige krisemjølet, og det var først og fremst poteter som vart redninga for mange familiar. I dei verste hungersåra levde folk av det dei kunne finne i naturen. Til og med bork, røter, knoppar og frø brukte familiane når nauda var stor. I dag er det uråd å tenkje seg denne situasjonen. Også husdyra som gav svært verdfull mjølk, kjøt og ull etc., måtte ha dagleg mat. Til dømes vart også sivet ute på myrane brukt til høy, og ekstra fór skaffa dei mellom anna ved å skjære bregner, lyng, og kvister og blad av fleire sortar lauvtre. Valborg Hustadnes får dette svært godt illustrert og forklart i fleire kapittel i boka si, m.a. i «Matstell og minne frå dagleglivet i krigsåra», «Matauk i krigsåra» og «Dyrefor i naudsår».  Familiane hadde ofte store utfordringar med å overleve.

Dette er informasjon, kunnskap og innsikt me ikkje har lov å gløyme, og me ser fram til Valbjørg si forteljing. Elles vert det på årsmøtet på vanleg måte lagt fram årsmelding og rekneskap for 2012, og valnemnda ordnar med valet. Fire dansarar, dei fleste av desse er medlemer i Ørata Sogelag, vil syne fram 3-4 dansar frå Balkan.  Kaffi/te og kake vert servert. Me viser til annonsen i avisa.

Styret i Ørsta Sogelag ønskjer vel møtt til årsmøtet.