«Til seters» på Risestøylen i Hjørundfjord

Med Ørsta Sogelag ”til seters” på Risestøylen måndag 27. august 2007.  Setertradisjonar – og eit tungt 102-årig minne – v/Ragna Riise og Knut J. Riise

Sogelaget i Ørsta reiser komande måndag på fellestur til Risestøylen, jf annonse elles i avisa.

Ingen seterstøyl i landet har fått større mediefokus i si samtid enn akkurat denne p.g.a. den mystiske og mykje traumatiske barneforsvinninga her i august 1905.  For folk flest i heile Hjørundfjorden la den uforståelege hendinga på Risestøylen for 102 år sidan, t.o.m. skuggar over meldinga om unionsoppløysinga og feiring av den i Noreg og bygdene elles.

Alt var eit mysterium. Hendinga engasjerte og opprørte bygdefolket og svært mange andre menneske i regionen heilt fram til våre dagar.  Kva var bakgrunnen – og kva var det eigentleg som skjedde ? Vi får vite meir på sogelaget sitt treff komande måndag, men som litt bakgrunn tek me kort med følgjande:

Ei jente på 7 år , Ingeborg Rise, var på dagsbesøk på støylen torsdag 3.august dette året. Turen tok til med hest og kjerre frå Pe-garden på Rise på føremiddagen. Det var fint ver og målet var Risestøylen, sommarsetra åt heimste-Holen, Åskog og Rise. Dei var venta heim til Rise i rimeleg tid i kveldinga. Ved hestetaumane sat den 17 år gamle Pe-Kalla. I vogna sat også ei grannejente (”Bjørgen”) og truleg ein eller to slektningar utanfrå som var på vitjing i Pe-garden. På Risestøylen venta fem setrejenter, m.a. Thea Rise, den 16 år gamle søstera til Kalla.

Heile hendinga er interessant skildra i ein artikkel av Arnold Hustad i Årsskrift nr. 27 – Hjørundfjord sogelag 2005: ”Ei hundre år gammal forsvinningsgåte” :

”Då følgjet etter ca 3 timar i hestekjerre kom opp på høgda heimanfor Risestøylen, der vegen flatar av, var nok småjentene både stive og støle i føtene, og leie var dei nok og. Så ut av vogna for dei – då dei såg fine blåbær langs vegkanten. Visseleg fekk dei klar beskjed frå Kalla om at det snart var mat å få – slik at dei ikkje måtte gå utanfor ropeavstand når måltidet var klart. Kan hende hadde Kalla også med eitkvart anna etandes heimanfrå sidan gjestar var på vitjing,. Alle i følgjet var nok svoltne, og det drygde nok ikkje så lenge før måltidet var klart”.

Me kan sjå føre oss to småjenter, blå kring munnen, på lette føter i glad barneiver, flyge frå tuve til tuve – men brått var dei truleg borte frå kvarandre mellom bærtuver, søkk og kratt i støylsmarka …  

Då måltidet var klart i Pe-selet og det vart ropt etter dei alle, reiste grannejenta ”Bjørgen” seg straks frå blåbærtuvene og kom fram til selet, men Ingeborg kom ikkje! Heller ikkje svara ho etter gjentekne rop… Kva hadde hendt sidan ho ikkje svara – etter så kort tids stans ved vegkanten – så nær setrevollen?  Og kva skjedde vidare ?

Her stoppar me forteljinga . Meir vert fortalt på Risestøylen av Ragna Riise og Knut J. Riise. Dei fortel også om sjølve setrelivet på støylen, arbeidet der og ikkje minst det sosial livet til budeiene.

Som bakgrunn for denne delen kan nemnast at i dalane på Sunnmøre og i vår region heldt seterlivet seg oppe lenge etter århundreskiftet og langt inn i mellomkrigsåra – i nokre bygder like til kring 1960. I elles usikre tider i jordbruket, også med mekanisering, fornying og marknadsretting på fleire område, endra seterdrifta seg lite. Alt gjekk stort sett på gamlemåten, i hovudsak ved hjelp av ungjenter som vaks opp i store familier på gardane. Budeiene gjekk til sæters, og der vart dei pålagd alt ansvar for dyra, stell av husa (sel og fjøsar), reiskapane, innhentinga av dyra frå skog, tett kratt og fjellsider, mjølkinga og mjølkeprodukta. Og dei bar mjølka  evt. i hylkje på ryggen ned til heimgarden kvar morgon.  Dei som ikkje leverte mjølka direkte til meieriet i dalen, separerte og kinna sjølve mjølka til smør i eigne separatorar og trekinner. ”Rømmen dei fløytte av ringjene på setrane, kunne vere opp til ein centimeter tjukk (ei ringje = trekar til å setje mjølk i til surning).

I boka ”Fjordbygder i forandring” av Tvinnereim/Melle vert det elles skrive følgjande om seterlivet på våre kantar: ”Kort tid etter andre verdskrigen vart det slutt på setringa i Volda og Ørsta. Seterhusa kom i forfall. Men frå 1970-åra vart sela igjen tekne i bruk, no som fritids- og feriehus. På denne tida vart det bygd traktorveg til mange setrar, og då vart det lettare å få materialar og utstyr på plass. Sela vart restaurerte, påbygde eller tilbygde. Fjøsane derimot var det få som tok vare på. Seterkviene vart små hyttebyar”.

Velkomne til treff på Risestøylen måndag 27. august og til orienteringa av Ragna Riise og Knut J. Riise.

Det vert servering av kaffi – og noko attåt. Ta med sitjeunderlag eller campingstol.

Vel møtt til både medlemer og andre interesserte!

Fint om også familiar og born blir med! Denne delen av vår kulturarv, kampen med og mot naturkreftene, ulykkene, arbeidet og strevet for føda, er viktig tilhøve å kjenne for oss alle – også i nye generasjonar som kjem til.

 

Styret i Ørsta sogelag, 18. aug. 2007

Anne-Mari Øyehaug, leiar
Bjørn Krøvel, sekr.