Historiespelet ”På Sverdeggja” på Dragseidet

Ørsta Sogelag på tur til historiespelet ”På Sverdeggja” på Dragseidet på Stadlandet

Ørsta Sogelag har dei siste to somrane besøkt både Giskespelet og Herøyspelet på Sunnmøre. Desse sterke kulturopplevingane i vakker natur har gitt mange fine, varige minne. I år ønskjer laget å reise til det kjende Dragseidspelet på Stadlandet.

Det mektige friluftsspeletspelet ”På Sverdeggja” har grunnlag i vikingkongen Olav Trygvason si kristningsferd på Vestlandet i år 997.  Spelet er skrive og instruert av den kjende dramatikaren Rolf Ljosnegård og  hadde premiere i 1997 i høve 1000-årsmarkeringa for kristninga av Vestlandet.

Temaet i stykket tek utgangspunkt i Olav Trygvason si framferd ved kristninga av landet. I spelet samlast tingmenn med kvinner og born til tings på Dragseidet for m.a. å fortelje om sine sterke opplevingar og få dom i vanskelege saker.

Hovdingen Rangvald frå Ervik og familien hans spelar ei framtredande rolle i spelet. Handlinga spenner vidt, frå klingande sverd i heftige kampscener, til var og kjenslefylt song.

Over hundre amatørskodespelarar, songarar og musikarar og to profesjonelle skodespelarar i hovudrollene, Mikkel Gaup og Roger Hilleren formidlar på ein framifrå måte den sterke historia.

Alt går føre seg nettopp på staden der hendinga i røynda skal ha skjedd for vel 1000 år sidan, på Dragseidet, fjellovergangen mellom Leikanger og Drage. Eit stort vikingtun like ved den store steinkrossen, i si tid reist til minne om kristningsferda til Olav Trygvason, dannar scene for framføringa.

Roger Hilleren spelar rolla som storbonden Rangvald frå Ervik, og Mikkel Gaup spelar Gunnar Raud, sonen til Rangvald. Gunnar er den bortkomne sonen som uventa dukkar opp, full av hat og bitterheit mot faren. Hans heidenske overtyding står i sterk kontrast til det den fredsæle, men også sterke mora, Sigrid, kjempar mot. I møte med barndomskjærasten Astrid, syner Gunnar at også han har ei mjuk side.

Ansvarleg for spelet i 2009 er Stadlandet Ungdomslag. Laget fortel at Rolf Ljosnegård skreiv dette spelet etter at historia om Rangvald og Raud vart henta frå Flatøyboka og oversett frå islandsk til norsk av Dagfred Berstad. Dragseidspelet ”På Sverdeggja” har såleis brei bakgrunn i historiske materiale, og persongalleriet er i stor grad historiske personar.

Stadlandet Ungdomslag ser fram til at mange legg planar for ein tur på Dragseidet no i pinsa (to forestillingar: laurdag 30. og søndag 31. mai).

Ørsta Sogelag vonar at mange melder seg på den planlagde fellesturen på søndag 31. mai. Påmeldinga må gjeras til kasserar Kåre Opsahl innan fastsett frist. (Sjå annonsen elles i avisa).

Som ved tidlegare turar, møtest alle påmelde i Kyrkjegata ovanfor Svendsengarden, og derifrå vert det samordna køyring til Leikanger på Stad.  Av trafikkale omsyn tek bussar oss derifrå opp til speleplassen.

Vi ønskjer alle sogelagsmedlemer og andre interesserte vel møtt!

Ørsta Sogelag, 18. mai 2009
Bjørn Krøvel/skrivar