Rønneberghola på Rjåneset v/Knut Halse

Dramaet i ”Rønneberghola” på Rjåneset under siste verdskrig – tema på Ørsta Sogelag sitt haustmøte 2007.

På Ørsta Sogelag sitt haustmøte komande måndag 27. okt. fortel Knut Halse om krigsveteranen Erling Rønneberg (1923-2008) og dramaet i ”Rønneberghola” i fjellet ovanfor Rjåneset. I krigen sin sluttfase var der ein alliert lyttestasjon som m.a. varsla engelske fly om viktige tyske sjøtransportar.

Erling Rønneberg frå Ålesund (seinare lektor og rektor ved Sørmarka folkehøgskule, ordførar og rådmann i Ski kommune) var alt som 18-åring aktiv i motstanden mot okkupasjonsmakta.

Han arbeidde først i den illegale pressa her heime til han måtte røme og kom over til England. Saman med Karsten Devold kom han attende til Sunnmøre for å observere og rapportere om tysk skipstrafikk langs kysten. Første lyttestasjon vart etablert på Torholmen i Grytafjorden, og seinare (vinteren og våren 1945) i fjellsida ovanfor Rjåneset.

Rønneberg og Devold sine medhjelparar i denne ekspedisjonen var Sverre L. Flåskjer, Knut L. Flåskjer og Jostein S. Kleiva. Lyttestasjonen var aktiv inntil ei dramatisk hending skjedde natt til 20. april 1945.

Knut Halse fortel meir om SIS-agenten og spionen Erling Rønneberg og dramaet i ”Rønneberghola” i fjellet ved inngangen til Ørstafjorden våren 1945. 

Ørsta Sogelag vonar at mange tek del på møtet i Peisstova på Møre Folkehøgskule og nyttar høvet til å høyre meir om denne viktige krigshistoria frå vårt nærområde. Sjå annonsen elles i avisa.

Vi ønskjer alle medlemer og andre interesserte velkomne!

Styret i Ørsta Sogelag, 23. okt. 2008

Anne-Mari Øyehaug, leiar
Kåre Opsahl, kasserar
Bjørn Krøvel, skrivar

 

Bildet over: Ved leirplassen og lyttestasjonen ”Turid”, seinare kalla ”Rønneberghola” vart det i 1983 sett opp ei minneplate.