Soga om Webjørn Svendsen – v/Johannes Melle

Haustmøtet 2010 i Ørsta Sogelag og soga om fjellmannen og kremaren Webjørn Svendsen

Deltakarar på Ørsta Sogelag vil på sitt neste møte måndag 18. oktober få høyre meir om bonde, driftekar, skreppehandlar og haugianar Webjørn Svendsen Raunsgaard (1753-1829) frå Geilo i Hallingdal.  Livsverket hans er berre utruleg.  Etter 25 år som fjellmann og kremar  slo han seg opp til å kjøpe garden Ørstenvig i 1804, den største og finaste garden i Ørsta , seinare kalla Svendsengarden / Mellegarden. 

Johannes Melle, tipp-tippoldebarn til Webjørn, vil på møtet fortelje om ”Soga om Webjørn” m.a. frå eige skrifthefte, nyst utkome (2009). Den korte bakgrunnsinformasjonen nedanfor er teken frå dette heftet og  byggjer på hans skriftlege og munnlege kjelder.

Webjørn voks opp på Raunsgard på Geilo, like under Hardangervidda. Som barn og ungdom likte han jakt- og fisketurar innover vidda med gode vener.  Svært tidleg tente han sine første skillingar med å hjelpe driftekarar til å få bølingane i rett lei, og han fekk smaken på noko som vart eit nesten livslangt liv med kvegdrift og vandring over fjell og brear og gjennom lange dalar med krøter, for kjøp og sal. Det var eit fritt og spanande liv som i ungdomsåra nok var mykje eventyrtrong , men som seinare skulle bli vegen til å realisere livsdraumen: draumen om ein eigen storgard.

Livet under Hallingskarvet prega Webjørn for resten av livet, og så snart han vart gamal nok, starta dei lange turane med kvegdrift over vidda, til og frå grendene rundt Hardangerfjorden.  Vegar fanst ikkje på den tid. Samkvemet mellom aust og vest gjekk på dei store ”slepene” som strekkjer seg frå Numedal i aust til Hardangerfjorden i vest. Når dyra vart drivne over vidda, var det  eldgamle smale råser eller krøtterstiar som vart nytta.  I sør gjekk ”Den Søre Normannslepa” og i nord gjekk ”Den store Normannslepa”. Som driftekar og skreppehandlar, seinare også frå Sogn og Nordfjord, var reisene lange, einsame og slitsame. Webjørn og dei andre driftekarane utsette seg for store farar t.d. med uver, kulde og overraskande snøstormar, over fjell og breie fjordar og farleg elvar som også i flaumtida måtte kryssast.  Ransmenn var også ute etter folk med pengar i skreppa.  

Utruleg nok gjekk kvegferdene etter kvart også gjennom Jostedalen og over Jostedalsbreen, frå Oppstryn/Hjelle, Hornindal og Stranda på Sunnmøre –  over Kviven frå Austefjord og gjennom Nordangsdalen frå Øye.  Frå skriftlege kjelder veit vi  at Webjørn to-tre gonger kvart år m.a. var på Stranda.  Der vert han omtale som ein flittig og trufast kremar, ein ærleg mann – og han fekk fleire kundar mellom folket.  Webjørn var også fleire gonger i Ørstenvig som skreppekar og kvegmann, men også for å sjå på gard..

Samtidig som Webjørn var eventyrar og heilt oppslukt av livet under open himmel med skreppe på ryggen, var han odelsgut, og han fekk problem med å kombinere kvegdrifta med travle onner heime på garden i Raundal.  I 1785 (32 år) gav han frå seg odelsgarden til bror sin Tollef og vart kvegmann ”på heiltid”.  Det var ei tung avgjerd, og kona (Kari Erichsdotter Rue frå Hov på Geilo) syntes nok at dei då hogg av den greina dei sat på. Garden vart opplevd som sjølve livsgrunnlaget, men Webjørn såg at det  var mogleg å tene så stor pengar på kvegdrift  at han med åra  kunne kjøpe den garden han ønskte seg.  I ytterleg 20 år sparte dei før dei  endeleg syntes dei hadde lagt seg opp nok pengar. Webjørn og Kari var trugne haugianarar. Dei hadde stor familie (8 barn) og kom til at tida var komen til å slå seg til ro.

