Tur til Indre Herøy kyrkje og den gamle prestegarden i Stokksund

Med Ørsta Sogelag på tur til Indre Herøy kyrkje og den gamle prestegarden i Stokksund

I fint solskin og godt ver reiste 32 deltakar frå Sogelaget i Ørsta søndag 29. august på biltur til Indre Herøy kyrkje og prestegarden i Stokksund. Etter gudstensta vart det orientering og omvising i kyrkja av tidlegare sokneprest Arne Ørstavik, no busett i Ørsta.  Han fortalde svært interessant om kyrkja si historie fram mot bygginga i 1916 – og kom også inn på den fine symbolikken i utsmykkinga av kyrkja, m.a. i den vakre målarkunsten utført av kunstnaren Lars Kinsarvik. (2-3 bilde av kyrkja inne).

Etter gudstenesta og omvising i kyrkja spaserte deltakarane til den gamle prestegarden i Stokksund tett ved. Der vart alle svært godt mottekne av dei noverande eigarane, Beate Moltubakk Ørstavik og Ivar Ørstavik, svigerdotter og son til Arne.  Kvar einskild vart ønskt vel møtt av vertskapet. (1 bilde frå mottakinga utanfor huset).

Den vakre bygninga fekk ”Godt vern-prisen” i 2004. Grunngjeving for prisen var mellom anna at prestegarden i Stokksund har ei lang og innhaldsrik historie. Hovudhuset vart sett opp i 1823, men vart seinare påbygd – og i 1882 stod det fram slik det gjer i dag. I 1972 vart det bygd ny prestebustad. Den gamle var eit trist syn. Kyrkjearkitekten i departementet skreiv m.a. at ”Huset går sakte men sikkert sin undergang i møte”. Korkje kommune eller historielag kunne ta på seg restaurering og vedlikehald. Resultatet vart at presten og kona hans (Arne og Liv) sjølve kjøpte garden. Medan dei budde i den nye prestebustaden, arbeidde dei i all si fritid på det gamle huset og løa. Mellom anna vart eterniten på taket erstatta av panner, og vindauga fekk den opphavlege utsjånaden att. Alt arbeidet vart gjort med stor respekt for huset og tunet. (1 bilde av huset ovanfrå).

I høve besøket frå Ørsta var dei mange stovene i prestegarden svært vakkert og pynta. Alle fekk sjå seg rundt i romma og vertskapet serverte god kaffi og eplekake. (2 bilde innanfrå). Frå trappa på nedsida / sjøsida av stova fortalde Arne Ørstavik om det noko strevsame arbeidet, ofte mot mydigheitene,  med å redde tunet og den gamle prestegarden frå forfall og bortregulering. I dag er han glad for at han i si tid stod på for dette – og at garden har vorte ein så fin kulturstad på Sunnmøre (1 bilde av Arne på trappa).

Arkitekt Roald Sporstøl fortalde om den spanande soga til prestegarden i Stokksund heilt frå den første etableringa i 1759.  Han skildra huset og garden si kulturhistoriske betydning – og spesielt tida til prost Thoresen, kona Magdalene og dottera hans, Suzannah (seinare gift med Henrik Ibsen). Ho hadde sin  barndom på denne staden. Det kulturelle, økonomiske og politiske nettverket til prost og stortingsmann Thoresen, både i Stokksund og seinare i Bergen i denne tidsperioden, var svært stort. Også Ivar Aasen budde her i to år (1833-1835), i lære hjå Thoresen (1 bilde av Roald Spørstøl på trappa)

Leiar i Ørsta Sogelag, Anne-Mari Øyehaug, takka vertskapet for den svært fine mottakinga. Dei sette stor pris på besøket frå Ørsta. (1 bilde av Anne-Mari, Beate Moltubakk Ørstavik og Ivar Ørstavik).

 BK