Ørsta Sogelag på seinsommartur til Bjørke

Styret i Ørsta Sogelag har planlagt ein sommartur til Bjørke søndag 21. august. Denne bygda i botnen av Hjørundfjorden, omkransa av majestetiske høge fjell, grøne lier og fossande elvar, er mellom dei vakraste stadane i landet.

Dei mange gjenstandane frå steinalder og mellomalder som er funne i jorda her inne, viser at det midt i denne storslåtte naturen har budd folk i uminnelege tider. Bjørke er også ei av bygdene i Noreg der det finst flest mellomalderhus. Dette kan stadfestast etter vitjing m.a. i det gamle gardstunet Bakkegarden på Åkre, Tingstova og Tuestova, ein husmannsplass med postopneri frå 1500-talet.

Her er også eit kvernhus og eit stabbur som gardsmuseum, ei interessant naustrekkje frå middelalderen og ei gamal sag.  Bakketunet er freda sidan det er det eldste og mest komplette gardstunet på Sunnmøre.  Det er berre tun i Setesdalen som er eldre. Mykje arbeid er lagt ned i restaurering dei siste 20 åra, og tunet vart opna for besøkjande sommaren 2010. Kvar sundag er tunet ope for alle – også med middagsservering.

Mange arrangement har alt funne stad i Bakketunet, m.a. kunst og handverkutstillingar, og mange har funne vegen hit,  t.d. i høve Naturfestivalen, jf dei mange oppslaga i media den seinare tid.  Landhandelen, Jo-buda, som er frå førre hundreårsskiftet er nyst restaurert, og det er her teke vare på ting fram til 80-talet. Bygda har ei fin, lita kyrkje som også har si spesielle historie.

Deltakarar på Ørsta Sogelag sin sommartur til Bjørke neste søndag vil oppleve det meste av alt dette. Vi har lagt opp til at alle først får orientering og omvising i Bakketunet med servering av brennsnut, kaffi og kaker. Så ser vi oss om, og kanskje handlar i Antikk-låven like ved. Etterpå følgjer omvising i kyrkja, Jo-buda og Notanaustet. Berta og Einar Saure har lova å vere omvisarar.

Turen vert som tidlegare arrangert som fellesskyss i privatbilar med avreise frå Kyrkjegata ovanfor Svendsengarden. Vi gler oss til denne søndagen, viser til annonsen elles i avisa og ønskjer vel møtt til alle medlemer og andre interesserte.

Styret i Ørsta Sogelag, 13. aug. 2011

  • Anne-Mari Øyehaug, leiar
  • Kåre Opsahl, kasserar
  • Bjørn Krøvel, skrivar