Året var 1804 og Webjørn (51 år) hadde vore på Sunnmøre og gjort avtale med ei Abelone Høegh om kjøp av borgarsetet Ørstenvig, ein gard på heile 900 dekar dyrka mark og 900 mål utmark. Dessutan følgde handelsrettar med. Om Webjørn ikkje personleg var tilbake med første avdraget på 2.500 riksdalar innan julaftan 1804, vart kjøpsavtalen annullert.

 Garden kosta 5.500 riksdalar som svarer til om lag 100 årsløner på den tid, men Webjørn hadde brukt livsverket sitt til dette, og pengane låg klare på kistebotnen. Venen hans, Hans Nilsen Hauge, sat i fengsel.  Som haugianar visste Webjørn og Kari at Hans Nilsen venta  av dei at dei kjøpte Ørstenvig og flytta til Søndmør slik at Ordet vart spreidd.  Dei ville ikkje svikte det kristne kallet. Reisa til Ørsta måtte berre fullførast, og Webjørn måtte syte for å kome fram med pengane innan julekvelden..

Om Webjørn sitt slitsame liv, drivkreftene som låg bak realiseringa av livsdraumen og kjøpet av borgarsetet Ørstenvig,  hans slitsame reisa frå Raundal i Hallingdal til Ørsta på førjulvinteren 1804 – og m.a. familia si lange reise til Ørsta i 1805, får vi høyre meir om på haustmøtet.

Vi ser fram til haustmøtet og Johannes Melle si forteljing om Webjørn Svendsen Raunsgaard. Det vert vakker musikk ved Øystein Salhus og Morten Bollerud, smørbrød og kaffi/te.

Alle medlemer og andre interesserte er hjarteleg velkomne!     Sjå eigen annonse i avisa.

Ørsta Sogelag, 14. okt. 2010
Anne-Mari Øyehaug,leiar
Bjørn Krøvel, skrivar

Tillegg:  Svendsenfamilien – Nye generasjonar  

Webjørn og Kari som kom til Ørsta i 1805, heldt fram med gardsdrifta samstundes med at dei dreiv handel. Minst to gonger i året var Webjørn i Bergen for å handle inn og gjere avtalar til forretninga, og då hadde han sønene sine med: Svend, Arne, Ole og Erik. I 1829 døydde Webjørn, og garden vart delt mellom dei fire sønene.

Eirik Webjørnson (1793-1871) overtok først ein firedel av den opphavelege garden, men då Ole, som hadde arva hovudbruket, døydde ugift, overtok Eirik også dette. Eirik vart gift med Ragnhild Margrethe Vinjevoll. Han var ein dugande bode, men heldt på med handelen ved sida av jordbruket; reiste m.a. jamt til Bergen på storinnkjøp som faren hadde gjort.

Likevel det var sonen Webjørn Erikson (1834-1898), gift med Laura Jonsen (frå Bergen), som i løpet av 1860-80-åra bygde opp handelsstaden og la grunnlaget for dei store fiskebruka og seglskutene som gjekk frå Ørsta både til Austersjøen, Europa og Syd-Amerika. Han etablerte og postopneri (1861) og skipsekspedisjon. Sjølv i tunge nedgangstider som følgje av den tysk-franske krigen i Europa (konkurs 1883), gav han seg ikkje. Han starta med hotelldrift og tok i bruk den store bygningen som han hadde sett opp i 1867.

Webjørn Erikson Svendsen si dotter, Henriette/Dikka Svendsen (1860-1939) fekk ein drivande kar ved si side då ho gifte seg med enkemannen Johannes Andreas Melle (1848-1915), bestefar til foredragshaldar.  Johannes var m.a. den første banksjefen i Aktiebanken, og saman dreiv dei hotelldrift, posten, dampskipsekspedisjonen og noko gardsdrift.

Hotellet vart nedlagt i 1916 etter at Johannes døydde. Sonen Heinrik heldt fram med posten (til 1936) og ekspedisjons- og spedisjonsfirma fram til pensjonistalderen. Då vart Mellegarden (Svendsengarden) gitt vederlagsfritt til ein stiftelse (1983) slik at eigedomen kunne kome bygdefolket til nytte og glede.