Elias Blix og diktinga hans – v/Svein Kvamsdal

Ørsta Sogelag sitt haustmøte på Møre Folkehøgskule – Eit møte med Elias Blix og diktinga hans – v/Svein Kvamsdal

Sogelaget i Ørsta ønskjer vel møtt til haustmøte på Møre Folkehøgskule mandag 22. oktober (sjå lysinga).  Svein Kvamsdal står for hovudtemaet på møtet med eit program kalla

 ”Å, eg veit meg eit land… Eit møte med Elias Blix og diktingi hans”

Elias Blix (1836-1902) var bondeson,  fødd i Gildeskål i Nordland. Han gjekk på seminar i Tromsø og vart lærar. I 1860 starta han på teologistudiet og vart cand theol. i 1866. Etter å ha studert semittiske språk og gamaltestamentleg teologi i Tyskland, vart han i 1873 universitetsstipendiat i desse faga. I 1876 fullførte han filosofisk doktorgrad (dr. philos) og vart i 1879 professor i hebraisk.  I 1884 gjekk han inn i Sverdrup-regjeringa som kyrkjeminister. Fire år etter vende han tilbake til si stilling ved Universitetet.

Størst betydning har Blix hatt som salmediktar og bibeloversetjar til nynorsk. I 1869-75 gav han ut ”Nokre salmar, gamle og nye”, 99 originale og 13 oversette, og i 1892 vart salmesamlinga hans autorisert til almen bruk. Desse finn me i dag m.a. i Landstads reviderte salmebok. I Eivind Berggrav si bok om Elias Blix (1936) skriv han at i Blix sine salmar ”smelter trosvarme, inderlighet og språlig uttrykk sammen i en ofte sublim form”.  To av Blix sine mest kjende dikt er  ”Å, eg veit meg eit land” og ”Gud signe vårt dyre fedreland”.

Svein Kvamsdal ser det slik at skal me verte kjend med diktaren Elias Blix, må me fylgje han både gjennom barndom og ungdomstid. På sogelagsmøtet vil han ”hente fram eit og anna” som han meiner dannar bakgrunn for diktinga hans. Så får me alle vere med på å synge Blix-salmar. Mellom kvar salme fortel Kvamsdal litt om Blix og om kva særdrag me finn i det han har skrive. Sokneprest Matias Austrheim spelar til songane.

Vi veit at haustmøtet i Ørsta Sogelag 22. okt. vil gje oss eit nært og godt kjennskap til diktaren Elias Blix og diktverket hans – og me gler oss.  Alle medlemer og andre interesserte er velkomne!

Ørsta Sogelag, 14. okt. 2007

Anne-Mari Øyehaug, leiar
Bjørn Krøvel, skrivar